Gjøla

er eit gammalt og velkjent ord for 'smigra'...

(verb)
er eit gammalt og velkjent ord for 'smigra' eller 'smeikja', det vil seia å rosa folk meir enn godt er. "Di meir ein gjøler galningen, di galnare vert han", heiter det såleis i eit av Aasens innsamla ordtøke. Meir positivt er det å gjøla med born, det vil då seia å dulla eller kosa med dei. Trønderar og somme austlendingar nyttar ordet om 'det å skryta og briska seg' med.