Rennom, rennom alle fast

(Eventyr,1902)

Av Hans Ross

"Eg frys paa føterne, eg frys paa føterne!" sa høna, dei var ute i nateskog ein vaat haustdag. "Du skal faa sko, du skal faa sko!" sa hanen. "Det lova du i fjor, det lova du i fjor," sa høna. So vart hanen so vond for det at ho vilde driva honom i ljugar, at han knekte ei nòt so hardt at skali fauk ikring. So spratt det eit skal i hovudet paa kjuklingen; daa vart han so rædd, at han tok til aa springa. "Kva renner du for, kjukling-nukling?" sa høna.
 
 
"Det datt ei nòt i kruna mi;
himmelen brast,
jordi knast.
Rennom, rennom alle fast!"
 
 
sa kjuklingen. So rende høna. −"Kva renner du for, høne-kjøne?" sa hanen. −"Eg renner for kjukling-nukling renner." −"Kva renner du for, kjukling-nukling?" −"Det datt ei nòt i kruna mi; himmelen brast, jordi knast; rennom, rennom alle fast!" −So rende hanen.
 
 
So møtte dei ein hjase. −"Kva renner du for, hane-kane?" sa hjasen. −"Eg renner for høne-kjøne renner −o. s. fr. −rennom, rennom alle fast!" −So rende hjasen.
 
 
So møtte dei ein rev. "Kva renner du for, hjase-kase?" −"Eg renner for hane-kane renner −o. s. fr. −rennom, rennom alle fast!" −So rende reven. −So møtte dei ein skrubb. "Kva renner du for, rev-tev?" −"Eg renner for hjase-kase renner, −o. s. fr. −rennom, rennom alle fast!" −So rende skrubben. −So møtte dei ein bjørn. "Kva renner du for, skrubb-rubb?" −"Eg renner for rev-tev renner −o. s. fr. −rennom, rennom alle fast!" −So rende bjørnen: "Rennom, rennom alle fast!" sa han.
 
 
So daa dei no hadde sprunge soso langt og lenge, bar magen til aa svia paa bjørnen. "Eg er so svolten," sa han, "eg er kje mann til aa springa lenger, eg lyt faa meg mat!" −"Me skal faa oss mat," sa reven; "me vil telja: den som er minste namnet i, den vil me eta. Bjørn-tjørn, det er eit stort namn; skrubb-rubb, det er eit stort namn; rev-tev, det er eit stort namn; hjase-kase, det er eit stort namn; hane-kane, det er eit stort namn; høne-kjøne, det er eit stort namn; kjukling-nukling, det er eit lite namn: deg maa me taka!" −dermed glefste reven i seg den. "Rennom, rennom alle fast!" sa han daa. So rann dei.
 
 
Um eit lite bìl sa bjørnen: "Eg er like svolten, eg hev kje fenge meir mat no," sa han. −"Ja, koss skal me so gjera?" sa reven ; "jau, me vil telja: den som er minste namnet i, den vil me eta. Bjørn-tjørn, det er eit stort namn; −o. s. fr. −høne-kjøne, det er eit lite namn, deg maa me taka!" sa han, dermed glefste han i seg den. "Rennom, rennom alle fast!" sa han daa. So rann dei.
 
 
Um eit lite bìl sa bjørnen: "Eg er like svolten, eg hev kje fenge meir mat no," sa han. −"Ja, koss skal me so gjera?" sa reven; "jau, no veit eg det: me vil telja; den som er minste namnet i, den vil me eta. Bjørn-tjørn, det er eit stort namn −o. s. fr. −hane-kane, det er eit lite namn, deg maa me taka!" sa han, dermed glefste han i seg den. So sa han det: "Rennom, rennom alle fast!" sa han. So rann dei.
 
 
Um eit lite bìl sa bjørnen: "Eg er like svolten, eg hev kje fenge meir mat no," sa han. "Ja, koss skal me so gjera?" sa reven −"jau, no veit eg det: me vil telja; den som er minste namnet i, den vil me eta. Bjørn-tjørn, det er eit stort namn; skrubb-rubb, det er eit stort namn; rev-tev, det er eit stort namn; hjase-kase, det er eit lite namn: deg maa me taka!" sa han, dermed aat han upp den. So sa han det: "Rennom, rennom alle fast!" sa han; so rann dei.
 
