Byggjestart for Vinje-senteret i 2019
Foto: Sunniva Lund Osdal

Byggjestart for Vinje-senteret i 2019

På åtte dagar har politikarane i Vinje, Telemark og på Stortinget løyva 31 millionar kroner til å byggje Vinje-senteret for journalistikk og dikting. – Nynorsk kultursentrum er svært glade for at politikarane tør å satse på ein nasjonal kulturinstitusjon i Telemark, seier direktør Per Magnus F. Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.

Vinje kommune tek stort ansvar

Eit overveldande fleirtal i Vinje kommune vedtok 13. desember å ta ansvar for og byrje å byggje om Vinjar skule til Vinje-senteret for journalistikk og dikting. Kommunen auka samstundes driftstilskotet til Nynorsk kultursentrum til over 1 million kroner, i tråd med samarbeidsavtalen. 

– Vinje er ein engasjert og føreseieleg vertskommune. Det har dei vist heile tida vi har samarbeidd med dei, og det er det som gjer at vi tør å satse på Vinje-senteret. Styret i Nynorsk kultursentrum vedtok tidlegare i månaden å nytte meir av våre eigne midlar på drift av Vinje-senteret, slik at vi sikrar framdrifta i prosjektet. Det gjer vi fordi Vinje kommune stiller opp og syner på alle måtar at dette vil dei, seier Sandsmark.

Fylkeskommunen er med på laget

4. desember vedtok eit samrøystes fylkesting å løyve 2 millionar kroner til bygget. Frå før av gir dei eit driftstilskot til senteret. – Fylkeskommunen syner at dei forstår at Vinje-senteret er viktig for Noreg, og dermed viktig for Telemark. Eit senter som formidlar rolla journalistikken speler i samfunnet og som ser på kva plass diktinga har i kulturen vår er unikt og viktig. Institusjonen kan byggje fellesskap, medvit og ny interesse for dikting og journalistikk, seier Sandsmark. 

Samrøystes i Stortinget

Også Stortinget vedtok samrøystes å løyve midlar til bygget. Alle partia støtta framlegget frå kulturminister Trine Skei Grande om å løyve 8,4 millionar til byggjeprosjektet. Staten er òg inne med driftsmidlar. Ein samla familie- og kulturkomité har skrive dette i innstillinga til kulturbudsjettet:

«Komiteen viser til satsingen på bygging av nytt Vinje-senter for dikting og journalistikk i Vinje. Dette er en svært positiv satsing som skal dokumentere saksfelt ingen andre museer i dag dekker – romaner og noveller på bokmål og nynorsk, fortellinger om journalistikk som ingen andre har formidlet før, og forholdet mellom dikting og journalistikk. Midlene satt av til å etablere en avdeling av Nynorsk kultursentrum i Vinje i 2017, basisutstilling i 2018 og bygg i 2019 er avgjørende for å kunne realisere prosjektet. Komiteen vil likevel påpeke at Vinje-senteret bare har én fast ansatt, og at midler til drift ikke har økt i takt med midlene til utstilling og bygg. Videre utvikling av innholdet vil være avhengig av at det også fremover settes av friske midler til drift.»

– Stortinget forstår kva Vinje-senteret kan bli, og dei sørgjer for at det blir byggjestart i 2019. Samstundes syner dei at dei ser behovet for auka midlar til drift. I løpet av dei neste året får dei fleire høve til å syne at dei meiner det i praksis, vonar Sandsmark.

Bygg i 2020 og utstilling i 2021

– Gitt at vi får finansiert innhaldet i senteret er målet å opne bygget i 2020 og at utstillinga kan vere klar i 2021. Vi søkjer midlar hos fleire aktørar, og dersom det finst nokon som gjerne vil støtte senteret er telefonen på og døra open hos meg, seier direktør Per Magnus F. Sandsmark.

Mest av alt handlar arbeidet Nynorsk kultursentrum gjer med Vinje-senteret om å planleggje framtida, men medan vi ventar på bygget og fullfinansiering av utstilling og drift, lanserer Vinje-senteret i romjula meldingsbladet Dølen. – Der fortel vi korleis vi arbeider med å skape innhald i senteret, og vi presenterer vårt aller første vårprogram, som vil innehalde både dikting og journalistikk, avsluttar Sandsmark.