Per Sivle

(Minnestykke, 1904)

Av R. Flo

De fyrste eg høyrde namne hans Sivle, de var nok av grannegutar heime i bygdi, som hadde vori i lag med honom paa folkehøgskulen i Sogndal. Denne skulegangen kom til aa draga mykje etter seg for Sivle, veit me. De minste var no vel de, at de kom til aa knyte honom til Jakob Sverdrup, som daa var styrar for skulen, og sidan til hans farbror Johan Sverdrup, i di at Sivle for ei tid vart maalberar for deira synsmaatar i bladheimen. Meir fekk skulen aa segja for Sivle paa den maaten, at de som han lærde og høyrde der vart grunnleggjande for hans liv. Her var de visstnok at de baade fyrst og sterkast vektest til liv, de som kveikte hans nordmannshug og lærde honom aa sjaa stort paa vaar sogu, kva Noreg var, og kva de kunde og burde verte.

So var de ein lærar her i byen som tinga med meg um aa lesa noko engelsk med ein gut som hadde forteki seg med lesing, so han no laut slutte skulen ei tid; - med de same tenkte han aa gaa yvi fraa "latin-lina" til "engelsk-lina". Dette var Sivle. De var ein noko stuttvaksin, smaa-laatin gut. Han tala ikkje mykje, og hadde ikkje lett for aa ordleide seg; - de var no eit slags "riks" de mest gjekk paa med oss baae daa, maa vita. Kort sagt, ein gut so spak, so from og skikkeleg som de nokon gong er komi fraa ei norsk landsbygd. Men de eg serleg lagde merke til ved honom, hugsar eg, de var at han alltid var so snar til aa verte varm, fyrst de var noko som kunde synast gildt og gjævt og godt, meir enn eg var van ved fraa mitt umgangs-lag.

Elles sette no sjukdomen mykje sitt merke paa honom, av noko veikt og saart. Han laut alltid vera so v â r no og ikkje røyne seg, so de var ofte han ikkje tolde aa lesa timen ut. Eg kjende godt til den sjukdomen fraa ein kar eg lengi hadde vori kjend med og ei tid hadde butt saman med. Han hadde vorti sjuk paa same maaten, med spreng-lesing, og var ei tid endaa meir nedaat-komin enn Sivle; men med seig og trottug strid mot sjukdomen i mange aar, kalde vatsbyttur yvi seg um morgonen og lange turar i fri luft, kom han seg etter kvart fyri att, og er no ein verdig prestemann her i lande. Men ikkje brukte han morfin eller portvin mot sjukdomen, og ikkje var de nokon som raadde honom til de heller. Faa er vel dei lækjarar som ikkje no veit kor faarlege slike ting er aa taka til nettupp for deim som lid av ein sovorin sjukdom.

Men de vart ikkje lengi til vaare vegar skildest att, daa Sivle drog fraa byen, og ei tid etter eg med. Sidan var de berre faa gongir og stutte stundir me møttest.

Fyrste gongen, ei ti aar etter, var daa han nettupp hadde teki paa seg styre med "Kristianiaposten". Daa var han lite til aa kjenne att. Han hadde no vaksi seg "smuk og stor", og var elles og noko baus, tykte eg, mot den Sivle som eg hugsa. Hans "sogur" tok daa til aa verte kjende, og med T o r d   F o l e s o n hadde han alt synt kvar han hadde sin rette styrke. Men hans verk er no so vel kjent, so me tarv ikkje gaa meir inn paa den ting her. Kjent er de òg, kva livsstrid han hadde aa gaa igjenom, og som sistpaa lagde honom i gravi. Og me skal ikkje her freiste paa aa leggje andsvare nokon annan stad enn der de retteleg bør liggje hjaa vaksne menneskje. E i n  ting er aa hjelpe med eigi magt, so langt den rekk, og ein annan ting aa hjelpe med annan-manns eller alle-manns midel, der de alltid er nok av deim som vil krevja ein til rekneskap, naar dei fær noko aa hengje seg ved.

Skal ein nokon stad søkje eit upphav eller ei byrjing til den striden og ulukka som Sivle kom upp i, vil eg tru ein gjer rettast i aa vende seg der som han vart dregin burt fraa de liv han helst syntest fødd og uppvaksin til, eit liv i gagnlegt og helsesamt arbeid, og inn i eit skuleliv og by- og bok- og bladmannsliv, - ein veg som han hev mange ulukke-brørar paa, langt fleire, tenkjer eg, enn folk vanleg veit av. Godt skulde de vera, um baade samfundsstell og tidsaand snart vart slike at ikkje altfor mange vert drivne burt fraa de liv som kvart heilskapt menneskje er etla til, kva de so kann vera etla til attaat.

Men Per Sivle fekk no gjort gagns verk likevel, han, - for folk og land, um ikkje med de same for seg og sine. Um han vart upprivin, i den upprivande tidi de var her for dei 30-20 aar sidan, og um de reiv so mykje hardare som de var meir hald og tak i honom, so vart han ikkje nokon trave som let seg drive til aa gjeva upp og svivyrde sin heimerett og sitt nordmanns-namn. Um han laut sleppe fraa seg sume av sin barndoms og ungdoms kjæraste hugsynir og draumar; so heldt han so mykje sterkare paa de som han endaa fann feste i, fedrelande, Noregs rett og framtid. Difor lyder tonane alltid so heile og reine naar han slo paa den strengen, med ein klang som alltid vil gripe hjarto med si magt, der norske hjarto slær.