Jente

(før skrive gjente) tyder 'barn av hokjønn' og ...

(substantiv hokjønn)
(før skrive gjente) tyder 'barn av hokjønn' og 'ung ugift kvinne', men òg 'tenestjente'. Ordet kan òg brukast om eldre ugifte kvinner ( gammal jente), og i vår tid om kvinner allment. Opphavet er uvisst, men det kan ha samanheng med verbet gantast 'spøka, fjasa (med nokon)'.