Gap

Ein person som vert kalla gap...

(substantiv hankjønn)
Ein person som vert kalla gap kan anten vera ein tosk eller ein skøyarfant. Ordtaket ein gap kan spørja meir enn ti vise kan svara er rimeleg kjent og gjeld då helst tullingen. Ordet er vidspreidd i norske dialektar. Ofte fer gapen tankelaust og uvørde åt, andre tider er han meir skjemtfull og fer med fanteri. Det er lukka som gjer gapen gammal, heiter eit gammalt ord.