Teljing og forteljing

Eit essay om språk, tal og kart

Teljing og forteljing
Kart 1. Språk i verda anno 1952, frå Antoine Meillet og Marcel Cohen: Les langues du monde, Paris 1952. Digital kopi: Ivar Aasen-tunet.

 

Antoine, Lucien, Marcel. Det er noko med slike namn. Og Elenus.

Same året som Den første verdskrigen ebba ut, tok A. Meillet ordet med boka Les Langues dans l'Europe nouvelle. Det strålar optimisme frå ein slik tittel, men forfattaren tok sine atterhald i forordet: «Utan dei aktuelle omstenda ville denne boka aldri blitt skriven.»¹ Dette var likevel eit arbeid frå vitskapshuset, heldt han fram, og «dei ideane som utgjer bakgrunnen, har ikkje noko med desse omstenda å gjere».

Samfunn skulle byggjast på nytt, Europa skulle vidare, og Meillet viste kor viktige språk er i slike prosessar. Bøker om språk hadde han gitt ut sidan 1897, denne franske språkforskaren Antoine Meillet (1866–1936). I si forsking blei han tidleg påverka av den sveitsiske lingvisten Ferdinand de Saussure, han skreiv si doktoravhandling om gamalslavonsk, og på ulike måtar utførte han jamførande språkstudiar.

Dei første tiåra på 1900-talet var han ein av dei fremste franske språkforskarane, i eit miljø der det blei tenkt stort, breitt, nytt. Meillet knytte kontaktar fleire stader og samarbeidde i 1920-åra med dei norske språkforskarane Alf Sommerfelt og Hans Vogt. Det var nok grunnen til at han gav ut La méthode comparative en linguistique historique på Institutt for sammenlignende kulturforskning i Oslo 1925.

Mange hadde sortert og klassifisert språk før Meillet, og då teorien om dei indoeuropeiske språka tok form på 1700-talet, fekk slikt arbeid ei tydelegare retning. Meillet stoppa ikkje ved språkfamiliane. Han skreiv om både språk og rase, språk og nasjon, språk og sivilisasjon, talde ikkje, men ordna og fortalde og reflekterte. Meillet vandra mellom språka med ein kjennars mine.

I nynorskmiljøet var der både ei fagleg og ei språkpolitisk sjølvforståing. Nesten heile 1900-talet gjennom rådde tanken om Noreg som ein eittspråkleg stat der nynorsk tok over for bokmål. Denne politiske sjølvforståinga vann inga tilslutning utanfor nynorskmiljøet. Den faglege sjølvforståinga stod derimot sterkt i vide krinsar. Antoine Meillet omtalte den norske språksituasjonen om lag slik også nynorskmiljøet såg på verda. Då Noreg er eit demokratisk land med ei sterk nasjonal ånd, skreiv Meillet, kom ein reaksjon mot det dansk-norske språket i form av eit språk bygt på dialektane kalla «språket for landet», landsmål, og som alt har dei same rettane som det dansk-norske.² «Med færre enn 2,5 millionar innbyggjarar har Noreg no to skriftspråk. Den gamle borgarskapen held fast ved dansk-norsk, medan liberaldemokratane arbeider for å utbreie nynorsk, som er det faktiske norske språket.»³

Ti år seinare kom ei ny utgåve av boka om språka i det nye Europa. Tittelen var uendra, men no var stoffet todelt. Etter 290 sider tematisk framstilling av Meillet følgde ein statistisk del på 200 sider av L. Tesnière «sur la statistique des langues de l'Europe». Lucien Tesnière (1893–1954) var ein annan sentral fransk lingvist i første halvdel av det 20. hundreåret. Meillet var hans mentor, og den statistiske delen av boka frå 1928 kunne såleis verke som eit typisk arbeid utført av ein assistent til ein prosessor. Då var likevel Tesnière alt sjølv blitt professor i slavisk språk og litteratur i Strassburg; seinare drog han til Montpellier. Det viktigaste han gjorde, var å utvikle ein teori om dependensgrammatikk som eit bidrag til å forstå strukturane i språk. Dei økonomiske vanskane etter Den første verdskrigen gjorde at det tok tid før han fekk publisert arbeidet sitt. Han rakk det så vidt. I 1953, året før han døydde, kom endeleg Esquisse d'une syntaxe structurale. Tesnière døydde fem år før han fekk sitt internasjonale, vitskaplege gjennombrot med den posthume utgivinga Éléments de syntaxe structurale.

Meillet døydde i 1936, men dukka opp att i bokhandlane i 1952. Då kom ei ny utgåve av verket Les langues du monde par un groupe de linguistes. Slike bøker var skrivne før, men då alltid av enkeltpersonar. Godbiten var vedlegget «Atlas des langues du monde». Dei 21 kolorerte karta har titlar som røper tida: «Langues de civilisation».

Saman med Marcel Cohen hadde Meillet redigert ei første utgåve i 1924. Dei femnde vidt, men langt frå alt kom med. Ein viss eurosentrisme var vanskeleg å oversjå, viktige språk mangla, jamvel heile språkfamiliar og geografiske område. Det er mindre enn hundre år sidan, men kunnskapen om ein del språk var enno avgrensa. Dessutan skulle berre franske lingvistar skrive boka. I denne førsteutgåva var karta større og detaljnivået ambisiøst, som eit stort kart over det baskiske språkområdet.

I den store andreutgåva frå 1952 hadde ein erkjent at Frankrike var for lite. Blant dei 25 medarbeidarane var både Harvard-professoren Roman Jakobson, han med nøkkelrolla i Det 7. klima av Kjartan Fløgstad, og den britiske språkforskaren Denis Sinor. Forfattarane skreiv både om historia til dei ulike språka og om språksystema. For ein del språk tok dei også med språkprøver. Fleire språk og mange tekstar gjorde at verka auka frå 811 sider i 1924 til 1297 i 1952. Berre unntaksvis blei brukarane samla i tabellar. Den mest utførlege dekte tyrkisk med tal frå 1890-åra og gjekk over seks sider i førsteutgåva.⁴ Kanskje var det den første tabellen for språkleg utbreiing som nokon gong var blitt laga. Elles blei tala skrivne inn i teksten der dei høyrde heime. Sjølv etruskisk, eit språk som ikkje lenger var i bruk, fekk sitt kapittel. Latinen måtte greie seg utan.

På denne tida var det enno uvisst kor mange språk innbyggjarane på jorda brukte. Forfattarane rekna med at det kunne vere mellom 2500 og 3000.⁵ Dei visste at langt frå alle var med, men lista opp både 204 amerikanske urfolksspråk og 438 språk i den delen av verda som dei kalla «l’Afrique Noire» – Det svarte Afrika.

Marcel Cohen (1884–1976) var endå ein av dei mange framståande franske språkforskarane på 1900-talet. Han studerte under Meillet, gjorde seg kjend med mange språk i både Asia og Afrika, skreiv mykje, også om sitt eige språk. Histoire d'une langue: le français kom ut i 1946, og seinare følgde fleire bøker om fransk. Der Meillet skreiv historia om gresk og om latin, og Tesnière dyrka sin grammatikk, tok Cohen også for seg skrifta meir allment, i verket La grande invention de l'écriture et son évolution (1958).

Meillet, Tesnière, Cohen. I fødselsår skil det 27, i dødsår 40. Dei studerte andre språk enn dei som følgde med det franske imperiet. Meillet reiste fleire gonger til Kaukasus, gjekk djupt inn i det armenske språket, var sterk i trua på verdien av planspråk og ein viktig rådgivar då eit nytt slikt språk, interlingua, blei presentert i 1951. Tesnière blei professor i slaviske språk og hjelpte dei allierte styrkane med kodespråk under Den andre verdskrigen. Cohen spesialiserte seg på semittiske språk, kunne meir enn dei fleste om amharisk og gamaletiopisk, engasjerte seg med den italienske okkupasjonen av Etiopia og gjekk som jøde i dekning i Paris i 1941.

Den som samlar på språk eller arbeider med språk, kjem til kort utan tekstar på dei aktuelle språka. På 1800-talet var Ivar Aasen ein av dei som etablerte den jamførande språkvitskapen der ein ikkje såg språk isolerte frå kvarandre, men prøvde å forstå kva som var likt, og kva som skilde. Meillet, Tesnière og Cohen tok alle del i dette, men lenge før jamføringane blei vitskaplege, var der mange som hadde tenkt i same lei.

Det hadde også den tyske språkforskaren Joseph Chr. Adelung gjort. Til hovudverket sitt henta han tittelen frå Mitridates VI av Pontos. Som herskar nord i Anatolia skreiv han seg inn i historia både som Mitridates den store og Eupator Dionysius. Mitridates var konge av Pontos 120–63 f.Kr og gjekk for å vere ein av dei farlegaste fiendane for keisarane i Romarriket. Adelungs boktittel Mithridates oder allgemeine Sprachgeschichte siktar til ei anna side av livet til denne kongen. I det leksikalske verket Naturalis Historia frå om lag 79 e.Kr. skreiv Plinius den eldre – her i den første engelske omsetjinga frå 1601:⁶

«Mithridates the king, reigned over two and twentie nations of diverse languages, and in so many tongues gave lawes and ministred justice unto them, without truchman: and when hee was to make speech unto them in publicke assemblie respectively to every nation, he did performe it in their owne tongue, without interpretor.”

Teljing og forteljing
Kart 2. Ei av mange standardvisingar av språkfamiliane, http://en.wikipedia.org/wiki, lesedato 1.6.2015.

 

Mykje i dag, formidabelt den gongen. Difor blei namnet hans eit synonym og symbol for polyglotten, den mangespråklege. Slik dukka han opp i tittelen på eit verk av den sveitsiske forskaren Conrad Gesner i 1555, Mithridates de differentis linguis, og altså i Adelungs voluminøse arbeid 1806–1818.

Historiebøkene våre ville innehalde færre feil viss ein sette seg meir inn i bakgrunn og kultur hos ulike folkeslag, skreiv Adelung i forordet. Han trudde på fornuft og opplysning: «Språk og fornuft utvidar kvarandre gjensidig».⁷ På same tida laga den spanske språkforskaren Lorenzo Hervás y Panduro Catálogo de las lenguas de las naciones conocidas. Dette var endå eit arbeid i den tradisjonen som tok form i renessansen.⁸ Det gjaldt å få oversyn over verda.

