Kva er stoda på Vinjesenteret?

Vinjesenteret nærmar seg klart. Museet for dikting og journalistikk opnar i sommar. Foto: Line Omland Eilevstjønn/Nynorsk kultursentrum

Etter ein lang og travel vinter byrjar alt innhaldet som skal fylle romma på gamle Vinje skule å nærme seg ferdig. 

Dei tilsette ved senteret har saman med samarbeidspartnarar frå heile Noreg jobba intensivt med å setje saman ei utstilling dei besøkande ved Vinjesenteret skal få glede av. Me håpar og trur at me har lukkast med det, og er spente på opning i sommar.   

Menneske fortel både oppdikta og sanne forteljingar. Vinjesenteret skal formidle båe delar. Me har skapt vår eiga forteljing om dikting og journalistikk med nasjonalt blikk, men med utgangspunkt i dei fire store frå Vinje – Aasmund Olavsson Vinje, Tarjei Vesaas, Halldis Moren Vesaas og Aslaug Vaa.

På veg gjennom utstillinga vår får du med anna dukke djupare inn i norsk skjønnlitteratur og journalistikk gjennom tida. Gjennom aktivitetar og installasjonar legg vi opp til at gjestene kan undersøke korleis journalistar og forfattarar handsama utfordringar i fortida og i samtida
 

Dersom alt går etter planen dei neste månadane vil me kunne ta imot gjester alt i juli. 
 Medan den offisielle opninga blir siste helga i august under Litteraturdagane.  

Velkomne skal de vera! Me gler oss til å sjå dykk.