Utlysing Vinje-fondet 2019

Vinje-fondet skal styrkje nynorsk journalistikk og anna publisistisk verksemd på nynorsk, og medverke til større rekruttering av nynorskbrukande journalistar.

Fondet skal gjere det lettare å vere nynorskbrukar, vere med og gjere nynorsk til eit sjølvsagt språk i alle typar media, og stimulere utgivarar og redaktørar til å engasjere og tilsetje fleire nynorskbrukarar i ulike media. Prosjekt i skriftlege medium blir prioriterte, med jamstilling mellom papirmedium og digitale format.

Vinje-fondet prioriterer tiltak som er handlingsretta og som gjeld domene, sjangrar, medium der nynorsk er lite brukt og som når ut til mange lesarar.

Nynorsk kultursentrum forvaltar støtteordninga på oppdrag frå Kulturdepartementet. Alle søknader blir vurderte av eit uavhengig fagråd, og etter innstilling frå fagrådet gjer styret i Nynorsk kultursentrum endeleg vedtak i juni.

I år kan over 1 000 000 kroner fordelast på gode prosjekt.

Søknadsfrist 15. april 2019.

Meir informasjon hos direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark, tlf. 70 04 75 75

 

Søknadsskjema Vinje-fondet 2019 (word)

Søknadsskjema Vinje-fondet 2019 (pdf)

Retningslinjer for Vinje-fondet (pdf)