Panduro var jesuitt med misjonærbakgrunn og skal ha meistra 40 språk. Først skreiv han dette på italiensk som fem av 21 band i det svære verket Idea dell’Universo (1778–1792). På spansk blei det seks band på like få år 1800–1805. Panduro, Adelung, Meillet fekk alle merke grensene for den historiske metoden i ein språkvitskap dei gjerne ville gjere komparativ. Dei vitskaplege kategoriane var ikkje klare nok til at reknestykka gjekk opp og systemet kunne fullførast.⁹

Å forstå samanhengane mellom språka og sortere dei lingvistisk var den store oppgåva. Utbreiinga kom i andre rekkje (kart nr. 2). I fleire hundre år streva språkforskarane med å avklare kva språk som heng saman med kva. Greiast var det med dei indoeuropeiske språka som fall på plass alt på 1700-talet.¹⁰ Størst har usemja vore om korleis språka på det

amerikanske kontinentet bør ordnast. Der språkforskarar flest såg meir enn 150 uavhengige språk, samla Joseph Greenberg frå 1960-åra nesten alle i ein stor familie som han kalla amerind (kart nr. 3). I kartform gav det eit heilt anna språkleg verdsbilete enn det som var blitt vanleg. Hans nære medarbeidar Merritt Ruhlen ordna språkverda etter Greenbergs verdsbilete i fleire oversynsverk i andre halvdel av 1900-talet.¹¹ Når så mange språk heng saman i den indoeuropeiske språkfamilien, er det rart at ein avviser ein slik samanheng også i Amerika, skreiv Ruhlen.¹² Slik skreiv han i 2004, men tretti år tidlegare hadde også han delt desse språka inn i mange uavhengige familiar. Då han skifta meining, gjorde han det til gagns. Det var neppe tilfeldig at det kartet han laga, hadde ein annan synsvinkel enn den europeiske.

Få, om noko, språkforskarmiljø, nøgde seg med å kartleggje utbreiinga av språk i tal brukarar. Dei fleste arbeidde med å strukturere språka i lingvistiske system. Nokre få gjorde begge delar.

Teljing og forteljing
Kart 3. Språkverda i følgje Joseph H. Greenberg, henta frå Merritt Ruhlens nettside, www.merrittruhlen.com, lesedato 7.5.2015.
Teljing og forteljing
kart3_forklaringar.jpg

Conrad Gesner (1516–1565) supplerte omtalen av om lag 130 språk med «Vår far» på 22 av dei, medan Adelungs verk inneheld over 500 utgåver av den same bøna. Ingen av dei rekna på kor mange som brukte språka; det spørsmålet var ikkje stilt så presist enno. Nokre sporadiske opplysningar om dette dukkar likevel opp, som at 300 000 innbyggjarar i Skottland snakka skotsk-gælisk.¹³ I staden presenterte dei språka som dei sjølve eller andre visste om. Adelung dokumenterte systema for kvart språk det kunne gjerast greie anten av han eller av Johann Severin Vater, som fullførte verket.

Adelung tenkte i ei innleiing høgt om korleis ein best kunne vise dei språklege likskapane og skilnadene. Tidlegare hadde språkforskarar prøvt seg med både talord og mykje brukte ord frå kvardagen, men etter den europeiske reformasjonen blei det jamt vanlegare å bruke «Vår far». Det seier noko om kor viktig kyrkja var i samfunnslivet. Adelung gjorde som Gesner, som kanskje hadde fått ideen frå Johann Schildberger. Han hadde vore med i krigen med tyrkarane i 1394, blei teken til fange og var i 32 år slave fleire stader i Europa. Då han var heime att, skreiv han i 1427 ei reiseskildring der han tok med «Vår far» på to språk.

Renessansemennesket ville få oversyn over verda, og reformasjonen framheva det språklege mangfaldet. Adelung omtalar nærmare 40 verk mellom 1538 og 1805 som inneheld «Vår far» på ei rekkje språk. Panduro stod for ei samling av vel 300 versjonar i Saggio practicco delle Lingue i 1787 som Adelung ikkje nemner. Den lange lista hans var altså ikkje komplett, og det viser kor vanleg det var blitt å lage slike bøker.

Det norske språket presenterte Adelung med ei vaklande barokk omsetjing full av lågtyske og sørvestlandske trekk, henta frå eit verk av Johannes Micraelius eller Johann Lütkeschwager, Altes Pommer Land, utgitt i 1639. Der er versjonar av «Vår far» trykte på frisisk, dansk, finsk, svensk, norsk og engelsk.

Wor Fader, du som est y Himmelen.
Gehailiget worde dit Nafn.
Tilkomma os Riga dit.
Din wilia geskia paa Jorden, som handt er udi Himmelen.
Giff os y Tag wort dagliga Brouta.
Och forlaet os wort Skioldt, som wy forlata wora Skioldonar.
Och lad os icke komma udi fristelse.
Man frals os fra onet.
Thy Rigit er dit, Macht och Kracht fra Evighait til Evighait. Amen.

Med ein slik tekst for hand gjekk tanken til den norske språkhistorikaren Gustav Indrebø. I Norsk målsoga fortel han at den danske filologen og historiografen Stephan Hansøn Stephanius skreiv ned bøna og tok den med i ei bok i 1629.¹⁶ Dette var ei samling av historisk-topografiske småskrifter. For Indrebø var det viktig at Stephanius rekna norsk som eit eige språk ved sida av dansk, svensk og tysk, men der stoppa rosen: «Stephanius visste frå tradisjon at der skulde finnast eit norskt mål, men noko meir visste han ikkje; det er tydelegt av denne ‘målprøva’.»¹⁷ Teksten gjekk att som døme på norsk tale i tyske lærdomsverk gjennom nesten 200 år, skriv Indrebø, like til Adelung i 1809.

I ein fotnote viste Indrebø til side 109 i De regno Daniae et Norvegiae, boka Stephanius gav ut i 1629. Bayerische StaatsBibliothek hadde verket i digital form. Det var berre ikkje mogleg å finne noka bøn på noko språk som helst på dei 512 latinske sidene, aller minst på side 109, der den skulle stå. Gleda over å ta Indrebø i ein feil blei trumfa av uroa over at det var noko som ikkje stemte. I den same fotnoten viste Indrebø også til ein artikkel av sin norske kollega Olaf Kolsrud frå 1917 i Nordisk tidsskrift för bok- och biblioteksväsen. Kanskje stod det noko meir der.

Der stod det mykje.¹⁸ Artikkelen viste seg å vere ei lang melding av Nynorsk boklista som Anton Aure hadde gitt ut året før. Aure opna si historie i 1646, og Kolsrud drøfta kva som kunne finnast av skrifter på norske dialektar før den tid. Mannen frå Leiden dukka opp alt etter tre sider. Kolsrud fortalde noko Indrebø hadde oversett. Stephanius hadde også gitt ut ei andre utgåve av De regno Daniae et Norvegiae, merkeleg nok same året som førsteutgåva. I den nye utgåva erstatta han delar av ei bok frå 1591 med språkprøver på åtte språk – norsk dansk, svensk, tysk, finsk, engelsk, fransk og latin. Kolsrud rekna med at Stephanius hadde fått desse tekstane av sin gode ven og læremeister, historiografen Johannes Pontanus. Dei dukka opp att i eit verk Pontanus sjølv gav ut i 1631. Der stod dei på side 793, skreiv Kolsrud, og det gjer dei, i denne rekkjefølgja: theutonice, belgice, danice, suedice, norvagice, anglice, latine. Men ikkje finsk.¹⁹

Det som Stephanius kanskje fekk frå Pontanus, kan Pontanus ha fått frå Ernst Brinck, bibliotekar ved gymnaset i Harderwijk, den nederlandske hansabyen der alle tre heldt til. Brinck samla på skrifter om dei nordiske språka, og både han og Pontanus fekk ein del slike frå Stephanius. Dermed blir det ugreitt kven av dei som skaffa denne bøna på såkalla norsk. Kolsrud minner om at dette var midt i hollendartida med all sin kontakt mellom Noreg og Nederland. Iallfall Pontanus var aldri i Noreg. Det var heller ikkje nødvendig for å finne døme på norsk språk.

Mellom 1550 og 1750 var den økonomiske stormakta Nederland vårt nære utland, skriv historikaren Margit Løyland, og frå 1650 var Amsterdam det økonomiske knutepunktet i Nord-Europa.²⁰ Nederlendarar hadde sikra seg rett til handel med Noreg i 1440 og importerte store mengder trelast frå skoglandet i nord. 1600-talet var stordomstida også for skottehandelen, og i eit år som 1619 henta mange fleire skotske enn nederlandske skip tømmer i Ryfylke.²¹ Språkleg var det hollendarhandelen som sette spor.

Særleg mellom 1620 og 1720 utvandra mange nordmenn til Nederland, og halvparten av dei kom frå Sør-Vestlandet. Mange av dei gifta seg med nederlendarar, mange drog vidare ut på nederlandske skip, og dette langvarige språkmøtet danna ei bru av ord frå nederlandsk og lågtysk inn i norsk daglegtale. Norsk trelast blei også eksportert vestover.

Det var mest unge langs kysten som emigrerte til Nederland på 1600-talet, men også dølar drog same vegen. Ein som henta heim både kunst, våpen og byggjeskikk frå Nederland seint på 1500-talet, var Åsmund frå Rygnestad i Setesdal.²² Slike samband gir meining til orda «fra Evighait til Evighait» ovanfor. Diftongen kan vere ein hypernorvagisme, men kan også vere ei skiftfesting av uttalen nettopp hos setesdølar. Dei norske innvandrarane forma eigne lokalsamfunn i Amsterdam, skipa Sint Olofskapel alt i 1451 og ei lutheransk kyrkje i 1588. Ein god del av dei norske innvandrarane kunne skrive, og med eit slikt språkmiljø var det berre ein unødvendig omveg for Pontanus å hente språkprøve like frå Noreg. Dei tidlege nedskrivingane av ord og bøneformel var ganske sikkert henta frå det norske innvandrarmiljøet i Nederland. Kor korrekt nedskrivinga var, hadde truleg mindre å seie. «Denne språklege bytingen hev likevel faatt eit ufortent langt liv i maalprøvesamlingar som repræsentant for norsk tunga», sukkar Olaf Kolsrud.²³

Byting eller ikkje, for første gong sidan 1519 stod ein «norsk» tekst på trykk.²⁴ Dei same orda blei seinare innskrift i keramiske fliser på ein vegg ved Pater noster-kyrkja på Oljeberget i Jerusalem, saman med «Vår far» på 139 andre språk. På nettstaden for denne kyrkja kan «Vår far» no lesast på heile 1817 språk, og for både bokmål og nynorsk er der to versjonar.²⁵ Den norske skrifta på nettet er frå 1900-talet, skrifta på veggen frå 1629.

Kolsrud tykte Adelungs samling av tekstar var nokså ukritisk, men i den sidekorte omtalen av språket i Noreg viser han iallfall til dei relevante skriftene av Christer Jenssøn, Hans Strøm, J.N. Wilse og Laurents Hallager. Mot slutten av boka nemner Adelung at omsetjinga, første gongen trykt i 1629, er den einaste versjonen på norsk han kjenner til.²⁶ Likevel står ein annan versjon av bøna 360 sider framanfor. Denne stadfestar Adelung til Østerdalen, overlevert av ein Hans D. Münter som eg ikkje veit meir om:

Faer vaar, du som er i Himlen,
Helket vaarde dit Namn;
Tilkome os dit Rike;
Sje di Willie her aa Jora, som den sjer i Hiimlen;
Giv os höer Dak vaart daklike Brö;
Og forlat os vaar Sjuld, som vi forlate vaare Sjulner;
Leet os ikkie uti Fristelse;
Men frals os fra det One;
Ty Riket er dit, aa Makten, aa Àran i Ewikhet. Amen.

