Ein draum.

(R. Løland).

Snøstormen foor sudyver dei amerikanske sletterne, medan dagen graanad langt i aust. Skyhimlen hekk laag og graa nedyver vidderne, som breidde seg aude, vinterkvite og endelause til alle kantar. Eitpar landsbyar kom tilsyne langt vestpaa, daa snøkavarne lagde seg litt av og til. Det var, som um husi var kropne saman til eitpar graa klumpar til livd mot uveret. Berre nokre smaa hus endaa lenger vest paa sletta stod forlangt ifraa til aa koma med i nokor av desse klyngjarne. Dei var tri-fire i talet i ein krins og med snøskavlar til langt upp paa veggjerne.

Dei saag mest ut som uthus utan livande i; men daa morgonrøykjen, tok til aa stiga upp fraa husi i landsbyarne, byrjad der aa rjuka fraa det eine huset vest paa sletta og, og um ei stund kom der eit inntullat kvinnfolk ut og gjekk yver til eit av dei andre husi. Dei var ikkje store, um ein kom nærare heller; men dei var fast bygde til aa standa ein storm, og mannen, som budde for seg sjølv her ute for snøstorm og uver, var ein kjend mann i grannelaget. Det var den gamle, rike farmaren Ivar Hustveit.

Veggjerne var tildrevne med snø i alle revner til uppunder tekkjet, han hadde fest seg paa raamerne kring ruterne i stova, so berre ein liten flekk øvst paa var rein; men inn gjenom nokor rivna kom han ikkje. Innanfyr var der varmt og lognt. Det brann og durad i omnen, so der stod raude eldtunger ut gjenom trekkholet, for kvar gong dei sterkaste vindstøyti kom.

Elles var der stilt i stova. Der var tri menneskje inne; men dei var endaa ikkje uppe. I ein benk burte ved omnen stakk hovudi av eitpar sovande born fram, og i sengi lenger inn laag ein gamall mann med graakvitt haar, kvitt skjegg og rukkut andlet. Det var den gamle husbonden, Ivar Hustveit. Han hadde vakt lengje um notti fyr stormen og nyleg reist seg i sengi og set ut att; men no saag det endeleg ut til, at uveret byrjad aa leggja seg, og han gleid roleg ned paa hovudputa att og laag med lukte augo, som um han sov.

Det var ikkje alle dagar, han hadde kunna liggje so trygg um morgonarne, um det var uver og kaldt ute.

Han var ein av dei fyrste utvandrarar fraa ei fattig tettfolkat fjellbygd heime i Norge. For snart fyrti aar sidan steig han iland med den unge kona si. Ho hadde tent hjaa far hans derheime, og dei hadde funnet einannen og lært aa halda av einannen paa sætri og i skogen. Men bygdi var tettfolkat, so der snaudt var ein husmansplass aa faa, og han hadde seks brødrar og ingen arv aa venta. Det var daa ikkje aa tenkje paa, at dei kunde koma saman. Daa var det, at dei var samde um aa vandra ut til det æventyrlandet i vest, som der tok til aa ganga store ord um i bygdi.

Her stod dei daa framkomne, fulle av gode voner, men snaudt med ein skilling i lommen. Det var likevæl ingi sak dengong. Der var jord aa faa for mest ingenting, og dei drog trøystug saman med ein flokk sambygdingar vestyver sletterne, der denne jordi var aa faa, og slog seg ned der.

Der var der rom nok, men vidderne var endaa aude og folketome. Dei maatte bu i jordbytter kringum i jordbroti, fyrr dei fekk seg hus. Daa Ivar fyrste gongen hadde slæpt saman til ei stova, vart ho strakst etter øydelagt av storm. Aakermarki lagde han for nære elvi i byrjingi og fekk avgrøda i tvo aar øydelagd av flaumar. Borni, som var fødde i jordhytta, heldt det ikkje lengje ut der: dei visnad burt og døydde det eine etter det andre, so berre det siste, ei dotter, kom til aa liva, og kona gjekk snart same vegen som borni. Ho bleiknad av i den framande luft og under det harde arbeide fraa aar til aar, so ho sistpaa saag ut som eit beinskrammel.

