Om Vinjestoga

Aasmund Olavsson Vinje var fødd på Uppistog Vinje. Familien flytta til husmannsplassen Evja då han var seks år gamal. Denne staden er seinare blitt heitande Plassen og der står Vinjestoga.

Stoga er bygd i 1824, året då dei busette seg på Plassen. Vinjestoga er ein typisk husmannsplass, inventaret er det originale. 

Garden der Vinjestoga står er i privat eige. Det var bondeungdomslaget i Oslo og Ungdomslaget Samhold i Vinje som i si tid eigde og forvalta Vinjestoga. Den 19. juni 1904 tok Vinje kommune over bygningen. Overtakinga blei markert med folketog frå Vinje kyrkje til Vinjestoga, og her har ein teke mot gjester sidan 1912.

I 2017 byrja Vest-Telemark museum ein omfattande restaurering av Vinjestoga. Restaureringa var ferdig til feiringa av A.O. Vinjes 200-års jubileum 6. april 2018. 

Nynorsk kultursentrum tok formelt over ansvaret for formidlinga av Vinjestoga 1. januar 2018.

Norsk kulturarv har tildelt Vinjestoga Olavsrosa, kvalitetsmerke for «bærekraftig bruk av den nasjonale kulturarven».

Foto av Vinjestoga.