 
Um eit lite bìl sa bjørnen: "Eg er like svolten, eg hev kje fenge meir mat no," sa han. "Ja-a, koss skal me so gjera?" sa reven, −"nei no veit eg det: me vil telja; den som er minste namnet i, den vil me eta; " og so talde han, foraste han kunde: "Bjørn-tjørn, det er eit stort namn; rev-tev, det er eit stort namn; skrubb-rubb, det er eit lite namn: deg maa me taka!" dermed tok bjørnen og reiv sund skrubben og glefste i seg. So var han no mestom mett daa; reven var no reint stappa, han. "Rennom, rennom alle fast!" sa reven. So rann dei langt og lenge.
 
 
So fór magen til aa svia paa bjørnen. "Eg er er so svolten, eg er kje mann til aa springa lenger," sa han, "eg lyt faa meg mat." −"Me skal faa oss mat," sa reven. "Ja kva skal me slaa paa no daa?" sa bjørnen. "Eg tenkjer me vil saa eitkvart," sa reven; "me vil saa næpor." So daa næporne var store og takande, sa reven det: "Kva vil du hava, roti hell toppen?" −"Aa eg vil ikkje bry meg med aa rota og grava i moldi; du kann taka roti." Ja so subba bjørnen og pausa og aat kaali, og fekk slikt magerìv, og reven pìla og ruska og aat næpor. "Rennom, rennom alle fast!" sa so reven. So rann dei langt og lenge.
 
 
So fór magen til aa svia paa bjørnen. "Eg er er so svolten, eg er kje mann til aa springa lenger; eg lyt faa meg mat." −"Me skal faa oss mat," sa reven. "Ja kva skal me slaa paa daa, tru" sa bjørnen. "Jau, eg tenkjer me vil saa eitkvart, atter; men eg er leid av aa rota og grava etter desse næporne, eg tenkjer me vil saa oss rug," sa reven. So daa rugen var skjær, sa reven det: "Kva vil du no hava, roti hell toppen?" −"Eg vil ikkje hava meir kaal," sa bjørnen; "du kann taka toppen." Ja, so tok reven alle aksi, med bjørnen gjekk kjafsa og aat den tørre rughalmen og røterne. "Rennom, rennom alle fast!" sa so reven. So rann dei langt og lenge.
 
 
So tok magen til aa svia paa bjørnen. "Eg er er so svolten, eg er kje mann til aa springa lenger," sa han; "eg lyt faa meg mat." −"Me skal faa oss mat," sa reven. "Eg undrast kva me skal slaa paa no?" sa bjørnen. "Jau, eg tenkjer me vil fiska," sa reven. "Gakk no du ned paa isen og krafs og grav og faa deg eit hòl, og sting so róva ned i, og so kann du segja meg til, fyrst du kjenner det svid: daa bit det." Ja, so gjekk bjørnen ut paa isen og krafsa og grov, til han fekk hòl, og stakk róva ned-i og sette seg til aa bia paa det skulde bita. −"Sit lenge, sit lenge! so kjem dei store fiskarne," sa reven.
 
 
Daa no reven tenkte at bjørnen var vel klaka fast, sa han: "No bit det vel?" −"Ja no bit det fulla," sa bjørnen, "det svid so reint fælt." −"No rykkjer du so skarpt som du er god for!" sa reven. So sprang bjørnen til, eit hopp so fælt, og so sleit han av seg róva, veit du. Og sidan er han no stubbróva.
 
 
Daa skyna bjørnen at reven hadde narra honom heile tidi, og so vart han so sinna, han vilde drepa reven. So elte han etter honom, til reven fekk smjuga seg inn under ei fururot. So grov bjørnen til han fekk tak i den eine bakfoten til reven. Daa log reven seg so godt: "Just held du i fururot, og trur det er revefot." So slepte bjørnen foten att, og reven smette seg inn i ei urd.

Ordforklaringar:
 
Rennom: lat oss renna (laupa).
Fast: hardt, fort.
Ute i nateskog: ute og plukka neter (nøtter).
Driva i ljugar: gjera til ljugar.
Kruna: hjesse ("isse")
Knesta eller gnesta: smella, knaka.
Hjase: hare.
Soso: soleis.
Koss: korleis.
Forast: snarast.
Mestom: mest, godt-som,nærpaa.
Slaa paa: finna paa, raada seg til.
Pausa: eta med full munn, stappa i seg.
Pìla: plukka.
Ruska: riva.
Skjær: mata, ferdig til aa skjera.
Kjafsa: hogga med munnen.
Klaka: frjosa, isa til.
Elta: jaga, forfylgja.
 

Frå Læsestykker paa landsmaal ved Nordahl Rolfsen og Bernt Støylen. Kristiania: Jacob Dybwads Forlag 1902. Først prenta i Dølen. Elektronisk utgåve 1998 ved Jon Grepstad