Vedtak paa maalmansmøtet i Bergen.

Møtet beder um:

At regjeringi syter fyr, at landsmaalet snarast vert fast fag ved seminarskularne.

At det vert fastsett, at dei, som heretter skal verta embættesmenner, maa kunna skriva landsmaal.

At hr. professor Blix maa verta fri fyr so mykje som mogeleg av sit arbeid ved universitetet, fyr aa kunna arbeida dessmeir med den norske bibelumsetjingi.

At ”Nokre salmar” vert godkjende til kyrkjebruk.

* * *

Møtet hev den voni, at me no inkje treng venta lengre, fyrr dei tingmenner, som i stortinget talar landsmaal, ogso fær sine talor upptekne i Storthingstidende paa landsmaal. Møtet uppmanar til aa halda fram med arbeidet fyr maalsaki utyver bygderne. Som ein av maatarne aa arbeida paa kann nemnast aa skipa maallag i bygder, der det let seg gjera. Hovudarbeidet maa iallfall liggja paa den leid, at fleire og fleire kjem til aa lesa og skriva landsmaal.