”Livssynet”.

Her um dagen fann eg millom andre Brevsaker eit fint lite Brevkort, som hev slik Paaskrift: Statsminsiter Sverdrup med Datter giver sig den Ære at indbyde Herr Statsrevisor Garborg til Souper i Stiftsgaarden Onsdagen den 5te mai 1886 Kl. 8.”

- 1886! Berre tvo Aar sidan! Eg var den Gongen likso fritenkjande i Trui som eg er no, og i Moralen var eg ikkje likare, enn at eg (Aare fyrr) hadde skrive i ”Nyt Tidsskrift” eit Stykkje ”Constance Ring”, som inneheldt alle dei ”Bohême”tankar, som sidan er framsette baade i ”Mannfolk” og annanstad.

Og endaa var eg god nok til aa koma til ”Souper” (Kveldsmat) i Stiftsgarden*)!

- ”Livssynet” maa ha skift paa desse tvo Aari.

Arne Garborg.