Gaman

er sjølvsagt det same som moro og glede.

(substantiv inkjekjønn)
er sjølvsagt det same som moro og glede. På engelske heiter det game, så vegen mellom engelsk og norsk er ikkje alltid så lang. Ordet vert ofte brukt i ordtak og faste seiemåtar av typen glede og gaman, fry(g)d og gaman, godt og gaman og liknande. Det skifter med sut og gaman, heiter det i eitt av ordtaka til Ivar Aasen, og det er ei sanning som vi berre må ta til oss.