Fraa Stavanger.

Det er reint fælt, so Kaninane hev ”hogget ned” paa desse Kantar av Landet no iaar. var det ikkje det, ein veit, kor hole og stakkarslege dei i Grunnen er, so kunne ein reint fæla. Det gjer ein ikkje, naar ein kjenner Arti.

_ _

Lars Oftedal er no vorten Tingmann att i Plassen for Steen. Men den Maaten, han hev vortet det paa, er so skamlaus, at han ikkje skal faa stor Hugnaden av den Sigeren sin. Eg hev altid fyr trutt, at han var ein aalvorleg Kristen, som meinte det ærlegt me Læra si, men etter det eg hev set i denne Valstriden, kann eg ikkje anna kalde han for ein stor Skarv, som slær um seg med Guds Ord for aa løyna alle Fantestykki sine.

Oftedalsbladet hev heile Sumaren utigjennom drevet paa med aa fortelje Folk, at dei reine Vinstre var eit gudlaust Parti, som ein maatte taka seg i Agt for. Det vil gjeva Kyrkje yver i Hænderne paa ”Bohemere og Skjøger”, ha Religionen ut or Skulen, faa tvungent borgerlegt Ægteskap, soleis, at ein Mann kann taka so mange Konur, han vil (dette hev virkeleg Oftedals Reiskap fortalt Folk; eg høyrde det att Valdagen); skattlegga Gjætarar og Smaafolk (direkte Skatt var tolkat soleis i eit Stykkje i Vestlspl.l!) og taka all Magt fraa Bonden (Utvidjing av Røysteretten) og meir sovore fælt. Det hev ikkje i det eg veit, - og eg hev leset det trutt – i heile Sumar stadet ein einaste sakleg Utgreiding av noko politisk Spursmaal i Bladet. Berre Lygn, Vriding og Vrenging -; ja det hev endaa gjenget so vidt med dette, at Ullmann han, som so varmt hev verjat um Hanskemoralen hans Bjørnson, vart framstelt som Bohemetankarne sin Forsvarar.

Folk, som les dette, vil sjølvsagt spyrja, um Folket verkelegt var so faakunnigt, at det trur paa sovoret. Det er mest utrulegt, at so kann vera Tilfelle. Ja, Folk er dessverre ikkje komne lengre i Upplysning paa desse Kantar. So syrgjelegt som det er, er det daa sant.

Det er ikkje so rart heller. Flestalle Folk hadde lita Greia paa Politikken, daa ”Vestlp.” byrja koma ut 10 Aar sidan. Dei hadde drevet paa med alleslags religiøse Gjeremaal, Missionen ute og heime o. likn., medan dei heldt Politikken for noko stygt, som kristelege Folk ikkje maatte ha noko med aa gjera. Men daa dei saag, Oftedal tok til med eit politisk Blad, tinga dei dette – for den gode saki si Skuld. No vaknad den politiske Sansen hjaa dei litt um senn.

Oftedal var ein gild Prest, difor maatte han vera ein gild Politikker au, meinte dei; so trudde dei paa han og vart Vinstremenn allesaman. Men lengre enn til Trui paa Oftedal kom dei ikkje, og difor hev dei ogso fylgt trulegt med han no, daa han preiker ein falsk Vinstrepolitik. Han segjer, det er den same gamle, og so trur dei dette. Dei hev ikkje anna enn ”Vestlp.” og difor er det so heilt rimelegt, dei vert skakkøyrde.

Vestlendingen er sein i Vendingi, vert det sagt, og dette er sant ogso. Han er ikkje so kvik som Austlendingen og held fastare enn denne med sine uppgjorde Meiningar. Men plent difor trur eg og, at det ikkje skal vara so lang Tid, fyrr han vert god Framstigmann og Demokrat att. Han er i Grunnen svært radikal, og naar denne oftedalske Hildringi gjeng burt, skal ein berre sjaa!

Men det kan nok henda, det ikkje gjeng svert fort. I Stavanger By er det mykje gildt Vinstrefolk, som er med paa eit heilt og fullt Vinstreprogram og ikkje tuslar seg burt i alle Slag ”Hensyn”. Steen vart sakte heime denne Gongen, avdi Oftedøler og Høgre slog seg saman; men eg tenkjer, de skal ikkje gaa lang Tid, fyrr Vinstre kjem til Magti att. Det hev byrjad med Fraafall i den oftedølske Flokken, og vonlegt vert det ikkje lenge, fyrr han tek til tynas reint.

Prestemagti er stor; men Sanningi er større. Det hev Oftedal gløymt.

L. Stavnheim.