Vinje-helg i Oslo

Vinje-helg i Oslo

Det Norske teateret, Det Norske Samlaget, Vinje kommune, Nynorsk kultursentrum, Folkeakademiet og mange, mange fleire feirer 200-års jubileum for A.O. Vinje i Oslo helga 26.-28. oktober, med konsertar, kåseri, teater og kortreist mat frå Telemark.

Vinje-helg i Oslo 26.–28. oktober 2018

LAURDAG 27. OKTOBER

18.18-19.30 Aulakonsert: Vinjejubileum

Kultur- og velferdsutvalget ved UiO inviterer til en spennende konsert i forbindelse med at det i år er 200 år siden Aasmund Olavsson Vinje ble født. Det blir kåseri ved Jon Haarberg og musikk spesialskrevet til jubileet.

LAURDAG 27. OKTOBER

11.30–17.00 Landsrådsmøte Noregs Mållag og Landsrådsmøte Noregs Ungdomslag

14.00–14.30 Blåmann Foajeen i Det norske Teatret. Arrangør: Folkeakademiet

13.00 A. O. Vinje 200 år. Litteraturhuset, Oslo.

Ane Farsethås og Morten Søberg i samtale med Alfred Fidjestøl. Arrangør: Det Norske Samlaget

18.00–19.30 Vinje-kveld i Det norske Teatret

Kr 200 – billettar i teateret

- Eit menneske og ikkje noko daudt blad

I år er det 200 år sidan diktaren, journalisten, kritikaren, språkforkjemparen og folketalaren Aasmund Olavsson Vinje blei fødd. Gjennom fleire hundre dikt, artiklar, reportasjar og essay i bladet Dølen og ikkje minst i den fantastiske reiseskildringa Ferdaminne, la han grunnen for nynorsk som levande bruksspråk og gav oss ein usliteleg songskatt med tonar av våre fremste komponistar – deriblant Grieg. Under festkvelden på Det Norske Teatret vil fem av teaterets skodespelarar belyse ulike sider av mennesket Vinje. Eit eige husband på scenen vil akkopagnere dei mange songane Vinje har skrive tekstane til, som til dømes Ved Rondane og Blåmann. 

Lag og institusjonar over heile landet feirar livsverket hans. Festkvelden på Det Norske Teatret med teaterets eigne krefter markerer slutten på ei jubileumsveke i Oslo. Ein kvartett vil i lag med skodespelarar frå teateret framføre dikt med og utan tonefølge, utdrag frå artiklar, reiseskildringar og prosatekstar.

Arrangør: Det norske Teatret

20.00 Kafé Løve Tapas, bobler og underhaldning. Storegut-tapas med villrein frå Haukeli.

Vertskap: Vinje kommune

SUNDAG 28. OKTOBER
09.30–15.00 Landsrådsmøte Noregs Mållag og Landsrådsmøte Noregs Ungdomslag