Kjerringi mot straumen

(Eventyr ved P.C. Asbjørnsen, omsett av Rasmus Flo, 1920)

Ved P.C. Asbjørnsen, omsett av Rasmus Flo

Det var ein gong ein mann som hadde ei kjerring, og ho var so tver og rang, so det var kje godt å vera i lag med henne. Mannen han visste no ingi råd med henne; det han vilde, det vilde ho alltid tvert imot.

So var det ein sundag utpå sumaren, at mannen og kona gjekk ut og skulde sjå etter korleis åkeren stod. Då dei kom til ein åker på den andre sida av elvi, sa mannen: "Ja no er den åkeren skjær; i morgon fær me til å skjera han." - "Ja, den kann me taka åt å klippa i morgon," sa kjerringi. "Kva for noko, - skal me klippa? Skal me kje få lov å skjera heller no?" sa mannen. Nei, klippa åkeren skulde dei, meinte kjerringi. "Det er aldri verre enn lite å vita," sa mannen; "men du må vel ha gjenge frå det vesle vitet du hev havt óg no. Hev du set nokon hev klipt åkeren, du?" sa han. "Lite veit eg og lite vil eg vita," sa kjerringi, "men det veit eg visst at åkeren skal me klippa og ikkje skjera," sa ho. Det var kje til å røda um det, klippa han skulde dei.

So gjekk dei burtetter og keika og tretta, til dei kom til brui yver elvi, ovanum ein djup høl. "Dei segjer for eit gamalt ord," sa mannen, "at god ambod gjer godt arbeid. Men det trur eg skal verta rar skurd som dei klipper med sauesaks," sa han. "Skal me slett ikkje få lov å skjera åkeren no då?" - "Nei nei, klippa, klippa, klippa!" ropa kjerringi, hoppa upp, og klipte med fingrane etter nasen på mannen. Ho var so ilsk so ho tenkte kje på å vara seg, fyrr ho snåva i ein stokkende på brui og stupte ut i elvi.

"Gamal vane er vond å venda," tenkte mannen; "men det skulde vera snodigt um eg ikkje fekk rett ein gong, eg og." Han ut i hølen, og fekk tak i hårluggen på henne, so vidt at ho fekk hovudet yver vatnet. "Skal me so skjera åkeren?" sa han. "Klippa, klippa, klippa!" skreik kjerringi. "Jau eg skal læra deg klippa, eg," tenkte mannen, og dukka ho under. Men det hjelpte ikkje, dei skulde klippa, sa ho, då han tok ho uppatt. "Eg kann kje anna tru enn at kjerringi er frå vitet," sa mannen med seg sjølv. "Mang ein er galen og veit det ikkje, mang ein hev vit og når det ikkje, men eg fær no freista ein gong til likevel," sa han og slepte ho nedi att. Men fyrst ho var komi under vasstrømen, so sette ho handi upp yver vatnet, og til å klippa med fingrane som med ei saks. Då vart mannen storsint, og dukka ho både vel og lenge. Men rett som det var, seig handi under vatnet, og kjerringi vart med eitt so tung, so han laut sleppa taket. "Vil du draga meg ned i hølen til deg og no, so kann du liggja der, ditt troll!" sa mannen. Og so bleiv kjerringi.

Men då det hadde gjenge ei tid, tykte han det var ille at ho skulde liggja der og ikkje koma i kristi jord, og so gjekk han ned langsmed åi og leita og sokna etter henne. Men alt det han leita og alt det han sokna, so fann han ho ikkje. Han fekk med seg gardsfolket og andre folk frå grannelaget, og dei gav seg til å grava og sokna nedetter heile åi alle i hop. Men alt dei leita, so fann dei ingi kjerring.

"Nei," sa mannen, "det kann nok ikkje nytta, dette. Denne kjerringi var no ei kjerring for seg sjølv, ho," sa han. "So lenge ho levde var ho beint på tvert, og ho kann vel ikkje vera annleis no heller,"sa han; "me fær til å leita uppetter og freista ovanum fossen, - kann henda ho hev fløytt seg uppetter."

Å ja, dei gjekk uppetter, og leita og sokna ovanfor fossen. Der låg kjerringi, det var rett nok, det. Ho var kjerringi mot straumen. ho.

 


Frå Lars Eskeland og Severin Eskeland: Lesebok for ungdomsskulen. Kristiania: Olaf Norli 1920. Elektronisk utgåve 1997 ved Jon Grepstad