Stanghelle skule vann Blåmann-konkurransen
7. klasse ved Stanghelle skuleFoto: Camilla Ruhs

Stanghelle skule vann Blåmann-konkurransen

7. klasse ved Stanghelle skule vann videosong-konkurranse med ein musikkvideo som tek «Blåmann, Blåmann, bukken min» inn i vår tid.

Jubelen stod i taket då 7. klasse ved Stanghelle skule fekk beskjeden om at dei hadde vunne Blåmann-konkurransen til Framtidajunior.no og Vinjesenteret. Blåmann-konkurransen er ein del av markeringa av 200-årsjubileet for den store diktaren og journalisten Aasmund Olavsson Vinje.

Barn frå heile landet har sendt inn fleire flotte songvideoar av at dei syng «Blåmann, Blåmann, bukken min». Men éin video skilde seg ut:

Stanghelle skule vann Blåmann-konkurransen
Glade vinnarar av konkurransen. Foto: Camilla Ruhs

– Videoen til Stanghelle skule var svært gjennomarbeidd og fin, og skil seg ut med å ta Vinje inn i vår tid med bruk av moderne teknologi, seier redaktøren i Framtidajunior.no, Svein Olav Langåker.

Vinje var sjølv opptatt av ny teknologi då han skreiv i avisa Dølen som han starta for 160 år sidan. Redaktøren i Framtidajunior.no delte ut prisen som ei overrasking under eit aviskurs for 5., 6. og 7.klasse ved skulen fredag. Førstepremien er 2000 kroner og eit klassesett av papiravisa Framtida Junior.

Andreplass går til 6., 7. og 8. klassingane ved Midsund skule og tredjeplassen går til 1.-7.klassingane ved Enge skule. Begge desse skulane får seg eit klassesett med Framtida Junior.