Bilete av Kristin Person og Line Omland Eilevstjønn
Kristin Person (til venstre) er tilsett som utstillingsansvarleg og Line Omland Eilevstjønn som digitalformidlar ved Vinje-senteret. Foto: Gudrun Semons, Lars Bilit Hagen

Staben er komplett

Vinje-senteret for dikting og journalistikk har tilsett utstillingsansvarleg og digitalformidlar og er i rute til opninga hausten 2021.

Kristin Person frå Edland er tilsett som utstillingsansvarleg. Ho har bakgrunn som grafikar og journalist, og arbeider no som web- og kommunikasjonsmedarbeidar for rehabiliteringssenteret AiR. Line Omland Eilevstjønn frå Vinje er tilsett som digitalformidlar og har bakgrunn som journalist ved Vest-Telemark Blad og arbeider no i eit vikariat for Nationen.

Som utstillingsansvarleg skal Person arbeide med å utvikle vandreutstillingar og formidlingsopplegg knytt til fagfelta ved Vinje-senteret og Nynorsk kultursentrum.

– Formgjeving og formidling har alltid vore ein viktig del av meg og arbeidsdagen min. At eg no kan få bruke den erfaringa og kunnskapen til å lage spennande lokale og nasjonale utstillingar gjer meg både stolt og glad. Dette trur eg rett og slett blir moro, seier Kristin Person. 

Line Omland Eilevstjønn skal utvikle den digitale formidlinga av dikting, journalistikk, nynorsk skriftkultur og kultur. – Eg kan nesten ikkje tru at eg har fått moglegheita til å forme ei så spennande stilling i eit så spennande prosjekt – i bygda som bur i hjartet mitt. Eg gler meg stort til å arbeide med den digitale formidlinga ved Vinje-senteret, seier Eilevstjønn. 

– Eg er særs godt nøgd med dei to nye tilsette, som både har kompetansen vi treng no i innspurten av etableringa av Vinje-senteret, og erfaringa vi treng for å drive senteret vidare, seier dagleg leiar for Vinje-senteret Kristian W. Rantala.

Vinje-senteret er eit forskings- og formidlingssenter under etablering i Vinje i Vest-Telemark. Nynorsk kultursentrum er eigar, og realiserer senteret med private og offentlege midlar. Bygget skal stå ferdig sommaren 2020, og senteret opnar med fullt publikumstilbod hausten 2021. – Stat, fylke og kommune er i rute med opptrappinga av driftsmidlane, og vi får med desse løyvingane på plass komplett stab her i Vinje i løpet av sommaren, avsluttar Rantala.