Gaus

er det same som ein straum eller sprut...

(substantiv hankjønn)
er det same som ein straum eller sprut og kan då gjelda både luft, vatn, oske og anna som kjem strøymande eller gufsande. Også taletrengde personar kan senda gaus på gaus over uskuldige lyttarar. Verbet heiter å gausa, og det tyder då naturlegvis å strøyma, gufsaeller spruta. Både substantiv og verb er å finna i rikeleg monn i målføra, frå Agder til og med Sunnmøre. Forfattarar som Per Sivle, Tarjei Vesaas og Jens Tvedt nyttar dei rett ofte i bøkene sine.