Fraa Illinois skriv S. S. T.

Ein kan ikkje her i Amerika raka Penger i hop helder. Det maa ingen tru. Det er knapt nok for mange. Det er so mykje dei grev til maten. Ja, mange legg seg upp pengar og. Men daa fær dei ikkje sova tidi burt. Dei som skal tena ute hjaa farmararne maa vera upp kl. 4-5 og so stend dei i arbeidet dagen lang. Og norskarne skal vera verst til driva, segjer dei og so sume af irlændararne.

Dei talar um amerikansk fart. Og jamin san er det fort og; fort maa det gaa. Ikkje kvila all dagen – um sveitten renn, so kvar klædestraaen er vaat som skulde han vore i vatten. Eg for min del har ikkje voret ute stort hjaa farmarane. Men eg ha daa prøvt og so set paa dei andre. Folk drepa seg mest mæ arbeid. Men mange av dei, som eiga faren, kan berre aga og sjaa paa arbeidsfolki sine, elder dei kan køyra ut og sjaa til.

No stunder valet til. Dei skal ha seg ny præsident, veit du. Og daa pla nok amerikaneren vera ivrig. Republikanararne vil ha ein mr. Benjamin Harrison. Men her er mange parti, 5-6 eller 7 og kvart set upp sin president. Eg høyrer dei kjeftas og kjyter og spyr kvarandre um du er republican – elder demokrat. Og mange stader rundt her skal agitasjonen vera i full gang – segjer dei.

 

Med veret har det i sumar været bra. Ikkje har det voret fælt varmt og ikkje mykje regn – so passeleg. Jau 31 juli var det varmt – 100 grader F i skuggen. Daa skulde de kjent varme i skrotten. Eg laag paa eit golv og latat meg – midt paa dagen, men endaa var eg vaat av sveite. Kl. 3-4 vart det eit ausregn so fælt – so fælt. Og toreslaatt og lyneld – so eg hadde lyst til aa segja som ho gamal Hildegunda sa, naar det var tore og lyneld: ”I dag er Vorherre vidle, du”. Igaar var det kalt igjen. Svert snart det er til aa forandra seg med veret her.

Dei faa vist eit godt aar farmarane rundt i Ill. ikkje anna eg har høyrt. Høy og korn i mengdevis. Dei har faatt inn høyet, no held dei paa med aa skjera kornet. Længer fram paa hausten tek dei maisen.

No lyt du Fedraheim bera helsing fraa meg til kjenningar – segje med dei, at dei tarv ikkje reisa til Amerika – utan for aa sjaa seg um. Ein kan ha godt av det og. Og lærarar og lærarinnor som ikkje er vande med tungarbeid, maa aldri tenkja paa det. Byggje Norge upp.