Rektor Steen.

(Oddmund Vik i ”Norge”).

_ _

Heime sitt den sterke Mannen

fraa dei mange Slag,

vandad, med’ han ung i Anden

slær fyr Norigs Flag,

- aldri bøygjer av fyr Skuggar,

styrer beint, naar andre ruggar

inn i Svevn og Vesaldom

og gjer Mandomsord til Dom.

 

Rak han stod paa Norigs Æra,

- vaare Folkekrav

fram til Gjerning vilde bera

utan aa slaa av.

Difyr fallen, difyr vandad,

sit som Ørn i Buret bandad,

- ser kor dei riv Merket ned,

som hans Manndom fegnadst ved.

 

Tungt maa ganga Kjempebringa

ved slik Vanmagtsferd.

Han som inkje kunde tinga

med den Redselsher

men heldt fram, som fyrrr me stemnde,

og i Kjærleik Norig femnde

og gav all si beste Magt

til sitt Folk som Fridomsvakt!

 

Manndom græt kring Norigs Strender

og i Bordet slær,

- Ungdom kryr i By og Grender

og i Harmen lær,

ser den store Mannespilla,

- ser, kor Skræmslur heve villat

Norigs Folk og gjort det veikt,

det, som nyst stod sterkt og kjeikt.

 

Merkjet held han enn i Hender

- ingen ned det vinn _,

og paa nyom Modet sender

Magt til norske Sinn,

so dei Gutar torer fylgja,

og so Rædding lyt seg dylja

fyr den Mann, som ærlegt vil

det, vaar Ungdom fegnast til.

 

Graaskjegg no, men ung i Vilje

- rakrygg er hans Namn –

stend som fyrste Mann paa Tilje

– Rædsl fyr Ulv og Ramn –

reiser fyr dei norske Menner

Syn av ein, som ikkje vende,

ikkje slengjer Fridomsord,

som dei var utslitne Skor.

 

Kvil fraa Striden, kvil i Minnet,

med’ du Merkjet held!

Samhug kviskra Ordi linne,

Mod til Livsens Kveld!

Mange fagnast ved dit Yrkja,

Ungdom vonar paa din Styrkje

til dei næste djerve Tak

fyr vaar norske Folkesak!