50 Enkjur og Frøken

50 Enkjur og Frøken av den ”saakaldte bedre eller dannede Klasse” vil faa det godt no. Nokre Rikfolk i Kristiania hev nemleg gjeve burt ei gild Løkke ved Drammensvegen og 800,000 Kr. til fritt Hus og Ved og 32 Kr. Maanen i Lummepengar aat slike Kvende.

__________

All denne Eigedomen er fraa fyst av Arbeidsløn, som Rikmannen hev dregje unda Arbeidsfolke og lagt i si eiga Lumme. Det var daa aa venta, at naar gjevmilde Tankar kom over Rikmannen, at han gav attende aat Arbeidsklassen og dermed sae ein høveleg Takk for Laane.

Men nei det ser ein aldri. Det er berre dei ”saakaldte bedre Klasser”, som skal hava det. Det vil segja slike, som aldri i sin Dag hev vore Arbeidsfolk, og som no er for late til aa arbeida og held seg for gode til aa tigge. Dei berre byter imillom seg Storfolka.

*) Eg gjekk ikkje.