Velkomen til Litteraturdagane og opninga av Vinjesenteret

Odd Nordstoga under Litteraturdagane 2018. Foto: Skjalg Ekeland

Gjer som Odd og Stein Torleif – bli med på festival og feiring!
Den siste helga i august inviterer Nynorsk kultursentrum til Litteraturdagane og opningsfest på Vinjeflaten. Denne sommaren opnar Vinjesenteret for dikting og journalistikk. Dette skal markerast på skikkeleg vis under Litteraturdagane.

– Me gler oss til opninga av både Vinjesenteret og Litteraturdagane, og til alle dei fine arrangementa, utstillingane og aktivitetane me skal jobbe med i tida som kjem etter opninga, seier arenaleiar Kristian W. Rantala.

Vinjesenteret feirar altså to store hendingar i ei innhaldsrik helg både innandørs og utandørs, med trygge rammer og godt smittevern.

For at flest mogleg skal kunne vera med på opninga av Vinjesenteret, blir det sett opp ei stor utescene. Her blir det opningsprogram med dikting, journalistikk og musikk fredag kveld og fleire konsertar laurdag kveld. Forfattarar som Agnes Ravatn og Brit Bildøen kjem til Litteraturdagane. Odd Nordstoga og Stein Torleif Bjella er blant artistane som skal underhalde publikum.

Festivalprogrammet på dagtid skjer på Vinjar fredag og på Edland laurdag, der Storegutprisen blir delt ut.

På uteområdet ved Vinjesenteret blir det servert mat og drikke på koronavenleg vis. Det blir òg høve til å ta turen inn i senteret og sjå utstillinga om dikting og journalistikk.

Billettar kan du kjøpe på litteraturdagane.no