Vinjestoga
Foto: Vest-telemark museum

Vinjestoga

Aasmund Olavsson Vinje blei født 6. april 1818 i Vinje og vaks opp på Vinjestoga.

Framleis står mykje av interiøret att frå den tida då Aasmund og familien hans budde i Vinjestoga. Her er mellom anna seng, bord og stolar, samt bjølla som Lykle, mor til Blåmann truleg bruka. Noko har komme til i seinare tid, til dømes skrivepulten Aasmund bruka då han jobba i Justisdepartementet. Andre gjenstandar er ei skreppe og ei kiste, samt eksemplar av ”Dølen” – Vinjes eige tidsskrift, samt diverse brev og skrifter.

Omvisarar er Anne T. Romtveit og Rebecca Egeland

Prisar:

Vaksne80
Honnør / student60
Barn (6-16 år)40
Familie (to vaksne og to barn)200
Gruppe (minimum 10 pers.)60

Eit godt tips er å kle seg godt, då det kan vere kaldt i stoga.

Ta kontakt med Vinje-senteret for gruppeomvising utanom sesong. Skular og andre grupper kan utanom sesongen bestille omvising, forteljing og song av folkemusikar Aasmund Nordstoga her ved Vinjestoga.