Der var ikkje doktor i nærleiken dengong, og dei hadde helder ikkje raad til aa henta doktor. Ho klagde seg helder ikkje sjuk, og der var ingen, som viste, kva ho leid av. Soleis gjekk ho i sju aar; daa fann han henne kald og stiv i sengi, eingong han hadde voret burte i nokre dagar og arbeidt hjaa ein amerikanar. Der stod han yver det kalde liket med eit einaste barn. Ei etter ei av dei fagre vonerne, han var reist heimanfraa med, var vortet til inkjes, og han hadde fengjet graa haar i fyrtiaarsalderen.

Men han gav likevel ikkje tapt. Han hadde formykje aa gjera rundt ikring seg til aa lata seg brota ned av sorg. Han hadde nytt land aa brota, nye hus aa byggja, og han arbeidde seg fram med jarnvilje og med større og større røynsla. Der kom nye nybyggjarar og slo seg ned paa alle kantar, jordi steig i verd, og det vart gode tider. Daa vart løni for alt arbeidet hans ikkje burte. Han vart ein rik mann og sat no paa den mest velbygde og veldyrka garden vida ikring. Dotter hans var tidleg burtgift, og daa mannen hennar døydde, hadde han teket tvo av borni hennar til seg. – Han kunde endeleg unna seg kvilestunder etter arbeidet og slæpet og sjaa attende paa dagsverket sitt.

Men aari var gjengne, medan han hadde slæpt fyr aa naa dette maalet. Han var vorten gamal og bøygd, og no, daa han kunde kvila seg, var lemerne vortne for stive og verkjande av arbeidet til aa kjenna det gode i kvildi. Det var, som um den sterke mannen med eit var fallen saman, sidan han ikkje lenger kunde arbeida som fyrr, og sidan arbeidet ikkje lenger var hans daglege slit.

I yver tredive aar hadde han voret so upptekjen av strævet med aa berga seg aa slaa seg fram, at tankar og minne var heldne burte paa ei vis. Det hadde altid voret stridt nok kvar vaar, naar det grønskad yver dei bleike, opne sletterne. Det minte um ein annan vaar med grøne solbakkar og fossande elvar og snøløysingi, um grøne lidar og roing til kyrkja paa det isløyste vatnet derheima. Og det minte um kona; som han paa ein slik vaardag fann kald i sengi. -

Daa hadde arbeidet voret lækjarraadi til aa døyva tankarne; men no var det ikkje so lenger. No hadde han so god tid til aa sjaa attende – gamle tankar og minne hadde so god tid til aa brota fram att lik saar, som i mange aar hev voret yvergrodde med ei skorpa, men aldri voret friske innanfyr.

Folk sagde, at han hadde kvitnat meir og var vorten meir skjelvande det siste aaret enn fyrr paa mange aar. Folk, som ikkje hadde høyrt honom klaga seg i motgongen, saag tidt dropar i augo og skjelving kring munnen hans, naar der vart snakk um gamle minne og kjenningar og gardar heima i fjellbygdi, og han vart tidt sedd paa kyrkjegarden, der kona og borni og snart alle av det fyrste utvandrarfylgjet var samla.

Det var, som um han hadde kviknat upp nokot for ei tid sidan. Der var komet ein ny utvandrar heimanfraa bygdi. Han hadde helsingar fraa skyldfolk derheima og var her joledagarne yver. Men no var han reist att, det var vortet snøstormar og isande vinter, so den gamle ikkje hadde kunnet koma utanfyr døri til nokon av grannarne elder dei til honom paa mange dagar. Og no laag han i sengi med lukte augor i graaljosingi, medan snøstormen susad og durad utanfyr.

(Meir).