Svensken på Stein

(Lesestykke, 1930)

(Soga)

Av Olav Jakobsson Høyem

Same gongen (1718) var han herr Johan (Krautz) prest på Bynesse; og han var rik og åtte ein fin, eplegrå hest, som han var so rædd, svenskane skulde ta ifrå honom, at han tømra hesten in i eit hus utan vindauge og dører på ute i ei avsides trø, forat fien­da ikkje skulde finne hesten. Trøa kalles ændå Hest­hagan den gongen au, liksom ho gjer no.

Men då svensken kom in på Nedstugu-Stein for å røve og rane, tala kjeringja om åt fiendom, kor prestegråen var å finne; og dei var so glad i hestar, at ho slap å ut med bjellekuen sin for de same. Dei for straks op i Hesthagan, tet op- og utfor Nedstugu-Stein og tok hesten. Men de komopåt honom herr Johan, kva Nedstugukjeringja hadde gjort, og ho måtte bøte hardt for den synda si; ho fekk aldri gå til gudsbord meir for de same.


Frå Olav Røkke: Olav Jakobsson Høyem. Norsk folkelesnad II. Nidaros: Nidaros folkeskriftnemnd 1930. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad