Gud Herren styrer [1]

(Salme, 1903)

Av Matias Skard

Gud Herren han styrer, i kraft han stend
- all himlen er full av hans æra -
so herleg i herbunad, styrke ved lend.
Høglova vaar hovding skal vera!

Han allheimen hev ifraa upphavet fest
- all verdi er full av hans æra -
so ikkje han brotnar, og ikkje han brest.
Høglova vaar skapar skal vera!

Sjaa straumarne støyter til strid ihop
- all jordi er full av hans æra -
og bylgjorne brytst med brusande rop.
Høglova vaar herre skal vera!

Men du i det høge med veldug arm
- all heimen er full av di æra -
er større enn havet i villaste harm.
Høglova vaar fader skal vera!

Ditt trufaste ord stender ævlegt med lag
- og kyrkja er full av di æra -
ja heilagt er huset ditt all sin dag.
Høglova skal namnet ditt vera!


Etter Davids 93de salme. Frå Lesebok for folkeskulen ved Andreas Austlid. Andre bandet. Alb. Cammermeyers Forlag, Kristiania 1903. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad