Lesering med Stein Versto

Stein Versto under Litteraturdagane i Vinje 2019. Foto: Skjalg Ekeland

Er du glad i å lese? Kunne du tenke deg å lese bøker og diskutere dei saman med andre? Då kan leseringen vår vera noko for deg. Her skal me lese bøker og samtale om dei i trivelege omgjevnadar på Vinjesenteret.

Me startar opp i mai, og vil møtast éin gong i veka fram mot sommarferien. Møta vil finne stad på måndagar og blir leia av forfattar Stein Versto. Dei vil vare frå klokka 18.30 til 20.30.

Etter ferien startar me opp att midtvegs i august.

I fyrste omgang tek me for oss to lokale debutantar i Vest-Telemark – Marie Tveiten sin roman Bonus og Kristin Tveiten sin roman Menneske og møll. Desse to forfattarane kjem også som gjester til Litteraturdagane i slutten av august, så då blir det høve til få høyre meir om både forfattarskapa og forholdet dei i mellom.

Kalenderen fram til september ser slik ut:

Måndag 3. mai kl. 18.30–20.30: Ope introduksjonsmøte

Måndag 10. mai kl. 18.30–20.30: Lesering

Måndag 24. mai kl. 18.30–20.30: Lesering

Måndag 31. mai kl. 18.30–20.30: Lesering

Måndag 7. juni kl. 18.30–20.30: Lesering

Måndag 14. juni kl. 18.30–20.30: Lesering

Måndag 21. juni kl. 18.30–20.30: Lesering

Måndag 28. juni kl. 18.30–20.30: Sommaravslutning

Måndag 16. august kl. 18.30–20.30: Lesering

Måndag 23. august kl. 18.30–20.30: Lesering

Laurdag 28. august: Forfattarmøte under Litteraturdagane

Plassar: 10

Pris: 500,- for ei bok (6 møte) 800,- for begge bøkane (11 møte). Gratis for medlemmar av Medlemslaget Litteraturdagane i Vinje

Har du spørsmål om leseringen kan du ta kontakt med dagleg leiar Kristian W. Rantala på telefon 46 29 98 04.­­