Du herre som er sterk og stor

(Dikt av J.L. Runeberg, gjendikting ved Rasmus Flo)

Av J.L. Runeberg, gjendikting ved Rasmus Flo

Du herre som er sterk og stor,
Å, verje du vår fedrejord!
Ver du vår skjold i fred og strid
I medgangs og i motgangs tid.

Her ser vi det oss hugar best,
Her har vi det vi elskar mest,
Her er det landet som vi ber
I hug og tanke kvar vi fer.

Her fedrane har hatt sitt bu,
Sitt arbeid og si von og tru.
Her fekk vi huset etter deim
Med same liv i same heim.

Gud signe kvar ei trufast sjel
Som landet vil av hjarta vel!
Men den som øyda vil vår fred,
Slå honom i ditt velde ned!

Lat landet støtt få vera ditt
Og vera trygt og vera fritt,
I samhald sterkt og rikt på råd,
Og lat di ånd for styret stå!

Du lyfte det frå mørker opp,
Som blomen sprett or knytte knupp.
Så bed vi i ditt dyre namn:
Lat det i ljos få veksa fram!

Men ljoset er ditt eige ord,
Ei sol for himmel og for jord.
Lat det i all sin glans få stå
Og aldri meir ifrå oss gå.


Elektronisk utgåve 2001 ved Jon Grepstad