Tanke og plan i skaparverket

(Lesestykke, 1910)

Av Rasmus Flo

Naar me ser eit gangverk der alle leder verkar i einskap, so gjeng me alltid ut fraa det, at det hev vore ein tanke med aa setja det saman. Kva skal me daa meina um det store gangverket som hev gjenge ustanseleg gjenom tusundaars ævelengder?

"Um du tok eit sét med bokstavar i ein pose," segjer Tillotson, "og riste deim ihop og tømde deim ut att, - kor lenge skulde du daa halda paa aa rista deim og tøma deim ut, fyrr du paa den maaten fekk deim til aa leggja seg soleis at det vart eit velskrive dikt som stod aa lesa, eller berre eit stykke lesnad som det var meining i? Og skulde ikkje ei liti bok likso lett lata seg gjera paa slump som den store naturens bok?"

"Kor lenge skulde ein mann berre skvetta fargar paa ein klut, fyrr det vart eit skaplegt bilæte av eit menneskje? Og skulde menneskja sjølv lettare hava kome til paa slump enn eit slikt bilæte?"

Eller um ein lèt tjuge tusund blinde draga ut kvar fraa sin kant av England, kor lenge skulde dei daa flakka att og fram, fyrr dei alle møttest paa Salisbury-moen og stelte seg saman i rekkja og rad som ei velskipa herfylking? Og likevel er dette lettare aa tenkja seg enn at eit utal av livlause fjom skulde stemna og laga seg ihop til ei verd."

- I lange tider og ættleder, hev menneskja brukt sin tanke til aa finna ut dei kunster og raader som dei no hev aa hjelpa seg med. Men ser ein etter, so viser det seg, at naturi hadde funne ut dei same lenge fyrr, og mange fIeire og betre, som menneskja endaa ikkje hev vore god for aa gjera etter. Kvar ein arbeidsmann kann sjaa motstykke i naturriket til dei framgangsmaatar som han brukar i si daglege gjerning.

Sjømannen kan sjaa sine greidor og grip tekne i bruk dyri som liver i sjøen. Soleis kann han sjaa eit av dei lægste sjødyri, ei manneta, driva siglekunsti. "Den spanske siglaren" kallar sjømennerne henne. Ho hev ein kamb paa ryggen, som ho kann setja upp og bruka til segl. Like eins kann han sjaa korleis mange av skjeldyri hev kjettingar eller traadar som dei legg seg for anker med; ikkje aa tala um noko so velkjent som det, korleis fisken brukar sporden sin til aa vrikka seg fram gjenom vatnet. Foten paa symjedyri er eit godt døme paa det dei kallar aa skivja aari, med di at symjehudi og tær legg seg saman naar foten vert dregen fram. Kvalen, veit me, lyt ofte upp i vatstrømen og faa seg luft, og paa honom er sporden slik, at han legg seg ut naar han slær han ned, legg seg i hop naar han slær han upp i vatnet.

Veidemannen brukar gjerne aa klæ seg i slik bunad som er minst utsynt i skog og mark. Kobbefangarane hev stundom brukt aa draga kvite skjortor utanpaa klædi. Men det knipet hev isbjørnen gjort bruk av lenge fyrr nokon kobbefangar fann paa det. Ja, ein kann trygt segja um alle ville dyr at dei hev teke nettupp den fargen som i det heile kjem deim mest til nytte. Fiskarne er oftast av same farge som havbotnen der dei mest ferdast. Hjorten er brun, liksom lyngheidarne, og reinen graa, liksom urderne og knausarne uppi høgfjellet. Slike fuglar som held seg mest paa marki, som vipa og sniporne, hev baade til seg sjølve og eggi sine teke farge etter marki ikring. Like eins ser ein stendigt at eggi er grønfarga hjaa dei fuglarne som byggjer reiri sine uppe i lauvtrèi. Merkelegast i det stykket er vel slike dyr som rjupa. Um den hev Thompson sagt: "Det er ikkje for mykje sagt, um me kallar hennar fjørklædnad ei finmaaling av fjell-landskapet til alle aarstider, maala med ei hand som aldri gjer eit feilstrok. Um sumaren ser me paa den fine blanding av graatt, brunt og svart, som svarar til fargen paa dei tri berg-emni i vanleg granitt - feldspat, kraakesylv og kvarts - der ho mest ferdast millom urder og knausar av granitt og gneis. Utpaa hausten, naar snøen tek aat aa leggja seg i fjelltindarne og her og kvar nedetter liderne, vert rjupa kvitdroplut; og um vetteren, naar snøen glimar alle stader, er ho mest all igjenom likso skir og bjart som den." - Med det same kann det vera verdt aa nemna, at dei kvite og ljose fargarne som er so vanlege hjaa dyri i ishavslandi, dei er ogso dei varmaste.

