Solveig Prestegard vert museums- og festivalsekretær
Foto: privat

Solveig Prestegard vert museums- og festivalsekretær

Vinje-senteret aukar staben frå 1. april. Solveig Prestegard skal gjennomføre kulturprogrammet, Litteraturdagane i Vinje og bidra til å etablere Vinje-senteret for dikting og journalistikk.

– Eg er glad for at styret prioriterer å satse på Vinje-senteret og etablerer stilling nummer to i Vinje. Solveig Prestegard kjem til å bidra til at vi skipar ein nasjonal institusjon som er godt forankra i Vest-Telemark, seier dagleg leiar for Vinje-senteret Kristian W. Rantala.

– Dette er ei spennande og utfordrande stilling som eg gledar meg til å ta fatt på. Eg ser fram til å få vere med og utvikle ein ny og innhaldsrik kulturinstitusjon i Vest-Telemark. Særskilt gledar eg meg til å løfte fram og formidle den nynorske kulturarven og nynorsk journalistikk, mellom anna gjennom Litteraturdagane i Vinje, seier Prestegard.

Solveig Prestegard arbeider som advokat hos advokat Olav Felland, og har vore der som fullmektig og advokat sidan 2013. Tidlegare har ho vore juridisk rådgjevar i Clean Energy Invest i Georgia, advokatfullmaktig hos Advokatfirmaet Lund og co, vitskapleg assistent ved Universitetet i Oslo og kontorsjef og dagleg leiar i lokalmatnettbutikken Kaupa AS. Ho har òg vore tilsett i Norsk bonde- og småbrukarlag, og hatt sekretariatsfunksjonar for Utmarkskommunesamanslutninga og Landssamanslutninga for vasskraftkommuna.

Prestegard har master i rettsvitskap, og held på med vidareutdanning i norsk ved Universitetet i Søraust-Noreg. Ho har òg vore sentralstyremedlem i Natur og Ungdom, styremedlem i Juristmållaget og styreleiar i Utviklingsfondet.