Det er lite truleg at dette er ein variant som er resultatet av at tekstane har levt sitt eige liv på kontinentet. Til det er skilnadene for store, kommenterer Åse Wetås.²⁷ Dei harde konsonantane i ord som «daklike» kan vere hypernorvagismar. Substantivet «vilje» som hokjønnsord er det dokumentert spreidde førekomstar av i Noreg, mellom anna Trysil, Oppdal og Røros, men summen av dette, hokjønnsforma «jora» og dei palataliserte «sjuld» og «sje» peikar verken i retning Østerdalen eller i nokon særskild geografisk retning. Heller ikkje dei litterære formene «Ewighet» og «Fristelse».

Fleire av desse store verka peikar langt forbi det reint språklege.

For Adelung var «Vår far» ein retorisk formel som til skilnad frå mange språklege formlar kunne finnast att på likeverdig vis i ei lang rekkje språk. Det er ein tekst som berre kan omsetjast av folk med grundig kjennskap til målspråket, meinte han.²⁸ Det har han rett i, men det er også ein språkleg formel som gjennom si utbreiing endrar vilkåra for forståing. Utan å forstå noko av språket kunne ein forstå kvar linje, berre ein kjenner teksten på sitt eige språk.

Formel-tenkinga dukkar opp på ein annan måte hos Meillet. I Sorbonne hadde han vore rettleiar hos Millman Parry. The Singer of Tales av Albert B. Lord frå 1960 er og blir grunnboka om korleis ein kan forstå Odysseen og seinare store epos som songlyrikk og munnleg dikting. I forordet takkar Lord nettopp Parry, med god grunn. Parry på si side takka Meillet for den grunnleggjande innsikta i emnet, og som Lord skriv: Merknadene frå læraren Antoine Meillet gjorde at han, først diffust, innsåg at Homers epos berre kunne gripast om ein fullt ut forstod kva munnleg dikting er.²⁹ Det var den franske språkforskaren som utvikla teorien om korleis munnleg dikting med sin faste, men ikkje alltid like synlege formelstruktur kunne traderast og hugsast frå generasjon til generasjon. Nettopp i visene var det at norske talemål blei mest brukte i skrift i hundreåra etter reformasjonen.

Ei tredje utviding stod Tesnière for. Den grammatiske teorien som han utvikla, blei i neste omgang ein føresetnad for studiane til den fransk-algirske litteraturvitaren Algirdas Julien Greimas, som saman med Roland Barthes nok var den store kjennaren av semiotikk på 1900-talet. Greimas forma ein teori om strukturane i tradisjonstekstar, in casu russiske eventyr, og denne aktantmodellen var ein sjølvskriven del av inventaret til mang ein litteratur- og språkstudent i Noreg i 1970-åra.

Ivar Aasen arbeidde heile tida i grenselandet mellom språk og litteratur. Han var altså ikkje den einaste.

Texas har sitt Paris, og Texas har sitt Dallas. I utkanten av den byen ligg Duncanville. Der ligg Summer Institute of Linguistics, som på skiltet ved innkøyrsla heiter International Centre of Linguistics.

Summer Institute of Linguistics har om lag 5500 medarbeidarar og er med det den største private språkforskarinstitusjonen i verda. Adjektivet «privat» bruker dei sjølve, men kvar skulle den offentlege språkorganisasjonen finnast som er større enn dette? Senteret er fordelt på fleire store bygningar, dei fleste frå 1980-åra, med både bibliotek, kontor, redaksjon for Ethnologue og studieplassar. Frå dette instituttet kjem ei rekkje bøker med særleg vekt på sosiolingvistikk og studiar i enkeltspråk utanfor dei store skriftspråkregionane. Verksemda blir finansiert gjennom gåver, og dei tilsette har sjølve ansvar for å vere med og skaffe midlar som går inn i ein stor fellespott.

Instituttet er knytt til den kristne Wycliffe-rørsla som arbeider for å fremje omsetjing av Bibelen, og blei stifta av William C. Townsend i 1934. Han sa eller skreiv ved eit høve: “Most people ... never think about the tools for reading and writing. They have no concern about what life would be like without an alphabet. And they have no idea that thousands of people groups around the world still have no way to read and write their own spoken language”.

Kva instituttet gjorde fram til 1950, veit eg lite om. I 1950-åra tok dei til på eit arbeid som i dag er uunnverleg for statistisk dokumentasjon av språk, og som heldt fram der Meillet og Cohen stoppa. Bøkene deira står i biblioteket ved instituttet. Eit amerikansk språkmiljø overlappa det franske i arbeidet med statistisk dokumentasjon av språk.

Overgangen kom med den amerikanske språkforskaren Richard S. Pittman (1915–1998). Han hadde møtt Townsend i 1940, budde i fleire år i Mexico og arbeidde med språk som nahuatl og mösiehuali. Pittman blei formelt knytt til Summer Institute of Linguistics i 1943.

Åtte år seinare laga han den første enkle dokumentasjonen om språk i verda. Det vesle skriftet ligg utstilt i eit glasskåp på hovudkontoret til Summer Institute of Linguistics: ti hektograferte sider med omtale av 45 språk. Den første tida kom det nye utgåver kvart år, under namnet Ethnologue, som var hans idé. I 1953 dukka det opp nokre handlaga kart, og i 1955 blei Ethnologue for første gong utgitt som bok.

Som Asia-sjef ved instituttet gjorde Pittman mykje for å utvide nedslagsfeltet deira, og han fekk på plass avtalar om avdelingar i både Papua New Guinea (1956), Vietnam (1957), India (1960), Nepal (1966) og Indonesia (1974). Dette feltarbeidet var svært viktig for at Ethnologue kunne presentere påliteleg dokumentasjon. Kring 2010 var der minst 100 slike feltmedarbeidarar. Etter den første hektograferte utgåva i 1951 har det gjerne kome nye utgåver kvart fjerde år. Så seint som i 1969 var dokumentasjonen på under 200 sider, med omtale av 4493 (kart nr. 4 og 5).

Skiftet kom med Barbara F. Grimes (1930–2014), ny redaktør frå 1971. Ho hadde vore med like sidan 1953 og blei med åra den fremste kvinna i moderne, internasjonal språkvitskap. Faren var italiensk, mora cherokee, og dei første forskingsstega gjekk i retning av språka huichol og hawaiisk.

Det hadde teke til som den største marknadsundersøkinga i verda: Kva språk er Bibelen ikkje omsett til? Her var Ethnologue eit motstykke til The Book of A Thousand Tongues frå 1938, redigert av metodisten Eric McCoy North, i mange år generalsekretær i American Bible Society. Dette var, viser undertittelen, “some account of the translation and publication of all or part of the Holy Scriptures into more than a thousand languages and dialects with over 1100 examples from the text”. Verket var eit jubileumsskrift; omsetjing til språk nr. 1000 blei registrert i 1937. Boka var så oppdatert at også Indrebø-Bibelen frå 1938 kom med. Alle omsetjingane var jamvel årfesta, og dermed kan North hevde at Bibelen truleg berre låg føre på 33 språk på Gutenbergs tid, og at så seint som kring 1800 var heile eller delar av Bibelen trykt på «berre» 71 språk.³⁰ Etterpå gjekk det fort. 1000 språk i 1937 hadde ved utgangen av 2014 fått følgje av 1882 språk til.³¹ På 80 år fekk ein gjort dobbelt så mykje som på dei 500 føregåande åra.

Med så sikker kunnskap anno 1937 om kva språk Bibelen alt var omsett til, kunne Summer Institute of Linguistics ta på seg oppgåva med å finne ut av resten. Der var North usikker på tala. Vel viste han til Det franske akademiet, som meinte at 2796 språk enno ikkje var kartlagde eller utforska, sjølv om det nøyaktige talet tilsa at ein alt visste noko om dei. Ved utgangen av 1937 var Bibelen omsett til 345 afrikanske språk, og ein rekna då gjerne med at der var om lag 800 språk i den verdsdelen.³² Der var fleire; i 2015 dokumenterte Ethnologue 2145 språk i bruk i Afrika. Dei var der nok hundre år før også.

Truleg er der iallfall 1500 språk Bibelen enno bør omsetjast til, skreiv North. Han var langt frå sikker og garderte seg med ei vakker setning frå – kven andre enn Meillet og Cohen: «The exactness of languages are not those which can be expressed in numbers.»

Denne gedigne dokumentasjonen på nær 400 store sider var føresetnaden for det Ethnologue ville gjere. Europa var den verdsdelen der mest var gjort, og difor mangla Europa heilt dei første tiåra i Ethnologue. Med tida gjekk ein over til å supplere med kunnskap om minoritetsspråk verda rundt. Grimes endra Ethnologue frå å vere ei nokså mangelfull språkliste til eit standardverk om alle kjende språk i verda. Då ho gav seg i 2000, var 6809 språk dokumenterte i bruk. I hennar tid nådde dermed Ethnologue 96 prosent av alle dei språka som var dokumenterte i bruk i 2015.

Teljing og forteljing
Kart 4. Alle språka i verda 2009, Ethnologue 2009.

 

Teljing og forteljing
Kart 5. Folkebusetnaden i verda anno 2000. Kvar prikk representerer 100 000 menneske. Kart frå www.maps.com, lesedato 3.6.2015.

Frå og med 1974 har Ethnologue hatt som mål å dokumentere alle språk som er i bruk. Frå då av var også Europa med – då med 46 språk, i 2013 med 286. Ethnologue dokumenterte i 1974 5687 språk, og i 2015 dokumenterte dei 7102. Då hadde dei ti sidene frå 1951 auka til eit trebandsverk på 1588 sider.

Kvart femte språk som er dokumentert i dag, var altså ikkje dokumentert systematisk og komparativt for vel 30 år sidan. Nokre fleire enn brukarane visste nok om det eine og det andre språket, men denne kunnskapen er først dei siste tiåra blitt ordna og gjord allmenn. Dette gjer noko med forståinga til nokon kvar av språksituasjonen i verda: Først i seinare år kjenner vi det reelle språklege mangfaldet, både dei indre språksystema og den ytre utbreiinga. Og likevel vil fleirtalet av språka i verda i det store og heile bli verande lingvistisk udokumenterte i lang tid enno.³³

Talet 7102 er ikkje absolutt. Alt i 1967 etablerte International Organization for Standardization (ISO) ein første standard for idenitifisering av språk. Det som den gongen var standard ISO 691-1, var i 2007 blitt til ISO 691-3. Den er utvikla i samarbeid med Summer Institute of Linguistics, som også forvaltar dette systemet, der kvart språk blir identifisert med ein unik kombinasjon av tre bokstavar. ISO 691-3 inneheld forkortingar for om lag 7600 språk – anten dei er i bruk eller ikkje. Den offisielle linja til Ethnologue er at dei følgjer ISO 693-3 når dei skal avgjere kva som er eigne språk. Det stemmer ikkje heilt. I den standarden er bokmål og nynorsk to språk med kvar sine kode (nob og nno), men i Ethnologue er dei to språka eitt.

Heilt åleine har ikkje Ethnologue vore. I 1983 blei l’Observatoire linguistique skipa i Quebec. Institusjonen sette i gang eit prosjekt som etter kvart fekk basar i Normandie og Wales. Ut av dette kom Linguasphere Register of the World's Languages and Speech Communities, utgitt ved tusenårsskiftet 1999/2000. Det var eit enormt einmannsarbeid utført av den engelske språkforskaren David Dalby. Kva som skjedde etterpå, er uklart men i 2012 blei heile materialet frå 1999 publisert digitalt.³⁴

Linguasphere er meir vitskapleg orientert enn Ethnologue i den forstand at formidling er underordna. Sjølv om bruk og utbreiing av språk endrar seg sakte, vitnar dette prosjektet om dei vanskane ein støyter på når oppdatering blir eit problem og ikkje ein del av systemet. Dermed kan også dette ende som eit innramma tidsbilete. Noko av det som blir ståande, er mottoet deira: I galaksen av språk er kvart ord ei stjerne.

Om lag her kjem Elenus inn i historia. Han var dokumentarist, ingen forskar, men han åleine samla meir kunnskap om bruk og utbreiing av nynorsk i første halvdel av 1900-talet enn noko vitskapsmiljø såg var mogleg.

«Eg heiter no Hovdan, men elles plar folk gjerne kalle meg Målkartet.» Slik hende det at han presenterte seg for ukjende, læraren Peder Elenus Hovdan (1874–1965). Han hadde vore oppsiktsvekkjande tidleg ute med å bruke den agiterande og dokumenterande slagkrafta i biletmediet for å få fram korleis det stod til med den nynorske skriftkulturen. Der var flust av dei som lett kunne bli trudde når dei hevda at nynorsken var lite brukt og utbreidd. Alt i det første store gjennombrotsåret for nynorsk skulemål, 1908, la lærar Hovdan ein sommardag på bordet det første noregskartet som synte kvar nynorsken no blei brukt. Om det ofte var grisgrendt der nynorsken breidde seg, var iallfall viddene store. Med raudfargens makt sette Hovdan ein ny let til fargeskalaen i det norske kulturlandskapet.

Mellom 1905 og eit stykke ut i 1950-åra hadde målrørsla sitt statistiske einmannsbyrå i Elenus. Dokumentasjonsarbeidet hans er framifrå, men av forståelege grunnar ikkje uttømmande. Mest inntrykk gjorde målkarta hans frå 1908, 1920 og 1948, der han med den topografiske polemikkens snert fargela eit nynorsk Noreg i kraftig vekst. I tillegg skreiv han årsrapportar både her og der, og to bøker. Målet til Hovdan var tydeleg å skrive den store historia om utbreiinga av den nynorske skriftkulturen. Så langt kom han aldri. Då raset frå toppane tok til etter 1945, var han dessutan blitt såpass aldrande at han måtte gi seg på det. Difor er skriftene hans ei historie om den store framgangen som sluttar i peripetien, i det dramatiske vendepunktet då det tok til å rase nedover att etter 1945.

Stort og smått fanga han opp frå si maurflittige avislesing eller på anna vis, og alt skreiv han inn i si store bok, protokollen Norsk målreising. Målskifte i heradi 1865–1940–195.. Det handskrivne verket er ei geografisk ordna kulturhistorie. Han namngir alle han kan, Hovdan, både presten som ikkje ville vite av det nye språket og læraren som tok initiativet til å skipe lokallag av Noregs Mållag. Ingen opplysningar var for uviktige, knapt noko tal for vanskeleg å få tak i. Der han var i tvil, skreiv han brev. Det blei mange brev.

Hovdan lærte målfolk å telje og talfeste sigrane sine. Nederlaga og vonbrota blei bokstaveleg talt borte. Dei vedtaka og folkerøystingane som gjekk nynorskbrukarane imot, var visst ikkje så viktige å få med. Noko av dette finst i ulike skrifter frå 1960- og 70-åra, men mykje blei aldri kartlagt. I dag kan ein del av dette berre bli synleg etter tidkrevjande arkivstudiar.

Dei to prikkane i tittelen på protokollen vitnar om at det arbeidet som tok til kring 1905, aldri blei avslutta. Skrivaren har signert eit forord på Stabekk 8.2.1948, men enkelte opplysningar har han ført inn også etter den tid. Den som ikkje får nok, kan ta for seg dei 133 arkivboksane med avisklipp Peder Hovdan let etter seg.

Hovdans liv og verk er biografert før.³⁵ Nett som Ethnologue heldt også han seg med feltarbeidarar, meldarar, brevskrivarar, rapportørar. Mengdene av innsamla stoff ordna han på mange vis. Kartet frå 1908 kom i reviderte utgåver både våren 1920 og i 1948, og er blant dei mest prangande nynorske symbola. Riksmålsrørsla undervurderte nok den visuelle krafta i framstillinga til Hovdan. Dei fór land og strand rundt, synte fram kartet og flirte av at landsmålet var innført i Jotunheimen. Men somme fekk seg ein støkk: «Så galt trodde jeg da virkelig ikke det var», skreiv ein som hadde fått syn for segn (kart nr. 6 og 7).

Hovdan laga karta i den tida då bruken av nynorsk greip mest om seg og ein nynorsk skriftkultur blei etablert. Det gav karta ei historisk tyngd.

Den første samla framstillinga i bokform kom i 1928. Frå folkemål til riksmål var tematisk ordna og inneheldt berre nokre få tabellar. Mykje var samanskriving av dei mange avis- og bladartiklane og hadde ikkje med alle detaljane derifrå. Hovdan hadde så godt oversyn over stoffet at han kunne gi ei meir samla framstilling av dei ulike emna. Prisen for det var at han ikkje la fram tala systematisk og konsekvent slik at utviklinga kan følgjast frå år til år. Dette var ein mann med meir sans for tal enn for tabellar. Endå tydelegare blei det i den reviderte og oppdaterte, men meir summariske utgåva frå 1947 med den sterke tittelen Eit norsk Noreg. Meir informative kjeldeskrifter om utviklinga av den nynorske skriftkulturen kan ein likevel gjerne leite lenge etter. Men dei vil ikkje finnast.

I arbeidet sitt hadde Hovdan kontakt med mange i Noreg, men knapt med nokon utanfor landegrensene. Referansane til språksituasjonen i andre land var i det heile marginale både i nynorsk- og riksmålsmiljøa. Ein som kryssa landegrensene, var Alf Sommerfelt (1892–1965). Han studerte i Paris og blei som andre der prega av strukturalismen til Ferdinand de Saussure, tok doktorgraden i 1921 og heldt kontakt vidare med Antoine Meillet. Då Sommerfelt i 1948 gav ut noko så uvanleg som eit allment oversynsverk om språk på norsk, tok han med mange faktaopplysningar frå andreutgåva av Les Langues dans l'Europe nouvelle.

Teljing og forteljing
Kart 6. Peder Hovdans målkart 1920 (til venstre). Kart 7. Riksmålsforbundets sprogkart 1921. Karta viser den same språksituasjonen, territorielt og proporsjonalt etter folketal. Fagleg hadde Riksmålsforbundet den beste løysinga. Den proporsjonale metoden blei også brukt for å vise utbreiinga av polsk i Poznan-provinsen kring 1910, men få nye kart er laga på denne måten.

 

Det er her eit lite mysterium dukkar opp. Sommerfelt var medarbeidar i kunnskapsverket Familieboken i 1930-åra. Band VIII kom ut i 1940, og artikkelen om språk er usignert, men lista over medarbeidarar inneheld ikkje andre kandidatar enn Sommerfelt. Dette var før Meillet og Cohen i 1952 meinte det kunne vere mellom 2500 og 3000 språk i verda. Tidleg på 1900-talet enda eit britisk overslag på 1500 språk, det franske akademiet gjekk ut frå om lag 2800 ulike språk, medan tyske forskarar strekte seg til 3000.³⁶ Ein skulle tru at Sommerfelt var kjent med desse vurderingane. Likevel skreiv han: «Sier vi at det i dag tales omkring tusen forskjellige språk på jorda, er vi ikke langt unna sannheten.»³⁷

Det var nettopp langt unna han var. At språkforskarar har identifisert 7100 språk i bruk på 2000-talet kan ikkje brukast som argument mot det ein rekna med i 1940. På den tida den setninga blei skriven, var det derimot neppe noko fagmiljø som gjekk ut frå eit så lågt tal.

Skilnaden mellom er og bør kan vere liten for språkvitarar. Læraren Peder Hovdan var nok likevel meir politisk enn språkforskaren Alf Sommerfelt, men også ein Meillet dreiv språkpolitikk. For han var dei store språka viktigast, og han heldt fast ved læra om at ein nasjon burde ha eitt språk. Det gav ikkje meining for han at nokon ville gjere universitetet i Ghent til ein institusjon basert på nederlandsk språk i staden for fransk, den irske fristaten ville ikkje vere tent med å satse på irsk som språk, USA kunne gle seg over å vere ein eittspråkleg stat, og sjølv sørgde han over at Europa hadde mista det fellesspråket latin kunne ha blitt. Minst ein kritikar tykte at han i 1918-boka meinte for mykje til å vere fagleg nok og til at denne kunne reknast med blant dei viktigaste bøkene hans.³⁸ Meillet hadde mange meiningar. Ungarsk var eit svært vanskeleg språk og altfor påverka av andre europeiske språk, skreiv han. Det fekk den viktigaste ungarske forfattaren på den tida, Dezsö Kosztolányi, til å publisere eit protestbrev til han i litteraturtidsskriftet Nyugat i 1930.³⁹

Det har vore meir regelen enn unntaket at sentrale norske språkforskarar også har vore aktive språkpolitikarar. Sommerfelt var med i Riksmålsforbundet, Hovden hadde mange verv i målrørsla og var heiderslagsmann i både Det Norske Samlaget og Noregs Mållag. Då han døydde i 1965, året då også Alf Sommerfelt gjekk bort, hadde den nye generasjonen av målfolk gløymt innsatsen til Hovdan.

Hovdans verk blei henta fram trå minnet nokre år seinare. I 1978 gav Olaf Almenningen og Åsmund Lien ut Striden for nynorsk bruksmål. For ein gongs skuld ei bok som inneheld mykje meir enn tittelen lovar. Her la dei fram nytt stoff, saman med delar av det upubliserte materialet frå Hovdan-arkivet. Og så kom Nynorsk faktabok 1998, som med seinare utgåver inneber at nynorskbrukarane har dokumentert si eiga historie statistisk nesten utan brot sidan 1905.

Først var det berre høgttenking. Det som blei publikasjonen Språkfakta 2015, tok til med drøftingar med Samlags-sjef Audun Heskestad hausten 1995 og ei formell avgjerd i januar 1997. Då vedtok representantar for 17 nynorske institusjonar, organisasjonar og forretningsføretak å opprette Nynorsk Forum. Målet var å samordne kompetanse og ressursar, utveksle erfaringar, drive organisasjonsutvikling – og utvikle ei nynorsk faktabok.

På oppdrag frå Nynorsk Forum og med tilleggsfinansiering frå Kulturdepartementet arbeidde eg fram Nynorsk faktabok 1998 frå oktober 1997 til mars 1998. Boka inneheldt 133 tabellar og fleire kapittel med ulike typar faktaframstillingar.

Tabellane var viktigast. Den gongen verka dei mange og gode. No ser dei få og middels ut. Det mangla ikkje på rettferdiggjering i innleiinga: «For første gong blir det presentert ei samla statistisk framstilling av utviklinga i den nynorske skriftkulturen frå 1800-talet og fram til i dag. I tidlegare utgreiingar av denne typen har gjerne historieskrivinga teke til kring 1930. Men det har altså funnest verdifullt materiale om dei første nynorske tiåra både i offentlege publikasjonar og private arkiv som kunne omformast til tabellar. No kjem det for ein dag.»

Der var berre så endelaust mykje meir. «Eg trur at det mest relevante historiske materialet no er henta fram», skreiv eg i 1998. Eg trudde fordi eg ikkje visste betre. Seinare har svært mykje relevant materiale kome med frå farne tider, og for kvart slikt funn auka respekten for Elenus.

Nynorsk faktabok blei til i ei tid då den offentlege kulturstatistikken her til lands var under kritikk. «Norsk kulturstatistikk har lenge vært svak, både når det gjelder omfang og kvalitet», konstaterte Brundtland-regjeringa i St.meld. nr. 61 (1991–92) Kultur i tiden. Sidan 1976 hadde Statistisk Sentralbyrå med ujamne mellomrom utgitt eigne publikasjonar med kulturstatistikk. Også i Statistisk årbok frå byrået finst det ein del slik statistikk, og i dei årlege utdanningsstatistikkane var mykje kulturpolitikk talfesta.

Ambisjonsnivået for faktaboka var å forbetre den norske kulturstatistikken. Føremålet var kultur- og språkpolititisk. Ved utangen av det 20. hundreåret var det meste av nynorsk dokumentasjon konsentrert om opplæringsspråket i skulen. Her var kolonnane ubrotne frå tidleg på 1900-talet, og mykje av det som var av språkstrid, handla om sidemål viss det ikkje handla om rettskriving. Skulemålsprosenten – kor mange elevar i grunnskulen har nynorsk som opplæringsspråk – var det einaste talet på barometeret. I eit moderne og gjennomorganisert samfunn av skriftkultur som det norske var dette altfor knapt. Det var ikkje ein gong sikkert at skulemålsprosenten var eit dekkjande uttrykk for situasjon eller utvikling. Dette prosenttalet hadde vore svært stabilt over lang tid. Både i 1976 og 1996 hadde 16,6 prosent elevar nynorsk som opplæringsspråk i grunnskulen, og i åra imellom var variasjonen liten. Var situasjonen verkeleg så stabil på andre område også? Og var det noko som endra seg utan at nokon merka det?

Dette visste ingen mykje om. I første omgang gjaldt det å samle det som alt finst, kombinere slikt materiale på nye måtar, ordne materiale i fastare statistisk form, få fram nytt materiale, korrigere openberre feil i offentleg statistikk, oppdatere mest mogleg. Somt måtte utelatast fordi kjeldene ikkje var pålitelege nok. Difor blei det ingen tabell om språk i hovudoppgåver og avhandlingar ved norske høgskular og universitet 1902–1995. Der og då kjendest det likevel ut til å vere nok å ta av. Opplysningar frå meir enn 300 skriftlege og om lag 50 munnlege kjelder er sette saman i Nynorsk faktabok 1998.

Skriftet er ingen kvitvaskingskampanje som prøver å skjule triste tal eller negative tendensar. Ikkje noko av det materialet som er blitt utarbeidd, er halde tilbake av taktisk-politiske grunnar. Berre nokre få bedriftsøkonomiske opplysningar blei tekne ut fordi dei gjaldt forhold innanfor forretningstiltak.

Tre av kapitla blei med tida til eigne publikasjonar. Ein gjennomgang av formuleringar om språkpolitikk i valprogramma til partia 1997–2001 er blitt til På parti med språket? Språkpolitikk i partiprogramma 1906–2017, med oppdatering kvar fjerde år. Kapitlet «Frå den nynorske skriftkulturens annalar 1813–1997» har vakse i mange retningar seinare og blir no publisert med årlege oppdateringar på Allkunne.no under tittelen Eit språk blir til. «Fødselsdagbok for nynorskbrukarar» inneheldt fødsels- og eventuell dødsdato for vel 500 profilerte nynorskbrukarar. Dette var grunnlaget for det som i 2008 blei til selskapet Allkunne AS.

Innleiinga i boka målbar ein optimisme om at det kunne skaffast meir materiale: «Ser ein til at språkkode blir ein sjølvsagd del av komande databasar, kan ein få fram endå meir dokumentasjon av den nynorske skriftkulturens plass og utvikling.» Etterpå kom formaninga: «For at det skal bli nokon fakta å skrive heim om, må også alle nynorskbrukarar der ute i røynda gjere sitt, no som så ofte før. Å setje tal på nynorsken er noko anna enn å setje pris på den.»⁴⁰

Slik er det vel framleis, no når godt over hundre tabellar er blitt til nærmare tusen.

Så kva er det med språk ordna som statistikk? Statistisk dokumentasjon er med og festnar skriftkulturen og forståinga av denne.

Så viktige er tala for det moderne samfunnet at styresmaktene gjerne opprettar eigne byrå for tal om samfunnet. Ingen demokrati har tilsvarande byrå for tekst. Slik offentleg statistikk var ein nødvendig føresetnad for at Lucien Tesnière i 1928 kunne dokumentere statistisk dei fleste språka i Europa. Kanskje var dei samanfattande tabellane hans dei første språkstatistikkane som blei publiserte.

Danmark-Norge fekk sitt første tabellkontor i 1797. Statistisk sentralbyrå blei skipa i 1876 med 15 medarbeidarar; no er dei blitt tusen. Språkstatistikkane har over tid vore avgrensa til tre kategoriar – opplæringsspråk, liturgispråk i kyrkjene, tenestemål i kommunane. Mest detaljerte var desse statistikkane mellom 1920-åra og 1950-åra. Lov om målbruk i offentleg teneste gjaldt frå 1932, og alt året etter presenterte Statistisk sentralbyrå dei første tala for nynorsk og bokmål som tenestemål. Svakast av dei tre har statistikken for kyrkjespråk vore. Avgjerdsprosessen for kyrkjespråk var lovfesta til liks med dei andre emna, men her blei det aldri nokon kontinuitet i byråarbeidet. Det måtte eit vedtak i

Stortinget til i 2009 før byrået tok til å journalføre alle lokale folkerøystingar, med tilbakeverkande kraft frå 1970.

Då Stortinget klargjorde sine krav til fordeling av nynorsk og bokmål i NRK radio og tv, blei utviklinga tabellfesta av byrået. Eigne initiativ var det få av. All den tid ein så nøye førte statistikk for nynorsk og bokmål i folkeskulen, kunne ein vente at det same ville bli gjort for realskule og gymnas. Slike tal fanst, men Statistisk sentralbyrå publiserte dei berre unntaksvis. Bøker i nasjonalbibliografien blei tidleg merka med språkkode, men i dei offisielle statistikkane viste dette først att i 1990-åra.

I den mektige studien Folkemengdens bevegelse 1735–2014 viser Espen Søbye kor mykje ein kan lese ut av ein tabell. Han studerer flytting, fødsel, død, etnisitet, sentralisering,

utvandring, innvandring, tru – men ikkje språk. Utan privat innsamling av data frå slike som Peder Hovdan ville mykje ha vore ukjent om den norske språksituasjonen.

Kva er språk, og kva er dialekt? Det spørsmålet har valda mykje bry for Ethnologue og andre som ønskjer å etablere eintydig dokumentasjon av språkbruk og utbreiing. Når skilja mellom kategoriane er vage, blir også kolonnane og radene i tabellane mindre skarpe enn dei burde vere. Tabellar kan skjule den uklare grensa mellom språk og dialekt, men ikkje flytte den.

Har språk tal? Bruken av språk har tal, men ikkje språket i seg sjølv, ikkje før nokon har bearbeidd det, brote det ned til enkeltdelar, registrert og rekna. Klisjeen «Eit bilete seier meir enn tusen ord» kan berre uttrykkjast i ord. I si sjølvforståing kjem biletet rett og slett til kort. Tabellen har det til felles med biletet at dei seier mykje utan ord, men vi må setje ord på det dei seier. Di fleire tal som blir samla, di færre tal må løftast fram for å kunne sjå tendensane og endringane. Mange detaljar må til for å skrive den lange linja.

Litteraturen er full av tekstar som blir kalla tidlause. Statistikken er full av tal og tabellar som er tidbundne. Det skal iallfall mykje til for å lage ein tabell om samfunnsfenomen som er utan tilknyting til eit definert tidsrom, kort eller langt. Dette gir statistikken ein historisitet som til tider nok kan vere overflatisk, men som heile tida peikar i retning av skiljet mellom stillstand og utvikling. Den som redigerer tabellar, vil nok også gjerne sjå etter kva som skal til for å vise ei endring. Alt dette gjer at den typiske tabellen er ei kronologisk forteljing, stramt komponert i stigande eller fallande rekkjefølgje. Tabellen er ikkje staden for komplekse, modernistiske komposisjonar.

Teljing og forteljing
Kart 8. Utbreiing av seks av dei største språka. Frå http://conroyandtheman.blogspot.com, lesedato 4.6.2015.

 

Statistikk er eit fag, og som andre fagmiljø har den statistiske vitskapen utvikla sine normer for godt og dårleg. Få, om nokon, sjangrar er forma under strengare normer enn tabellen. Titlane skal vere presise, korte og slutte med tidsrommet for tabellen, tala skal vere høgrestilte, tabellane bør ikkje tverrvendast på sida eller gå over to sider – dette er berre utdrag frå normsystemet.⁴¹ Dei strenge normene sikrar presis framstilling og gjer det lett å lese tabellar på ulike språk om same emnet.