Men gras og urter er ikkje burte dei heller. Noko av det merkelegaste ein kann sjaa i den vegen, er det at sume vokstrar som ikkje sjølve hev forgift eller annan styggedom aa verja seg med, dei hermer i sin farge og skapnad etter slike som kann verja seg paa den maaten. Soleis hermer balderbraa etter gaaseblomen, som krøteri skyr for hans beiske smak; og ein plante av det slag dei kallar jonsokkoll hermer etter vortegras, som han ofte veks i lag med, og som er forgiftigt. Best kjent er dette med brennetla og eit gras som er kalla dauvnetla, som ikkje kann brenna. Desse tvo vokstrarne er ikkje meir skylde enn t. d. humle og revbjølla, men likevel veks dei oftast i lag, og er so like aa sjaa til, so ein vanleg mistek seg paa deim.

Ein byggmeister kann læra mykje av bygnaden hjaa vokstrar og dyr, naar han ser etter korleis styrken er lagt der som tyngdi og trykket tek hardast, men derimot alt finbygt der det er lettleiken um aa gjera. Den namngjetne engelske byggmeisteren Smeaton, som bygde Eddystone fyrtaarn, tok mange av sine tankar etter skapnaden paa slike store tre som er bygde til aa standa i hundradaars stormar. Og Josef Paxton, som var baade hagedyrkar og byggrneister, og som bygde glashuset til det store skodemøtet i London i 1851, han fortalde at han hadde lært mykje med aa leggja merke til tilstellingarne med dei overhendige bladi paa den store lilja victoria regia, som nettupp daa var førd hit fraa Giana til aa pryda vaare drivhus.

Med ei sugepumpa, um ho er aldri so god, kann ein ikkje faa vatnet til aa stiga meir enn i høgdi 32 fot ; men no finst det tre som er 4- 500 fot føge, og som kann draga væta fraa roti heilt upp til dei øvste kvister og blad. Korleis dette gjeng til, hev dei freista aa klaara paa fleire maatar, men hev endaa ikkje funne nokon som vil slaa til.

Dei røyrerne som leider vatn og gas ikring i vaare byar er uvande greidor mot det røyrverket som leider blodet ikring til kvart eit ledemot i kroppen vaar. Fyrr mannen fann paa aa bruka blekkar til aa stengja attervegen i pumperøyrer, hadde han deim alt i sine eigne blodaadrar. Og Harvey hev fortalt at det at han kom til aa leggja merke til desse blekkarne inne i blodaadrarne, det var det som sette honom paa tanken um blodumlaupet, som han var den fyrste til aa paavisa.

Den franske naturgranskaren Buffon, naar han talar um kuven paa kamelen og trælvokstrarne paa føterne hans, so kallar han dette for merke paa vanvyrdsla og trældom. Men gjev ein seg berre lite-grand tid til aa granska etter, so finn ein snart at dette nyttige dyret hev likso god nytta av desse skaplunder som av andre lemer, til det liv som han er laga til. Det er gamalt kjent, kor vel det kjem med for dette dyret, som ofte maa tola torste i so lange tider, at han kann gøyma av ein god slump drikka i den eine magen sin. Like eins skynar ein snart at dei vide fotballarne er framifraa vellaga til aa traa lett paa den lause sandmarki, og at hudballarne paa knèi og brjostet gjer likso god hjelp, naar dyri skal liggja og kvila paa den harde steikjande grunnen. I kuven derimot samlar dei upplag av fødeemne i gode dagar, som ei nista til dei lange ferderne, og tærer paa den naar det ikkje er tilgang paa onnor føda. Det hev daa vist seg og, at etter ei lang ferd hev kuven jamleg minka ein god mun. Naar reinen, som skal ferdast paa dei store snø- og ismarker, ogso hev ein dilik kuv yver bogarne, so er det lett aa skyna at den er meint til aa gjera same gagnet.

Soleis hev det synt seg med mangt og mykje som folk etter ein laus skodnad hev teke for aa vera til unyttes, eller endaa til skade, at det er etla til aa tena vigtige fyremaal i livshushaldet. Me maa difor tru at berre me gjev tòl, so skal det syna seg med alt, at det gjeng ein guddomleg plan og visdom gjenom skaparverket.

Notar:
Salisbury-moen (les Saals'beri), i søre England, paa lag midt millom Bristol og Southampton.
Skivja aari: snu kanten til paa aari, naar ein tek henne attende. - Kvart av desse bergemni hev ikkje alltid same fargen: feldspat graa eller brun; men dei vanlege bergslagi skifter likevel mest med dei tri nemnde fargarne.
John Smeaton (Smit'n), 1724-92, var den fyrste som gjorde byggjekunsti til ein vitskap.
Buffon (lés Byfaang) livde 1707-1788.


Frå Lesebok for folkeskulen ved Andreas Austlid. Tridje bandet. Andre upplaget. Alb. Cammermeyers Forlag, Kristiania 1910. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad