400.000 i tilskot til barn og unge
Foto: Terje Skåre

400.000 i tilskot til barn og unge

Sparebankstiftelsen DNB har løyvd 400.000 kroner til utvikling av barne- og ungdomstilbodet i basisutstillinga ved Vinje-senteret for dikting og journalistikk

– Vi har heile tida tenkt full integrering av barne- og ungdomsperspektiv i tilboda ved senteret, og denne fantastiske gåva sikrar dette, seier dagleg leiar ved Vinje-senteret Kristian W. Rantala. Kulturdepartementet og Fritt Ord har tidlegare løyvd til saman 2 millionar til innhald på senteret. – Desse bidraga stadfestar at vi er i rute med arbeidet, og markerer viktige steg mot realiseringa av senteret, seier Rantala.

Tidlegare i vår blei grunnsteinen Vinje-senteret for dikting og journalistikk lagt ned på Vinjar. Byggjeprosjektet er budsjettert til 26,3 millionar, og senteret opnar etter planen i 2021.

Utstillinga vil særleg leggje vekt på journalistikk og kjeldekritikk for barn, og grunntekstane skal vera tilpassa ungdom og unge vaksne. Mange av dei digitale aktivitetane i utstillinga blir også tilgjengelege på internett frå og med utstillingsopning, og fleire utarbeidde opplegg for skular vil følgje med. Innhald og aktivitetar i utstillingsplanen vil bli testa ut på ulike skulesteg i Vestfold, Telemark, på Sunnmøre og Voss til hausten.