Ei klok Kraaka

(Lesestykke, 1869)

Av Olav Paulson

I Vanden skal ein Vitet røyna. Der er Raad imot Uraad.

Tvo Kraakor foro eingong i kring og leitade etter Vatn, for dei vaaro tyrste. Dei funno daa ei Krukka med nokot litet Vatn i, men Krukka var so djup, at dei inkje naadde nedi. Dei freistade at velta henne; men ho var for tung til dess. So freistade dei at pikka Hol paa; men ho var for tjukk og hard, so dei vunno inkje det helder. Den eine Kraaka flaug sin Veg, men hi gjekk sturi i kring um Krukka. Sidstpaa fann ho paa den Raadi, at sleppa Smaastein ned i Vatnet. Ho bar den eine Steinen fyre og hin etter og kastade ned i Krukka; Vatnet steig høgre og høgre, alt til dess ho naadde i det med Nebben sin og fekk drikka seg utyrst.



Etter A. Olsens A B C og Læsebog. Frå Lesebok i Landsmaalet ved Olav Paulson, Bergen: Ed. B. Giertsen 1869. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad