Fuglane og Is-slottet omsett til tysk av Hinrich Schmidt-Henkel. Foto: Guggolz forlag

Vesaas og verda

Å setje om Tarjei Vesaas sine tekstar til eit framandt språk er spesielt krevjande. Mange utfordringar ventar den som skal gjera jobben. 

 

Det gjeld ikkje berre stilen til Vesaas, men også ordforråd, grammatikk, språklege bilete, metaforar, kulturreferansar, nyansar og så mykje meir. Viss du skal setje Fuglane om til japansk, fransk, tysk eller spansk, kva gjer du med eit ord som vêrmål? Kva gjer du med setningar som tvers gjennom tvers?

 

Kvart språk har sine eigne eigenskapar, og dermed sine eigne utfordringar til omsetjarane.

 

Til Litteraturdagane kjem omsetjarane Anne Peters (til japansk), Kirsti Baggethun (til spansk), Marina Heide (til fransk) og Hinrich Schmidt-Henkel (til tysk)

Oliver Møystad (frå NORLA – Norwegian literature abroad) skal leie samtala om Vesaas og verda.

 

Dei skal diskutere arbeidet ved to ulike høve i Litteraturdagane-helga. Fyrst i ei samtale på dagprogrammet laurdag i Edland og så sundag i eit lukka seminar på Midtbø. Der vil dei òg få vera med på ei omvising ved Guri og Olav Vesaas.