Styrmann Stav

(Forteljing av kaptein Marryat, omsett av Rasmus Flo, 1911)

Av kaptein Marryat, omsett av Rasmus Flo

Paa sjø og i land.

Det var um hausten, ein oktoberdag, at det store skipet Tasmania siglde med strjukande bør midt ute paa Atlanteren. Skipet gjekk med liti seglføring; store segl hadde vorti flengde i fillur i dei harde vindkasti som dreiv skuta framfyre seg, i kapp med dei høge sjøarne, asande og veltande seg etter mest likso fort som ho skar seg veg gjenom deira sjodande skum, stundom med skuten so høgt i vêret og framstamnen so djupt nede i baaredalen, at det saag ut som ho skulde duva beint under i kavet. Men det var eit framifraa velbygt skip, og kapteinen var ein dugande sjømann, alltid umhugsam med aa halda skipet sitt i godt stand og taka dei beste raadgjerder til aa møta faaren, og sette elles si lit til det forsynet som alle tider vaker yver oss.

Kapteinen stod framanfor styrehjulet og hadde auga med dei tvo mennerne som styrde skipet; for naar det gjeng beint unda vêret i ein storm, gjeld det aa agta seg vel paa korleis ein styrer.

Umfram kapteinen og dei kararne som stod ved styret, var det tvo andre uppaa dekket. Den eine var ein gut paa ikring tolv aar, den andre var ein vêrbarka gamall sjømann, med dei graa haarlokkarne flagsande i vinden, daa han steig attetter dekket og saag utyver bakrekkja.

Daa guten med det same saag ein diger skavlsjø koma veltande beint etter skipet, treiv han mannen i armen og ropte: "Du Stav, trur du ikkje den fæle sjøen slær innyver oss?"

"Nei, guten min, det gjer han ikkje; sjaa der, Vilhelm, korleis skipet lyfter laaringi mot baara, og −der smaug ho under oss. Men det kunde gjengi annarleis, at baara slo inn, og korleis skulde det daa gjengi med deg, um ikkje eg heldt meg fast, og heldt fast paa deg med? Du hadde vorti skola yver bord!"

"Eg kann ikkje segja eg likar sjøen, Stav; eg var tilfreds eg var vel i land att," svara guten. "Er det ikkje nett som baarurne skulde vera uppsette paa aa brjota skipet i knas?"

"Jau, det ser so ut, og dei burar og basar, som dei skulde vera vonde for at dei ikkje fær søkkt skuta i kavet under seg. Men eg er so vand med dei, Villhelm, og paa eit godt skip som dette, med dugande kaptein og mannskap, kjærer eg meg ikkje um dei."

"Men det hender daa at skip gjeng under, og alle som er med lyt setja livet til."

"Det er sant, og mang ein gong hender det nett med dei skipi som folki um bord meiner skal vera dei tryggaste. Me hev berre aa gjera vaart beste, og elles aa leggja alt i Guds hand."

"Kva er det for smaa fuglar som fær og flyg so lett ned med sjømaalet?"

"Det er Kari-mors kjuklingar, som me sjømenner kallar dei, eller ogso halvfolarne. Dei er sjeldan aa sjaa andre tider enn i stormvêr, eller naar ein storm er ventande."

Det er dei fuglane som er kalla stormsvalur, desse som Vilhelm spurde um.

"Hev det nokon gong hendt med deg, Stav, at du hev stranda paa ei ubygd øy, liksom Robinson Kruso?"

"Jau, Vilhelm, stranda −det hev eg; men Robinson Kruso hev eg ingen ting høyrt um. Det er so mange som hev forlist og hev havt mykje hardt aa gaa igjenom, og so mange fleire er det som ikkje er komne fraa det med livet, so dei kunde fortelja um det dei hev havt aa staa ut. Det er soleis ikkje vidare ventande, at eg skulde kjenna til denne eine mannen du talar um, millom so mange."

"Ja, men alt det um honom stend i ei bok som eg hev lesi. Eg kann det so godt, so eg skulde gjerne fortelja deg det alt saman −og det skal eg gjera og, naar skipet kjem i ro att. Men no lyt eg be deg hjelpa meg aa koma meg nedatt; for eg lova mor det, at eg skulde ikkje gjeva meg til lenge uppe."

"Det er rett, guten min; hald alltid det du hev lova. Tak so meg i handi, so lovar eg for at me skal naa luka og ikkje dumpa ein einaste gong. Og naar me fær fint vêr att, so skal eg fortelja deg um den gongen eg forliste, og du fortelja meg det du hev lesi um Robinson Kruso."

Etter han hadde hjelpt Vilhelm godt og vel aat kahyttsdøri, gjekk den gamle mannen uppatt paa dekket; for det var hans vakt. [...]

 

 


Frå Styrmann Stav. Ei forteljing um ei stranding i Sudhavet af Kaptein Marryat. Paa nynorsk ved R. Flo. Med 37 teikningar. Kristiania: Utgit av "Barnenes Boksamling" 1911. Elektronisk utgåve 2001 ved Jon Grepstad