Eg ser eit mønster i kva land som har gode språkstatistikkar, og kven som ikkje har det. Wales og Sveits har tal for det meste, Sverige og Frankrike knapt noko som helst. På dette området, som så ofte elles, fremjar konflikt kunnskap. Når eit språk dominerer uutfordra i ein stat, blir det også underordna for styresmaktene å vite noko særleg om bruken av det språket. Ingen utvikla land, skriv språkforskaren Oddrun Grønvik, bruker eit utanlandsk språk som ikkje fleirtalet av innbyggjarane ser på som eit skriftspråk for opplæring og forvaltning.⁴² Dette har vore ein del av moderniseringa av desse samfunna, men ofte er bruken av desse mest brukte språka mindre dokumentert enn dei språka som skil seg ut eller er under press.

Absolutte tal kan vere meir relative enn relative er. Det er ikkje alltid eit prosenttal seier det som trengst. Berre å skifte frå relative til absolutte tal kan vere nok til å få fram andre sider av saka. Rekna i prosent utgjer nynorskelevane ein like stor eller liten del av norsk grunnskule no som for hundre år sidan. 47 190 nynorskelevar i folkeskulen i 1910 var blitt til 76 690 i grunnskulen i 2014. Ein skriftkultur er meir avhengig av faktiske brukarar enn relative delar. Difor har det mykje å seie at 30 000 fleire elevar bruker nynorsk i grunnskulen no enn for hundre år sidan.

Slik absolutt kunnskap er avgjerande for å kunne vite om eit språk framleis er i bruk. I 1952 kunne Meillet og Cohen fortelje at det finsk-ugriske språket livisk enno blei snakka av om lag 1500 menneske i 12 landsbyar.⁴³ Då Ivar Aasen-tunet opna i 2000, var livisk eit av dei språka som blei presenterte i basisutstillinga, like før det var for seint.

Livarane er det første folkeslaget som buset seg i Latvia.⁴⁴ Dit kjem dei om lag 3000 f.Kr. Med tida er dei å finne over heile Latvia, men dei blei jamleg utsette for forfølgingar. Ein stor pest tidleg på 1700-talet og den store nordiske krigen 1756–63 blir svært øydeleggjande. Ved inngangen til 1900-talet er berre 3000 livarar att. Den første verdskrigen gjer eit nytt innhogg, og berre halvparten overlever. På slutten av 1900-talet har truleg færre enn ti menneske livisk som morsmål. Den siste av dei er Viktor Berthold. Han døyr 28. februar 2009.

Når tala og variablane blir mange nok, kan traderte oppfatningar avsannast eller avkreftast. I nynorskmiljøet var det lenge eit munnhell at ein ikkje kunne stole på vernepliktsstatistikken. «Og der krysser man av bokmål», skal ha vore ei vanleg utsegn frå sesjonsoffiserane når dei gjekk gjennom spørjeskjemaet og kom til spørsmålet om målform. Det kunne vere noko i det, men synet på vernepliktsstatistikkane kunne også kome frå det faktum at dei innebar ein stor språkleg lekkasje frå nynorsk til bokmål, målt med språkfordelinga i folkeskulen. No er tabellane mange nok til at konklusjonen kan rekkjast: Vernepliktsstatistikken var ikkje så ille likevel. Tala viste ein større overgang til bokmål enn det var faktisk dekning for i 1950- og 60-åra, men særleg frå 1980-åra har tala vore ganske pålitelege. Det vil seie at målrørsla i fleire tiår oversåg ei kritisk utvikling.

Det norske materialet som no ligg føre, viser at endringane i språkfordeling sjeldan kjem brått. Intervall på fem og ti år kan vere meir enn nok til å fange opp dei viktige endringane. Det kunne ein likevel ikkje vite før mange nok år var undersøkte. I Språkfakta 2015 er der få slike tydelege brot. Eitt av dei tydelegaste er endringane i tenestemål i kommunane etter dei mange kommunesamanslåingane i 1960-åra. Prosentdelen nynorskkommunar blei brått færre i 1965, men var attende til det gamle nivået mot slutten av 1970-åra. Eit anna slikt brot er dei mange nynorskavisene som blei sette i gang då offset-teknologien blei allmenn i 1970-åra.

Det gode med tabellar er at dei tvingar fram system og viser dei kvite flekkane på kartet, dei tome felta, det ein ikkje veit. I ein tekst er det lett å skjule manglande faktum, i ein tabell er det vanskeleg. I den gode tabellen ligg ein systemtvang som kan verke kjølig, men som tvingar fram meir presise vurderingar.

Den som les Les langues du monde, oppdagar fort at kapitla om dei ulike språka og språkgruppene er stramare komponerte i omtalen av språksystema enn når det skal gjerast greie for utbreiing. Då eg gjekk gjennom verket for å samla brukartala i éin tabell, blei tomromma for mange til at det gav meining for andre språkfamiliar enn den indoeuropeiske. I eit langt kapittel om det store språket japansk var der inkje å finne om utbreiinga. Dette heng nok saman med at kunnskapen om utbreiing enno var ganske mangelfull. Det arbeidet Tesnière hadde utført i 1920-åra, var nokolunde oppdatert. Resten var blanke ark. Tabellen med dei mange opne felta blei eit talande uttrykk for det språkvitskapen visste på midten av 1900-talet, og kor mykje kunnskap som faktisk er blitt utvikla i dei sju tiåra etterpå.

Her er det på tide å slå eit slag for den uferdige tabellen. Som sjanger er tabellen noko av det mest kantete som tenkjast kan – tidsintervalla må vere identiske, alle tala må vere på plass, og dei må byggje på same typen materiale. Dette er viktig når ein tabell skal vise status og utvikling for eit emne i eit gitt tidsrom. Likevel kan tabellar vere verdfullt også som ei ufullstendig liste over tilgjengelege data. Eitt tal kan stadfeste eller avkrefte eit anna, og sjølv ein uferdig tabell kan vise at noko ikkje stemmer i den kunnskapen som har vore rekna som etablert. Den eine kjelda finst ikkje som gir korrekt og komplett oversyn over kyrkjespråk i Noreg. Då har det ein verdi i seg sjølv at alle dei data som kan skaffast, blir samla i ein og same tabell. Alternativet er å vere utan tilgjengeleg og oversiktleg informasjon.

I statistikk blir språk stundom eit puslespel, men ofte også ein mosaikk der ein ikkje heilt veit kor mange tal der er å finne. Den uferdige tabellen er verdt eit forsøk, som statstikkens variant av essayet.

I formidlinga av statistikk dominerer figurane søyle, kake og kart. Nasjonalstaten skulle ha sitt språk, og det styrkte bruken av kart for å vise utbreiing og bruk. Innanfor ein verdsdel kunne ein lenge nøye seg med å vise grensene for dei enkelte språka utan å vise dei lingvistiske samanhengane mellom språka. Når språka var sorterte etter sine samanhengar både innanfor og mellom verdsdelar, blei det mogleg å vise desse samanhengane med skravur eller fargar. Etter kvart som språkvitskapen fann nye samanhengar og forkasta gamle, måtte dei språklege verdskarta teiknast på ny. Difor skil dei karta seg som byggjer på Joseph Greenbergs språksyn seg mykje frå andre. Likeins blei fleire språk teikna inn i verda når dei vestlege koloni-imperia blei avvikla. Mange geografiske og språklege grenser er heilt ulike dei som gjaldt for hundre år sidan.

Dessutan, for kvart tiår visste ein om fleire språk og korleis dei eventuelt hang saman. Å lage eit språkleg verdskart var vanskeleg nok den gongen ein rekna med at der var 2500 språk i bruk. Med over 7000 språk i bruk kunne den territorielle utbreiinga berre visast på kart i stor målestokk. Ethnologue gjorde det einaste rette då dei i 2009 viste kvart språk som ein raud prikk. Dermed viste dei kor konsentrert språkmangfaldet kring ekvator er – og at det slett ikkje er ein liknande konsentrasjon av busetnad der det er flest språk.

Grafiske figurar treng sine tabellar og er difor sekundære. Det same gjeld mange kart, med nokre spektakulære unntak. Dei 21 karta som følgde med Les langues du monde i 1952, var i dempa pastellfargar og fylte med presis stadfesting av både bantuspråk i Afrika og urfolksspråk på det amerikanske kontinentet. Favoritten er kart nr. 1 framanfor: «Langues de civilisation» (kart nr. 1).

To hundreår før, i 1741, hadde den tyske språkforskaren Gottfried Hensel publisert Synopsis Universae Philologiae, eit oversynsverk over språka med ein del ordna etter emne og ein annan del etter språk. Boka utstyrte han med fire handkolorerte koparstikk som måler 45 x 39 cm. Store, vakre, originale. Karta viser ein del språkgrenser i ulike verdsdelar, sett med auga for den tida (kart nr. 9).

Den fleirspråkleg orienterte Hensel er i dagens digitale format berre omtalt på engelsk, i tre setningar, i det mangespråklege oppslagsverket Wikipedia.⁴⁵ Der heiter det at Gottfried Hensel (1687–1765) var ein tysk språkforskar, rektor i Hirschberg, og best kjend for verket Synopsis Universae Philologiae. Å vere best kjend for eit verk dei færraste visste om då den artikkelen blei skriven, røper kor vanleg det er blitt å snakke om kva nokon er kjend for i staden for å framheve det ein har utretta, fått til, skapt.

Teljing og forteljing
Kart 9. Gottfried Hensels Europa-kart 1741, vedlegg til Synopsis Universae Philologiae.

 

Verket av Hensel hadde ein tidstypisk lang tittel: Synopsis universae philologiae: in qua: miranda unitas et harmonia linguarum totius orbis terrarum occulta, e literarum, syllabarum, vocumque natura & recessibus eruitur. Cum Grammatica, LL. Orient. Harmonica, Synoptice tractata; nec non descriptione Orbis Terr. quoad Linguarum situm & propagationem, mappisque geographico-polyglottis. Dette var eit tidleg arbeid innanfor komparativ språkvitskap, utgitt på latin i Nürnberg 1741 med ny utgåve i 1754.⁴⁶

Komen hit kan fascinasjonen min for språkkart ikkje lenger skjulast. Eg har aldri gjort som poeten Rolf Jacobsen og lese kart slik andre les bøker. Verdskartet etter Mercators projeksjon hang på rommet frå eg var tretten eller noko slikt. Kvar radiostasjon som blei fanga inn med kattauget på Radionette Duett, viste att med ei nål, men nåler har det med å losne. Når Radio Rural Brasileira dundra inn frå Rio de Janeiro ein sein kveldstime, og augo søkte mot Sør-Amerika på kartet, var eg fanga i geografien. Verdskart er noko av det vakraste uttrykket mennesket har skapt for sin eigen eksistens, same kor misvisande det er å gjere jorda flat.

