Ein Selle.

 
(Del 10 av 10. Fyrste delen.)
 
(Framhald).
 
 
Aa so godt som eg sov den Natti. Eg vaknad ikkje fyrr langt paa Morgonen, daa Soli stakk meg i Augo. Kleveglaset snudde ende mot Soli og eg laag der.
 
Og slik ein Gnavl som det var derinne imot so stilt sem det var fyrr, det ramlad og rullad etter Bordet noko, og so heldt det paa og røda att i millom; jau no kom eg ihug, Bakstekjeringi med Ungarne hadde komet, eg hadde reint sovet burt alt saman eg no.
 
Klevedøri stod uppe, so eg kunne høyra alt, som dei sagde. Ho fortalde nok Æventyr til Ungarne sine, var det likt til. Det var um Kvitbjørn; aa det hadde eg høyrt, naar eg var ein ørliten Gutunge; og naar ho fortalde kom eg ihug eit og anna av det. Eg vart liggjande og lyda paa, alt til Æventyret var ende. Og daa bad Ungarne um aa faa eit til, og ho fortalde, Men det du var noko aa lyda paa, eg totte plent eg hadde vortet som liten att. Eg veit ikkje korlenge det var paalag eg laag og lydde. Men daa ho endeleg sluttad, ruslad eg meg upp. Daa eg kom inn, sprang Ungarne imot meg, tok meg um kvar sitt Kne og kallad meg ein Sjausovar, Storsovar elder noko. ”Eg meiner eitkvart rid Dykk”, sagde Mori, det var paa eit hengjande Haar, at dei hadde rivet meg yver ende. Og so tok dei meg i kvar si Haand og foor ikring i Stoga med meg. ”Men vil de no halda upp daa”, sagde ho. Farten stansad daa lite Grand, sovidt eg fekk slengja meg ned paa Krakken. Kaffe’n stod paa Oska og ventad, og so reiste ho seg upp, skok Mjølet ned paa Bordet, tok med seg Kaffikjetlen og slo i ein Kopp, rigtig god Kaffe. Og so tok ho fram Smør og Ost og ei varm Braudlefse, og so som eg aat du. So godt hev eg ikkje etet paa mange Aar. Eg gaadde ikkje aat, fyrr eg var so sprengmett, at eg snaudt orkad koma meg upp or Sætet. Eg trur plent det var tri Kaffikoppar eg drakk. Og etterpaa var eg so doven, som um eg ikkje hadde sovet heile Natti.
 
Daa Ungarne saag, at dei ingen Veg kom med meg, kilad dei burtil Mor si og bad ho fortelja seg fleire Æventyr. Og ho byrjad att.
 
Eg tullad ihop Kvardagstrøya mi og lagde under Hovudet, og so rakte eg meg raklang etter Benken. Eg laag med Augø att, so Ungarne trudde eg sov, men det var no berre ein Lensmanssvevn, so eg høyrde alt ho fortalde. Eg høyrde ho fortalde um Gutungar, som kom til fæle Troll, um Oskefisar, som vart Kongar, og Prinsar og Prinsessur so gilde, at det lavde av dei. Eg foor so heiltupp burt i det ho fortalde, at eg var med sjølv alle 
Stader.
 
Daa det leid utyver til Middag, kjende eg daa, at den verste Dovenskapen hadde faret av. Eg røyvde meg upp, tuslad uti Kleven etter Grautegryta og skulde koka Grauten aat meg. Men du store Bisn, kor skulde eg faa koka no, daa Takka laag paa; jau so fann eg daa paa ei Raad, murad upp ei Eise av runde Steinar. Og so karad eg Varmen derunder. Eg saltad Grauten, fann fram Tvore og Mjølkopp og sette meg til aa venta, at ho skulde koka. Kjeringi bakad, Ungarne hadde floget ut og heldt Moro.
 
Jau endeleg saud daa Grauten, eg eg byrjad til aa røra. Men daa han hadde vortet noko stinn og eg skulde til aa stampa, tok eg i so hardt, at Steinarne ramlad ned, Gryta paa Kant, so at Grauten fløymde ned, og eg min Stakar vart so forstøkt, at eg ikkje samlad til aa reisa upp att Gryta, fyrr all Grauten hadde runnet ut. Men ingen Ting var daa verre enn, at eg hadde ein fillutte Sko, som Taai stakk utgjenom, og der kom ein Mengde kokande Graut. Eg hivde Tvora aat Oska med eit fælt Skrik og hopapd nordyver Tilet, bevare meg, kor vondt det gjorde. Burtpaa Tilet stod ei Vatsbytte, og dit flaug eg med Foten, ho stansad Svidingi daa, veit du.
 
”Hu”, skreik Kjeringi og flaug upp fraa Bakstebordet, men daa ho kom for seint til aa hjelpa paa noko av Grauten, seig ho ned i Benkekraai og lædde, so ho mest kovnad. Men eg lædde ikkje eg der eg stod, Taai tok til aa svida att, naar eg hadde fenget ho utor Vatsbytta, eg kunne ikkje standa der jamt, veit du. Eg reiv av meg Skoen og Sokken og det var ikkje Under, at Taai svidde, ho var so raud som ei mogi Njupe, og Hui hekk i Smaaflengar.
 
”Men det er daa ei stor Synd aa læ aat deg og”, sa Kjeringi, ”aa bevare koss du hev faret aat deg”, sagde ho. ”Kva i Verden skal eg hava paa”, tautrad eg. ”Eg veit sanneleg ikkje annan Raad, enn du fær tyggja Treak og Aalund og spytta nedpaa”, sagde ho. ”Ja men Treak og Aalund hev ikkje eg”. ”Du skal faa lite av meg”, sagde ho.
 
”Sigbjørn”, skreik ho, Guten kom snøgt som ein Eld. ”Aa spring heim etter den vesle Pakka, lat oss sjaa, ho ligg i den vesle Øskja inni Skaapet”. Gutungen foor av Garde. Han var ikkje burte meir enn ti Minuttar, men eg totte daa dei var lange, det svidde, so eg maatte sitja blaasa paa. Daa han kom, tok eg til aa tyggja og spytta. Daa eg hadde haldet paa med det ei tid, kom Kjeringi med ei kvit Linfille, som ho batt ikring, Ungarne stod so sturleg og saag paa.
 
Ja no segjer det seg sjølv, at ikkje eg kunne koma ut og grava Veiter den dagen.