Ein Storkar paa bondefriing.

_ _

Der var eingong ein storkar, som ei natt skulde ut paa bondefriing. Men hadde han visst fyreaat, kor det skulde gaa, so er det von aa tru, at mannen hadde voret heime.

Der var ei gjente i nærmunom, som mannen hadde lagt hug til. Ein dag var dei baae tvau hjaa landhandlaren og kom til aa gaa ilag heimatter. So snart dei kom paa tvomanns hand spurde storkaren, um ikkje gjenta vilde taka seg ein tur. Men det kunne ho ikkje gaa med paa for husbonden si skuld. ”Men vil du meg noko, so kann du koma upp paa loftet til meg i kveld”, meinte ho. Ja det vilde han no helst. Og so skildest dei.

Daa gjenta kom heim, fortalde ho, kva samrøde ho hadde havt med storkaren. Men daa husbonden fekk høyra dette, kann du tru, han fann paa raad til aa gjera storkaren ei prette. Han leet drengen taka på seg gjenteklædi, og so skulde han leggja seg i sengi upp paa loftet. Og alle hine husfolket sette seg til ned i stova og bles ut lampen, daa det leid fram til kl. 11 for aa venta paa storkaren.

Daa klokka var 11 kom han, tok styvlarne av seg uti gangen og kraup uppigjenom loftstroppi so lett som ein katt, kom seg inn paa loftet og til aa leita etter sengi. Sengi fann han snart, for han høyrde, kor gjenta snorkad so fint. Breidde av henne aaklædet so halvt og ruskad i henne, so ho vaknad.

”Kven det er?” kviskrad ho.

”Det er eg”, kviskrad storkaren.

”Aa er det du; du maa vera still!” kviskrad ho.

”Ja som mur”, kviskrad han, tok upp nokre peparmynte og stoppad i munnen paa henne.

”Eg er rædd, dei høyrer det ned i stova”, kviskrad gjenta.

”Aanei”, kviskrad han og drog seg so fint upp i sengi og til aa taka gjenta um halsen. –

Men best som dei var, foor storkaren sendande burt gjenom myrknet og datt so lang han var flat ned paa golvet. Eit skræmelegt brøl og ein fleskeeid kom fraa storkaren; ein ristande skrellelaat kom fraa honom burti sengi, og so med ein gong stod det aa ende med laatt nedi stova. Storkaren, som tenkte, at hans siste time var komen, var ikkje lenge um aa koma seg paa beini og foor som ei flugse ut gjenom dyrri og var glad, han kom seg heilskinna fraa den røvarkula.

Fyrst daa han hadde sprunget eit heilt stykkje, kjende han, at det vaatnad so umkring beini. Daa fyrste kom han paa, at styvlarne hans stod att der inn i gangen. Men dei laut i den og den sitt namn staa der dei stod den natti. Der var ikkje raa for anna.

”Og so gjev dekeren ta alle bondeheksur, som krabbar og kryp paa denne kolsvarte jord”, storbannad han for seg sjølv, daa han vaat av ausregnet slabbad seg inn paa hybelen sin.

(Y. i Vestm.)