Forfattarar skriv nye tekstar om A.O. Vinje
Foto: Finn E. Våga, Stavanger Aftenblad

Forfattarar skriv nye tekstar om A.O. Vinje

– Vinje-senteret har invitert ei rekkje forfattarar til å skrive nye tekstar til eller om 200-årsjubilanten A.O. Vinje. Først ut er Kjartan Fløgstad med tre oppsongar, fortel dagleg leiar Kristian W. Rantala i Vinje-senteret.

Kvar dag ei heil veke frametter kjem nye tekstar på Vinjesenteret.no. Ein av dei er eit essay av Vinje frå 1863 som først no blir utgitt på norsk.

– Vi tok dette initiativet fordi vi ville feire jubilanten med det han sjølv skapte, nemleg originale tankar og stor kunst, seier Rantala. Dei tre første står Kjartan Fløgtad, Gunnar Skirbekk og Morten Søberg for, og med det kjem både skjønnlitterære forfattarar og sakprosaforfattarar til orde.

Dei tre nye songane til Fløgstad heiter Steinbukkestev, Blandemaskinkor og Sandharpesong. Den sistnemnde blei urframført av Tom Roger Aadland då programmet for Vinje-jubileet blei presentert 1. februar.

Gunnar Skirbekk har skrive eit lite essay om boka A Norseman’s Views of Britain and the British som Vinje gav ut i Edinburgh 1863. Etterordet i boka om den norske språksituasjonen kom ikkje med då boka blei omsett til norsk i 1873. No har Ottar Grepstrad omsett stykket og skrive eit essay om det heile.

Morten Søberg har reist til Vinje og leita fram essayistiske tankegangar om kultur og nynorsk. Med i rekkja av nye tekstar er også historia om Vinjerommet på Gran, staden der Vinje døydde i 1870. Journalist Jørgen Mathisen voks opp der og har skrive ei familiehistorie om korleis to generasjonar Mathisen har teke vare på dette kulturminnet.

– I tillegg til all denne gode påskelektyren publiserer vi tekstar av eit dusin forfattarar på Vinjesenteret.no utover våren og sommaren, fortel Kristian Rantala. 

Nye Vinje-tekstar på Vinjesenteret.no

21.3. Kjartan Fløgstad: Tre oppsongar
22.3. A.O. Vinje: Den norske språksituasjonen
22.3. Ottar Grepstad: Då Vinje såg Noreg utanfrå
23.3. Gunnar Skirbekk: Vinje – hyperaktuell
24.3. Morten Søberg: Vinje, Telemark (ei reiseskildring)
25.3. Livstavle for A.O. Vinje 1776–1932
26.3. A.O. Vinje: Kort Oversigt over mit Liv
27.3. Jørgen Mathisen: Vinjerommet på Gran

Nye tekstar av og om Vinje