Fraa Maalmannsmøtet i Bergen.

(15de Septbr. 1888). Møtet talde ikring 80 Menner.

_ _

Til Ordstyrar vart vald E. Melvær. Referentar: Haakon Aasveien, Lars Eskeland og Olai Frøyen, skriv Firda.

Odmund Vik innleidde Spursmaalet: um me no bør skipa eit nytt Maalsamlag. Han gjekk ut ifraa, at alle, som var møtte fram, elskad Maalsaki, og at me var ferdige med Striden um henne. Her var no Spursmaal um, korleis me paa beste Maaten skulde arbeide fyr, at Maalet vart brukt i Kyrkje, i Skule og i Tingsal. Vegjerne maatte vera dei same, me hadde gjenget, sidan Maalsaki kom upp. Me kunde no gleda oss ved ei stor Tilslutning til Maalsaki, men der var ei Tilslutning, som ikkje var bra: Det var den platoniske Kjærleiken til Maalsaki – dette aa elska henne paa Avstand. Ein Gong hadde denne sitt Verd. Men inkje no lengre. Her var no Tala um verkelig Arbeid fyr Maalsaki. Det spyrst um, at dei, som elskar Maalet, no baade talar og skriv det – brukar det baade i Bok og Blad.

Det, me no hadde mest aa klaga paa, var, at Bøker og Blad kunde vera baade daarlege og for smaa, men allerhelst, at dei vart forlite paaagtad og lesne. ”Det norske Samlaget”, Husby og Litleré sine Bøker kom forlite utyver. Det svarad seg ikkje korkje fyr Bokskrivar elder Forleggjar. Maalmenner, som skreiv Bøker, kunde ikkje liva av det. Dette maatte her bøtast paa. Me hadde den Uppgaava aa faa norske Blad og Bøker lesne. Det var aa gaa dei gamle Vegjer. Men det hjelpte ikkje lenger med Snakk. Der maatte Gjerd til.

Og so maatte me tala Maalet! Me vyrdad og hjelpte Maalsaki mest, naar me snakkad Maalet. Det var ikkje faarleg aa snakka Maalet; for paa Bygderne skynad dei og likad dei godt aa høyra norsk Maal – ja ogso i Byarne. Ingen Mann elder Kvinne trong um aa blygjast ved Maalet. Me gjorde meir fyr Maalet ved denne personlege Vitning enn ved aa skriva mange Avisstykkje. I det heile kom det an paa aa visa, at det norske Maal er godt nok fyr oss baade til dagligdags- og Høgtidsbruk.

Bjørnson hadde sagt, at det norske Maalstræv var Bakstræv, og det kunde sjaa ut, som han hadde Rett, so lenge som me ikke brukad Maalet vaart. Det galdt daa aa visa, at Menner paa Høgdi av si Tid brukad Maalet i Skrift og Tale. Var det sant det historiske Grunnsyn, at inkje Folk vert seg sjølv, fyrr det brukar sitt eiget maal (Talaren nemnde Døme fraa England, Belgien osb.) so maatte ogsa me setja vaart maal i Høgsætet, um me eingong vilde verta os sjølve.

Det var sagt, at i Ivar Aasens Dikt um dei norske Fjelli hadde det norske Maal naatt det høgaste, det kunde naa. Talaren meinte, dette var eit stort Mistak; for det norske Maal aatte Emne i seg til full Utvikling jamsides med andre Kulturmaal, so me paa det Maalet kunde bera fram alt det, som rørde seg i Tidi.

Tanken paa dette skulde eggja oss til meir Mod i Arbeidet. Her hadde voret Tale um den nye Skulelog. Fekk me den, vilde det norske Maal faa et Rot meir. Men det trengdest likevel, at der i kvar Bygd stod ein Flokk, som bar Saki paa sterke Oksler. Der vilde verta ein Strid i By og Bygd, hardare enn mang ein annan Strid. Den vilde naa til Botnen av Folkelivet. Men dette vart ogso ein Strid paa Livsens verkelige Grunn. Det vart ikkje lengre Slaasting mot dei store Theoretikarar: men det vart aa rettleida dei, som maatte vera Vener, men som stengjast ifraa det av gamall Vankunne.

Kva skulde me no gjera fyr aa faa Framgongen greid og rask? Me hadde fyrr ”Det norske Samlaget” og ”Vestmannalaget”: Det siste vilde faa ei god Soge fyr sitt Arbeid med Skulebøker. Det hadde helder ikkje fordrat mykje. ”Det norske Samlaget” vart meir og meir eit Samlag fyr det ferdige i Maalvegen. Det heldt paa med Bibelumsetjingi og hadde Statstilskot. Igrunnen hadde ”Det norske Samlaget” aldri teket sterkt i, hadde aldri gjenget i Fyrevegen fyr aa hjelpa djerve Verk fram. Talaren vilde ikkje lasta Samlaget. Me hadde trengt det, og me trengde det endaa – og det i den Skapnad, det hadde.

(Meir).