Lett og vandt aa lesa

(Artikkel, 1878)

Av r. [Werner Werenskiold]

De er sakte meint som Erting og Lentur meir en som Aalvor, naar Motmenner tiom er ute mæ de, at Landsmaal og Bygdemaal skaa vera so ubeint aa lesa jamvel fyr Bygdæ. For de er aalkjend, at Maalbøker og Maalbla er fagna Lester kring i Bygdo, og de er likeins titt nok inhamra i Blai heran, at ingjo Lesing kan bli lett uta Vane og go Vilje. De synest soso Sjavvile aa gjere seg noko Bry meir mæ ein slik Motgrunn mot Maali, men de er do ein Ting, som kanskje trengst aa koma meir i Ljosi, og de er, at ein Mann, som dagstøtt les eit Maal, inkje stavar, jamvæl inkje mæ Augo, men han kjenner einstigs eit Or og somti eit Stykkje af Samanhengin paa Makselen. Ein hugabraa Romanlesar kan tana gjenom ei Bok paa ein Times Ti, afdi at han les liksom Chinesaranne heile Oræ og endaa meir i eino. Detti kan inkje vera so stor Sak, som Folk vani tenkje seg, daa me veit, at so gott som alle kan lesa i China, endaa dei dera heve serskilte og hoste flokutte Teken fyre kvort eit Or. Men brigdar du nokso liti, um de so bare er paa Orthografien, so vert de liksom eit Stuvlaup, Vanen og Augo kjem i Trætte, Tankjen lyt ut af Fari sit ti aa semja dei att, og daa gjeng de fyrstundes helder traue mæ Lesingjæ. Men de er sjavsagt, at Maali inkje heve noko Skuld i slikt, for Maali er dømande etti de som de er fyr Øyro, og inkje etti de, som de er fyr ein Nymennings Augo.


Frå Fedraheimen. Eit Blad aat de norske Folket. Laurdag den 19de Oktober 1878. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad