Aasmund Olavsson Vinje

Kort om Aasmund O. Vinje

Aasmund Olavsson Vinje var journalist, diktar og essayist. Han var på mange vis den første nynorskforfattaren og har i dag ein rockefestival kalla opp etter seg. 

Aasmund Olavsson Vinje er fødd 6. april 1818 i Vinje og døydde 30. juli 1870 på Gran på HadelandHan var husmannssonen som først blei lærar, deretter jurist og som i ettertida er mest kjend som journalist og forfattar. Vinje tok som 40-åring i bruk nynorsk som ein av dei første etter Ivar Aasen sjølv. Han var den første som gav ut meir på nynorsk enn dansk. 

Han var den første journalisten som skreiv på nynorsk uansett kva emne han skreiv om. Han skreiv like gjerne om krigar og storhendingar i verda som målstrid og matstrev i Noreg. Stilen hans var ofte ironisk og prega av eit tvisyn, med spøk kombinert med alvor. Han kombinerte kunnskapen sin om bondekulturen med erfaringa frå embetsmannskulturen. Aasmund Olavsson Vinje kjende godt til både den folkelege forteljartradisjonen og klassisk filosofi og litteratur. 

Vinje har vore ein viktig føregangsmann for friluftsliv, kulturliv og nynorskrørsla i Noreg. Festivalen Vinjerock på Eidsbugarden i Jotunheimen har teke namnet sitt etter Vinje. Vinjestoga i Telemark har vore open for publikum frå 1912.  Dei mest folkekjære dikta er kanskje «Blåmann» og «Ved Rundarne». Blant dei viktigaste utgivingane hans er avisa Dølen (292 nummer i åtte årgangar, 1858–1870), reiseskildringa Ferdaminni fraa Sumaren 1860 (1861)Storegut (1866) og samla prosastykke og dikt i Blandkorn (1867) 

Utan dokumentasjonen og forskinga til Ottar Grepstad, Jon Haarberg, Olav Midttun, Kristian Lødemel Sandberg og Olav Vesaas hadde minnet om Aasmund Olavsson Vinje vore annleis og mindre fullstendig. 

kjelder

Ottar Grepstad: Vinje-bibliografien. Skrifter av og om Aasmund Olavsson Vinje 1843–2016. Ørsta 2017 
Jon Haarberg: Vinje på vrangen. Momenter til revurdering av en nasjonal klassiker. Oslo 1985 
Kristian Lødemel Sandberg: «Aasmund Olavsson Vinje», allkunne.no [lesedato 3.12.2019] 
Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Oslo 2018 
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann. Oslo 2001 

Denne teksten er publisert med lisensen CC-BY-SA. Bruk gjerne denne teksten, men skriv at denne sida er kjelda.

Foto: Enerett Mittet