Samrøystes storting stør Vinje-senteret

Samrøystes storting stør Vinje-senteret

Alle partia på Stortinget røysta i natt for å løyve 8,4 millionar kroner til å byggje Vinje-senteret for dikting og journalistikk. Samstundes meiner ein samla familie- og kulturkomité at Vinje-senteret treng meir pengar til drift.

 

Stortinget ser behov for auka midlar til drift

Alle partia i familie- og kulturkomiteen på Stortinget har slutta seg til ein merknad der dei syner behovet for auka støtte til drift av Vinje-senteret:

«Komiteen viser til satsingen på bygging av nytt Vinje-senter for dikting og journalistikk i Vinje. Dette er en svært positiv satsing som skal dokumentere saksfelt ingen andre museer i dag dekker – romaner og noveller på bokmål og nynorsk, fortellinger om journalistikk som ingen andre har formidlet før, og forholdet mellom dikting og journalistikk. Midlene satt av til å etablere en avdeling av Nynorsk kultursentrum i Vinje i 2017, basisutstilling i 2018 og bygg i 2019 er avgjørende for å kunne realisere prosjektet. Komiteen vil likevel påpeke at Vinje-senteret bare har én fast ansatt, og at midler til drift ikke har økt i takt med midlene til utstilling og bygg. Videre utvikling av innholdet vil være avhengig av at det også fremover settes av friske midler til drift.»

Byggjestart i 2019

Fylkestinget i Telemark vedtok samrøystes, etter eit omforeint framlegg frå alle partia i fylkestinget (Ap, FrP, H, KrF, MDG, Sp, SV, V og Raudt) 5. desember 2018, å løyve 2 millionar kroner til investering i Vinje-senteret. Vinje kommune gjer endeleg vedtak i kommunestyremøtet 13. desember 2018, men formannskapet innstilte samrøystes å setje i gang byggjestart i 2019. 

Les meir om kva Vinje-senteret skal bli i prosjektplanen.