Verket er både ein katalog og ein tematisk systematisk gjennomgang. Hensel presenterer dei språka som då var kjende, saman med dei skriftsystema dei brukte. Som andre i samtida prøvde han å vise at alle språka kom frå det same, frå hebraisk. I det ligg mykje teologi og lite filologi. Den tanken hadde festna seg etter at Pierre Besnier i 1675, to år før han døydde, hadde publisert essayet “A philosophicall essay for the reunion of the languages, or, the art of knowing all by the mastery of one”.⁴⁷

Hensel hadde mange skrifter å velje frå til karta sine. I London samla D. Mottus og Dan. Brown i 1700 saman 99 ulike versjonar av «Vår far» i verket Oratio Dominica; nye utgåver kom i 1710 og 1713. John Chamberlayne og David Wilkins publiserte 152 versjonar i Oratio Dominica in diversas omnium fere gentium linguas versa, Amsterdam 1715. Ikkje minst kan han ha brukt ei samling med 361 utgåver av bøna, samla av Heinrich Bartsch i 1728.

Ein nordmann ser fort at den teksten som er brukt til å identifisere Noreg, er meir tysk enn den som ligg over Danmark. «Wor Vader du som est ij Himelen / Geheiliget worde dit Nafn» går her for å vere norsk, medan «Vor Fader i Himmelen / Helligt vorde dit Nafn» er dansk. Førelegget for teksten til Noreg må ha vore den teksten Stephanius hadde publisert over hundre år tidlegare. Avstanden kunne vere stor mellom den tida språkprøvene skreiv seg frå og tidspunktet då verka blei skrivne. Språk var ein trygg konstant. Den historiske linja var alt, samtida eit tillegg. Det meste av Sverige, kalla Germania Transmarina slik romarane hadde gjort, fylte Hensel like godt med ein versjon i runeskrift.

I boka brukte han lite plass på dei skandinaviske språka. Likevel tok han med opningsversa i Første Mosebok frå den islandske Bibelen, utgitt i fire ulike utgåver mellom 1584 og 1747. Dei to versa er så ulike at ein knapt kan tru dei er frå same utgåva. Vers 1 er umiskjenneleg islandsk, vers 2 ganske så vestlandsk:⁴⁸

Og Gud sagte: Verde Lios! Og dar vard Lios, og Gud sa at Liosit var Gott. Da skilde Gud Liosit fra Myrkrunum og kallade liosit: Dag, efi Myrkrid, Nott.

Denne teksten ligg mykje nærmare norsk tale på 1700-talet enn den lågtysk-danske teksten han prenta over Noreg på kartet.

Kartet over Europa blei henta fram att i Katalin Plihál og József Hapáks Maps of Europe 1520–2001, utgitt i Budapest 2003. Heile tittelen på Europa-kartet er «Det fleirspråklege Europa, med slektskapen mellom språka, og alfabeta og skrivemåtane til alle folkeslag». For å få fram skilnadene brukte Hensel opningslinjene frå «Vår far». Den fleire hundre år lange tradisjonen med å vise språkskilnadene ved hjelp av denne bøna, overførte altså Hensel til kartografien.

Oppe til venstre viser kartet fleire alfabet, og somme av dei finst knapt utanfor dei språkhistoriske minnebøkene i dag. Her er det skytiske alfabetet, frå eit nomadefolk ved Det kaspiske hav), gresk, markomannisk (folkeslag i Böhmen), runer, moesogotisk (austgermansk språk brukt av folkegruppa moesarane i det området som no er Serbia og Bulgaria) og picts-hiberno (keltisk språk i gamle Irland). I høgre hjørne er det russiske alfabetet skrive inn, nede til venstre står alfabeta latin, tysk, anglosaksisk, og heilt nedst alfabeta hunisk, kyrillisk, illyrisk og, sanneleg, etruskisk.

Også kartet over Sentral-Asia er fylt med tekstlinjer frå «Vår far», dessutan fleire alfabet. For Afrika og Amerika er opplysningane meir avgrensa; det er som om språkvitskapen på denne tida veit meir om Asia enn om Amerika. Med desse karta publiserte Hensel opningslinjene frå «Vår far» på meir enn 50 språk.

Kring 2010 var desse bileta blitt ein klassikar på Internett. Desse karta kan vere dei eldste samtidsframstillingane av språksituasjonen i grafisk form. Det var relevant å peike på skilnader og viktig å forstå det som no heiter kulturelt mangfald. I dag ligg det føre hundrevis av slike språkkart – somme meir informative enn andre, og somme meir av det elegante slaget. Slike kart får fram skilnader, men ikkje proporsjonar eller samanhengar. Likevel, kven kan ønskje å gå glipp av informasjon som også er visuelt slåande?

Hadde karta berre vore til å stole på. Hausten 2012 publiserte historiegeografen Martin W. Lewis ved universitetet i Stanford fem artiklar der han gjorde greie for til saman 103 feil berre i nokre kart over indoeuropeiske språk.⁴⁹ Målet for kritikken var ein fersk artikkel av Remco Bouckaert ofl: «Mapping the Origins and Expansion of the Indo-European Language Family».⁵⁰ Lewis kan meir enn sin geografi. For han var det innlysande at skotsk-gælisk må visast som eit eige språk. Eit lite utdrag frå «Auld Lang Syne» av Robert Burns i original og på standard engelsk var nok til å få fram poenget.

Tidlegare same året hadde han teke for seg mengdene av språkkart på Internett.⁵¹ Dei fleste karta viser språkfamiliane eller dei mest utbreidde språka. Vanlege feil er at fleirspråklege statar blir eittspråklege, og det er dei offisielle språka som blir viste, same kor mange eller få som bruker dei. Den største misvisinga fann Lewis i kart nr. 8 framanfor. Med ei djupare forståing av fleirspråklege samfunn blir det vanskelegare enn nokon gong å lage dei gode språkkarta. Resten er fargar og estetikk.

I ordspel står språket sjeldan på spel. Det som ikkje er på Internett, finst ikkje, heiter det i den digitale logikken. Ein enkel analogi skulle vere at det som ikkje er trykt, heller ikkje finst. I beste fall er dette analogisk innsikt om ein grunnmyte i vestlege skriftkulturar.

Språk er den viktigaste infrastrukturen i eit samfunn. Noko slikt må forståast på mange måtar også gjennom tal. Kor mange som bruker eit språk, seier lite om språket, men ein god del om det samfunnet der språket blir brukt. Den språklege tyngda som ligg i bruken av eit språk, er ein indikator for det kulturelle mangfaldet i det samfunnet. Vanskelegare er det ikkje, men så vanskeleg er det.

Eg voks opp i eit hus der det var leksikon som gjaldt. Oppstod det tvil, og tvil oppstod nær sagt ved kvart måltid, skulle far sjå etter kva det stod om saka i Gyldendals store konversasjonsleksikon i fire band frå 1960. Verket avløyste den velbrukte eittbandsutgåva Gyldendals nye konversasjonsleksikon frå 1948. Den korte artikkelen om «språk» i band fire sluttar med ein tabell over brukarar av dei største språka. Inga kjelde er nemnd, men tabellen gir ein «tilnærmet angivelse av hvor mange som har dem som sitt offisielle språk». Tala er jamt over høgare enn i 1952-utgåva av det store franske verket. Så kven var det som rekna? Ein første mistanke gjekk til amerikanske World Almanac and Book of Facts, utgitt nesten kvart år like sidan 1868. I seinare år har boka hatt eit fast kapittel om språk, men noko slikt fanst ikkje i dei utgåvene frå 1950-åra eg har sett.⁵² Den kjeldelause tabellen fortel at utover i det 20. hundreåret var der jamt fleire som lage statistiske forteljingar om språka i verda.

Både på eit kart frå 1741, i ei bok frå 1809 og ei keramisk veggtavle frå 1885 blei ei bøn frå tidleg 1600-tal brukt som språkprøve for norsk. Der var enno ingen tanke om at språk endrar seg og difor heller ikkje kva endringar det kunne vere tale om. Ein såg at språka var ulike, og det var det ein la vekt på og som ein ville vise. Språk var ein konstant faktor, ein infrastruktur ein knapt hadde ord for, men som var så viktig at bøker måtte skrivast, kart fargeleggjast og lister lagast.

Iallfall frå 1500-talet har ein prøvt å ordne og dokumentere all verdas språk. Til langt ut på 1800-talet blei skrifter frå 1600- og 1700-talet brukte for å vise skilnadene og likskapane mellom språka. I skrifta var talemåla frosne tidsbilete frå farne tider. Slike som Ivar Aasen måtte til for å modernisere kunnskapen om korleis språka faktisk var i si eiga samtid. Det gjekk nesten 500 år før det meste kom på plass.

Då vi laga basisutstillinga til Ivar Aasen-tunet fram mot 2000, skulle språkendringane i Noreg visast. Vi kom raskt til at bibeltekstar var den beste måten å gjere dette på. Ikkje visste vi at vi med det gjekk inn i den største konvensjonen for språkleg dokumentasjon i den vestlege verda. Det forstod eg først då dette essayet tok form og den eine setninga etter den andre måtte handle om religiøse tekstar. Like lenge som ein har prøvt å vise språklege skilnader systematisk, har ein gjort det med dei religiøse tekstane i kristendomen.

Den tradisjonen blei etablert på Martin Luthers tid. Den eldste boka eg har funne med «Vår far» på mange språk, er Mithridates de differentis linguis av sveitsaren Conrad Gesner frå 1555. Mest av alt var han naturvitar, og han gjorde mykje for å sortere planteverda lenge før Carl von Linné etablerte Systemet. I 1450 var Bibelen eller delar av Bibelen omsett til 34 språk, og ved inngangen til 1500-talet låg det føre trykte utgåver på berre 14 språk.⁵³ Kor mange som brukte dei ulike språka, er høgst usikkert. På 1500-talet levde det truleg i underkant av 500 millionar menneske.⁵⁴ Eitt overslag peikar i retning av at 12,3 millionar brukte fransk i 1550, medan 6,7 millionar brukte spansk og 3,1 millionar engelsk.⁵⁵ Dette stemmer bra med ei folketalskjelde som oppgir 16 millionar innbyggjarar i Frankrike og 7 millionar i Spania i 1550.⁵⁶ Dette var før den vestlege koloniseringa og kristen misjon i fleire verdsdelar. I Europa var fransk det største språket, men dei europeiske språka var små i verda.

