Ofte stilte spørsmål

Ofte stilte spørsmål

Her har vi plukka ut nokon av dei oftast stilte spørmåla om Vinje-senteret.

Vert det noko av Vinje-senteret, eigentleg?

Ja. Frå 2020 har vi fire faste stillingar, fullfinansiert basisutstilling og sjølve bygget blir ferdigstilt. Me opnar i 2021.

Kvifor ligg eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk i Vinje?

Vi meiner at ikkje alle nasjonale institusjonar må liggje sentralt. Vest-Telemark har mykje å by på som levande reiselivsdestinasjon, og den vesle grenda Vinje og den geografisk store Vinje kommune har lange røter i nasjonalt relevant litteraturhistorie og skriftkultur. Diktarheimen etter forfattarane Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas ligg ein kort tur frå Vinje-senteret. Vinjestoga, plassen der Aasmund Olavsson Vinje vaks opp, ligg berre eit steinkast unna. Desse historiske personane og mange fleire er viktige bestandelar av sjølvkjensla her i Vinje. Vinje har i over 200 år vore bidragsytar til nasjonal kunst, kultur og kunne, og dette vil Vinje-senteret arbeide for framhaldet av.

Kva kostar Vinje-senteret?

Museumsbygget kostar 31,0 millionar kroner og er finansiert av Vinje kommune (20,6), Kulturdepartementet (8,4) og Vestfold og Telemark fylkeskommune (2,0). Dette blei vedteke samrøystes alle stader i 2018.
Basisutstillinga kostar ca. 6,0 mill. og er finansiert av Kulturdepartementet (1,6), Vestfold og Telemark fylkeskommune (1,1), Vinje kommune (2,5), Fritt Ord (0,4) og Sparebankstiftelsen DNB (0,4).
I 2020 er årleg driftstilskot ca. 4,6 mill. kroner og det er fordelt mellom Kulturdepartementet (2,6 mill.), Vestfold og Telemark fylkeskommune (0,8) og Vinje kommune (1,2).

Kva skal senteret gjere?

Hjartet i Vinje-senteret blir ein opplevingsbasert utstilling om dikting og journalistikk med lokale og nasjonale perspektiv. I utstillinga tar vi opp og utforskar både tidlause og aktuelle tema og problemstillingar for forteljingane og forteljarane deira. Saman med utstillinga følgjer det aktivitetar som avisverkstad, rollespel om mediebruk og film. Fagfelta vi utforskar i utstillinga og forskar på i organisasjonen vil vi også formidle med arrangement og vandreutstillingar i folkebibliotek og andre arenaer over heile Noreg.

Når opnar de?

Om alt går etter planen opnar vi utstillingane i 2021, men Vinje-senteret gjer ganske mykje allereie. Sjå neste spørsmål.

Kva gjer de eigentleg før utstillinga er på plass?

Vi driv Litteraturdagane i Vinje, arrangement gjennom heile året og har omvisingar i Vinjestoga om sommaren. I 2019 laga vi tre vandreutstillingar om debutantar, skeiv litteratur og journalistikk og Aasmund Olavsson Vinje. Bibliotek, museum og skular kan bestille utstillingane her. No planlegg vi basisutstillinga, ein ny produksjon for Den kulturelle skulesekken om journalistikk og kjeldekritikk og har lyst ut utstillingsproduksjonen på anbod.

Kva er dette Nynorsk kultursentrum som de skriv om?

Vinje-senteret er ein del av stiftinga Nynorsk kultursentrum. Stiftinga arbeider for å gjere nynorsk kunnskap og kunst synleg i heile landet. Stiftinga besøker kommunar i heile landet med arrangement og utstillingar, og driv Ivar Aasen-tunet i Ørsta, Olav H. Hauge-senteret i Ulvik og Vinje-senteret i Vinje. Med utgangspunkt i nynorsk språk og litteratur formidlar stiftinga kunnskap og opplevingar med språk og litteratur frå heile verda.

Noko anna du lurar på?

Finn du ikkje svar på det du lurar på her, send gjerne ein e-post eller ring på telefon 41 01 72 55