Omvising i Vinjestoga

Omvising i Vinjestoga får du av vertane på Vinjesenteret. Du parkerar på Vinjesenteret og kjøper billetten i museumsbutikken der. 

I tillegg til den ordinære omvisinga kan ein tinge omvising med Aasmund Nordstoga eller Anne T. Romtveit. 

Aasmund Nordstoga

Aasmund Nordstoga syng og fortel om livet til Aasmund Olavsson Vinje. 

Anne T. Romtveit

Anne T. Romtveit frå Vinje formidlar livssoga til Aasmund Olavsson Vinje på nært og levande vis, slik ho har gjort i mange sesongar. 

Ho fortel om Aasmund sine nære band til foreldre og syskjen, om skulegang og arbeidsliv, reiser, kjærastar og mangel på dette. Korleis gjekk det med Aasmund, blei han gift, finst det etterkomarar? 

For meir informasjon om innhaldet i omvisinga kan du kontakte Anne på telefon 906 16 209.