Grunnsteinen til Vinje-senteret lagt ned
Foto: Hege Lothe

Grunnsteinen til Vinje-senteret lagt ned

Det nye museumsbygget i Vinje skal stå ferdig i løpet av 2020, og opne med komplett publikumstilbod i 2021. Fredag blei grunnsteinen lagt ned av forfattardebutant Oda Malmin og journalist Espen Moe Breivik.

– Dette er ein av dei viktigaste milepålane i arbeidet med etableringa av Vinje-senteret, seier dagleg leiar for Vinje-senteret Kristian W. Rantala. – Nedlegginga av grunnsteinen er ei symbolsk markering for byggeprosessen som tek til no i juni, og som skal vere ferdig i midten av 2020.

Sjølve grunnsteinen var ikkje ein stein, men ein tidskapsel i form av eit skrin. Skrinet inneheld aviser frå nedleggingsdagen, ei nynorskbok, ei bokmålsbok og kommunestyrevedtaka der Vinje kommune vedtok å byggje Vinje-senteret.

Ordførar Jon Rikard Kleven i Vinje kommune gleder seg til å vere vertskommune for dette nasjonale senteret for dikting og journalistikk, og vonar det blir ein bærebjelke for nynorsken i den nye regionen – I dag sett vi ned grunnsteinen til Vinje-senteret. Vi plantar eit frø. Det har vore ei fin reise fram til no, men det er no spenninga startar for alvor: Å sjå kva som veks opp på denne tomta der Aasmund Olavsson Vinje tråkka sine barnesko. Visjonen er stor, og eg trur vi kjem til å lukkast fordi vi har ein så god samarbeidspartnar i Nynorsk kultursentrum. Og vi har Telemark fylkeskommune og Staten i ryggen, seier ordførar Kleven i Vinje kommune.

Nynorsk kultursentrum er det største litterære museet i Norden og det eldste språkmuseet i verda. 21 faste stillingar driv ulike tiltak som på ulike vis bidreg til å dokumentere, formidle og forvalte nynorsk skriftkultur. Fagmiljøa i Aasen-tunet, ved Hauge-senteret og Vinje-senteret utfyller kvarandre. Den geografiske avstanden er stor, men den faglege er kort.

– Nynorsk kultursentrum er i dag med på å leggje grunnlaget for vår fjerde nasjonale kulturinstitusjon i det tredje fylket i den andre landsdelen. Noreg er eit land med mange kultursentrum. Journalistikken og diktinga er fornya for alltid fordi nokon i og frå Vinje ein gong gjorde noko. Det er noko unikt med Noreg at landet og kulturen har blitt prega og endra av alle kantar. Det gleder vi oss til å formidle, seier direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Grunnsteinen til Vinje-senteret lagt ned
Dagleg leiar Vinje-senteret Kristian W. Rantala, ordførar Vinje kommune Jon Rikard Kleven og direktør Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark