Vesaas, Tarjei -ingress- foto Leif Ørnelund-digitalt museum
Tarjei Vesaas. Foto: Leif Ørnelund / Oslo Museum, lisens CC BY-SA 4.0.

Tarjei Vesaas

Tarjei Vesaas var den første norske vinnaren av Nordisk råds litteraturpris. 

Tarjei Vesaas var fødd i Vinje i Telemark 20. august 1897. Då han døydde i 1970 hadde han skrive 38 bøker. No er han omsett til mange språk. Han har skrive både dikt, romanar, noveller og skodespel.  

Blant dei viktigaste bøkene hans er romanane Det store spelet (1934), Kimen (1940), Huset i mørkret (1945), Fuglane (1957), Brannen (1961) og Is-slottet (1963)I mange av romanane hans er isolasjon og einsemd heilt sentralt. Han skriv både realistisk og symbolsk. Blant andre tema som går att er angst, menneskelege relasjonar og krigsmotstand.  

Tarjei Vesaas vann i 1964 Nordisk råds litteraturpris som første nordmann. Prispengane dannar grunnlaget for Tarjei Vesaas’ debutantpris. Sånn sett har diktargjerninga hans vore med på å skyte fart i mange ulike forfattarskap for ettertida.  

kjelder

Kenneth G. ChapmanHovedlinjer i Tarjei Vesaas’ diktning, Oslo 1969 
Steinar Gimnes: «Tarjei Vesaas», NBL, lesedato 3.12.2019
Idar Stegane: «Tarjei Vesaas», allkunne.no, lesedato 3.12.2019 
Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Oslo 2018

Denne teksten er publisert med lisensen CC-BY-SA. Bruk gjerne denne teksten, men skriv at denne sida er kjelda.