Krekse

er eit av dei mange negative orda...

(substantiv hokjønn)
er eit av dei mange negative orda vi har i målføra for 'eit ufyseleg og utriveleg menneske'. Det er lett å ty til når vi vil skjella ut einkvan eller karakterisera personar vi ikkje ønskjer å vera i lag med. Det er mykje brukt på heile Vestlandet, heilt ned til Indre Agder, og dukkar så opp att i Telemark.