Kven som veit kva, er alltid relativt, men i si tid kunne Gesner i det minste gjere greie for om lag 130 språk. Verket blei trykt opp att i Sveits i 1610 med eit tillegg av Kaspar Waser, professor i hebraisk, gresk og teologi. Språka var ordna alfabetisk, og av dei skandinaviske språka fekk islandsk og norsk mest omtale; dansk og svensk var for parentesar å rekne. For norsk presenterte Gesner omsetjingar av sju ord. Speck er eit av oppslagsorda i denne tidlege framandspråklege ordlista for norsk, forklart med tysk Fleisch og latin caro.⁵⁷ På nærmare 500 år strekte denne kunnskapen seg til over 7000 språk; dei fleste var der i 1550 også. Det forklarer det fleire hundre millionar store gapet mellom dei tre vesteuropeiske språka og alle innbyggjarane på jord – få av dei kunne skrive, men snakke gjorde dei. Langt ut på 1800-talet var framleis lese- og skrivekunna mykje svakare i industrisamfunn som Frankrike og England enn i Russland og Sverige.⁵⁸ Og folk flest budde ikkje i Europa. Berre i Kina levde det truleg om lag 110 millionar på 1500-talet, og dei hadde sitt å seie.⁵⁹

Den eurosentriske inngangen til språkverda som Gesner bygde i 1555, kan ha hatt sine motstykke i andre kulturar. Ikkje minst hadde asiatiske imperium interesse av å vite om språklege og andre kulturelle forhold hos handelspartnarane sine. Å skrive at ein lenge visste mest om språk i dei vestlege delane av verda, kan difor vere ei europeisk sirkelslutning. I nyare tid har fagmiljø innanfor den kristne kyrkja drive ein ganske systematisk språkvask i denne delen av jamførande språkdokumentasjon. Så mykje har dei gjort at kunnskapen har sprengt dei rammene som ein gong var der. Så lenge ein visste om få språk, kunne dei visast med korte formlar av typen «Vår far». Med si samling av om lag 500 utgåver av «Vår far» nærma Johan Chr. Adelung seg den redaksjonelle smertegrensa for slik dokumentasjon på trykk i eit verk som utgjorde 3300 sider.

Tekstane kom til kort. Språk blei kart, tekstar blei tal.

No er også den grensa passert på trykk. Ethnologue blei berga av det digitale formatet. Aldri kunne språkmangfaldet lettare dokumenterast og visast enn i den digitale skriftkulturen som blei forma frå 1990-åra. Til det fekk kyrkjemiljøa nødvendig hjelp frå kosmopolittane i moderne språkvitskap.

Dette essayet tok til i Frankrike og endar i Sveits. Det var ikkje dit eg trudde eg skulle. Om Conrad Gesner var den første, var det likevel den franske troikaen Antoine Meillet, Lucien Tesnière og Marcel Cohen som tenkte fram det vitskaplege grunnlaget for kombinasjonen av språk og tal. Dei skreiv siderike bøker om emnet, men dei skriftene manglar i dagens standardomtalar av forskarane.⁶⁰ Våren 2015 var der 35 millionar artiklar på 286 ulike språk i Wikipedia.⁶¹ Ingen av dei nemnde nokon av dei to utgåvene av Les langues du monde par un groupe de linguistes, bøkene på 812 og 1297 sider som likevel finst, der dei står i grønt og raudbrunt side om side med andre grunnskrifter i ei hylle i eit hus i ein veg i eit land.

 

Publisert 15.10.2015

Sist oppdatert 12.8.2015

¹   Antoine Meillet: Les Langues dans l'Europe nouvelle, Paris 1918, s. 7.  
²  Antoine Meillet, same staden, s. 269 f.
³  Antoine Meillet, same staden, s. 195.
⁴  Antoine Meillet og Marcel Cohen : Les langues du monde, Paris 1924, s. 196 ff.
⁵  Antoine Meillet og Marcel Cohen: Les langues du monde, Paris 1952, s. xxix.
⁶  C. Plinius Secundus: The Historie of the World, Book VII, Chap. XXIIII Examples of memorie, http://penelope.uchicago.edu/holland/index.html, lesedato 16.5.2015.
⁷  J. Chr. Adelung: Mithridates oder allgemeine Sprachgeschichte, Teil T, Berlin 1806, faksimiletrykk Hildesheim og New York 1970, Einleitung, s. iii.
⁸  Verket kan lesast på Biblioteca Virtual Miguel de Cervantes, www.cervantesvirtual.com.
⁹  Michel Dessaint: «Antoine Meillet et Les langues du monde», Histoire Epistémologie Language, 10-II, 1988, s. 187–194, www.persee.fr, lesedato 18.5.2015.
¹⁰  Ottar Grepstad: Språksansen, Oslo 2013, innførsel 2.2.
¹¹  Merritt Ruhlen: A guide to the languages of the world, Stanford 1975, ny utgåve 1987.
¹²  Merritt Ruhlen: « Linguistic evidence for human origins », i Mark A. Jobling ofl. (red.): Human Evolutionary Genetics, New York 2004, s. 5.
¹³  J. Chr. Adelung, same staden, Teil TV, Berlin 1817, faksimiletrykk Hildesheim og New York 1970, s. 364.
¹⁴  J. Chr. Adelung, same staden, Teil II, Berlin 1809, faksimiletrykk Hildesheim og New York 1970, s. 646.
¹⁵  Johann Friedrich Micraelus: Altes Pommer Land, Das Erste Buch, Alt Stettin 1639, faksimileutgåve Hildesheim 2009, s. 124, jf. J. Chr. Adelung, same staden, Teil II, s. 303 f. Teksten er her sitert etter førsteutgåva hos Micraelius  
¹⁶  Gustav Indrebø: Norsk målsoga, Bergen 1951, ny utgåve Bergen 2001, s.303, viser til Stephan Hansøn Stephanius: De regno Daniae et Norvegiae, Leiden 1629, s. 109., jf. Bayerische StaatsBibliothek digital, https://download.digitale-sammlungen.de/pdf/1433439670bsb10918426.pdf, lesedato 4.6.2015.
¹⁷  Gustav Indrebø, same staden, s. 303.
¹⁸  Olaf Kolsrud: «Nynorsk boklista», Nordisk tidsskrift för bok- och bibliotekvasen, IV, 1917, s. 224.
¹⁹  Joh. Isacio Pontanus: Rerum Danicarum Historia, Amsterdam 1631, s. 793, digital utgåve www.bokhylla.no, lesedato 5.6.2015. Verket finst også ved Oslo katedralskole, viste eit tilfeldig søk 5.6.2015.
²⁰  Margit Løyland: Hollendartida i Norge 1550–1750, Oslo 2012, s. 8 og 17. Framstillinga om hollendartida byggjer på denne boka og Sølvi Sogner: «Og skuta lå i Amsterdam …». Et glemt norsk innvandrersamfunn i Amsterdam 1621–1720, Oslo 2011.
²¹  Arnvid Lillehammer: «Skottehandelen og Rogaland», Ætt og heim 1987, Stavanger 1987, s. 45.
²²  Margit Løyland, same staden, s. 158 ff.
²³  Olaf Kolsrud same staden, s. 224.
²⁴  Jf. Olaf Kolsrud, same staden, s. 223 og 225.
²⁵  www.christusrex.org/www1/pater, lesedato 5.6.2015.
²⁶  J. Chr. Adelung, same staden, Teil II, s. 663.
²⁷  Åse Wetås i e-post 4.6.2015.
²⁸  J. Chr. Adelung, same staden, Teil I, Vorrede, s. xvi.
²⁹  Albert B. Lord: The Singer of Tales, New York 1976, s. 12.
³⁰  Eric M. North (red.): The Book of A Thousand Tongues, New York 1938, s. 2 f.
³¹  Ottar Grepstad: Språkfakta 2015, Ørsta 2015, tabell 1.4.3.
³²  Eric M. North (red.), same staden, s. 15.
³³  Oddrun Grønvik: «Language documentation in a globalised world», i Jan Ragnar Hagland og Åse Wetås (red.): Ivar Aasen ute og heime – om moderne språkdokumentasjon etter Ivar Aasen, Skrifter nr. 1 2015, Trondheim 2015, s. 29.
³⁴  www.linguasphere.info, lesedato 6.8.2015.
³⁵  Ottar Grepstad: «Elenus talknusaren: Peder Hovdan», i Det nynorske blikket, Oslo 2002, s. 140–156.
³⁶  John Edwards : Multilingualism. Understanding Linguistic Diversity, London 2012, s. 6.
³⁷  «Språk », Familieboken, band VIII, Oslo 1940, s. 20.
³⁸  Richard G. Kent : «Les Langues dans l'Europe nouvelle», Language,  4, No. 4 1928, s. 289–291.
³⁹  Jean Perrot: « Antoine Meillet et le langues de l’Europe: l’affaire hongroise», Histoire Epistémologie Langue, 10, 2 1988, s. 301–318, www.persee.fr, lesedato 3.5.2015.
⁴⁰  Ottar Grepstad: «Set tal på nynorsken!», Nynorsk faktabok 1998, Oslo 1998, s. 15 f.
⁴¹  Jf. Espen Søbye: Folkemengdens bevegelse 1725–2014, Oslo 2014, s. 14 ff.
⁴²  Oddrun Grønvik, same staden, s. 46.
⁴³  Antoine Meillet og Marcel Cohen: Les langues du monde, Paris 1952, s. 282.
⁴⁴  Avsnittet er henta frå Ottar Grepstad: Språksansen, Oslo 23013, s. 73.
⁴⁵  Wikipedia English, lesedato 20.5.2015.
⁴⁶  Andre utgåva blei utgitt på nytt i faksimiletrykk i Milton Keynes 2011.
⁴⁷  Johann Gottfried Eichhorn: Geschichte der neuern Sprachenkunde. Geschichte der Literatur von ihrem Anfang bis auf die neuesten Zeiten, Band V, Göttingen 1807, s. 11.
⁴⁸  Gottfried Hensel: Synopsis Universae Philologiae, 2. utgåva 1754, faksimileutgåve, Milton Keynes 2011, s. 474 f.
⁴⁹  Martin W. Lewis: “103 Errors in Mapping Indo-European Languages”, I–V, GeoCurrents, www.geocurrents.info, lesedato 3.6.2015.
⁵⁰  Publisert i Science 24.8.2012.
⁵¹  Martin W. Lewis: “Misleading Language Maps on the Internet“, GeoCurrents, www.geocurrents.info, lesedato 3.6.2015.
⁵²  The World Almanac and Book of Facts 1955, 1956, 2007, 2008, New York.
⁵³  Eric M. North (red.): The Book of A Thousand Tongues, New York 1938, jf. Ottar Grepstad: Språkfakta 2015, www.aasentunet.no, tabell 1.4.1.
⁵⁴  Population Reference Bureau, www.prb.org/Publications/Articles/2002/-HowManyPeopleHaveEverLivedonEarth.aspx, lesedato 6.6.2015.
⁵⁵  Mikael Parkvall: Limits of Language, Wilsonville 2006, s. 79.
⁵⁶  “Population of Western Europe”, www.tacitus.no, lesedato 8.6.2015.
⁵⁷  Mithridates Gesneri, exprimens differentias linguarum, tum veterum, tum quae hodie, per totum terrarum orbem, in usu sunt / Caspar Waserus recensuit & libello commentario illustravit, Tiguri 1610, s. 49, e-rara.ch, lesedato 7.6.2015.
⁵⁸  Peter Stein: Schriftkultur, Darmstadt 2005, s. 272.
⁵⁹  “Demographics of China”, Wikipedia English, lesedato 7.6.2015.
⁶⁰  Wikipedia English, Wikipedia Deutsch, Wikipedia Française, lesedato 7.4.2015.
⁶¹  Wikipedia English, lesedato 7.4.2015. Det  nøyaktige talet artiklar denne dagen var 34 889 758.