[Tidender.] Den danske Striden.

 
Folk minnest, at det danske Tinget vart heimsendt. No er det komet tilsaman att. Ministaren Estrup, hev no funnet paa nye Raader, men det er underlege Raader, Maken hev ein aldri høyrt.

No var det Finansforslaget dei ventad paa, som han lovad aa setja fram den 21de November. Og dei tenkte daa, at det no skulde koma straks. Ved Middagsleite den 18de kom Estrup, men han hadde nok ikkje med seg nokon Finanslov, den vilde han indtil videre lata vera aa koma med. I Staden kom han med eit Forslag til Grunnlovsforandring. No er det so, at naar baae Tingi ikkje kann semjast um Pengetillatingar, so kann det ikkje verta noko av det. Og no veit han, at det vil ganga so, at det aldri vil verta Samstelling millom Tingi paa det han vil. So segjer han det til Tingi: Vedtake no ein Lov, lat kvart Ting velja seg ut 10 Mann, og naar det daa vert Usemje millom Tingi, so skal desse 20 Mennerne koma saman straks og avgjera Saki. Og soframt Saki ikkje kann faa reint Fleirtal millom dei helder, so skal det dragast ut ein Røystesetel av dei, som kvar av dei tjuge hev sendt inn, og slik som daa denne Setelen lyder, anten ja elder nei, so skal det verta.

Det er greidt aa vita, at Folketinget i slike Tilfelle vil velja 10 reine Vinstremenn (10 Neiar) og Landstinget 10 Høgremenn (10 Jaar). Og dei vil aldri kunne semjast til noko Fleirtal um det, som Estrup kjem med. Og daa vert Endelykten den, at dei fleste Saker vert avgjorde ved Lutdraging. Ein fljugande ny Statsskikk, som ikkje er innførd i noko Land endaa, og som Estrup hev ære av aa hava funnet upp. Lettvint er det i det minste. Daa kann dei spara seg baade Utgreiding og Ordskifte um Sakerne, naar dei so veit, at det kjem til aa setjast paa Kant likevæl. Men underleg vert det lagat, ein Dag ja og den andre nei. 
Um soleis Estrup krev 4000 Hestar, 4000 Begsl, 4000 Sadlar, 4000 Gjurder, so kann det dragast ut eit ja for Sadlarne og Begsli og dei fær daa Estrup, men nei for Hestarne og Gjurderne, og dei fær han soleis ikkje.

Folk vil mest ikkje tru seg sjølv, at slikt skal vera Aalvor, det liknar meir ein Jolespøk, tykkjer dei. Men det er daa visst likevæl. Men slikt gjeng ikkje gjenom kann ein vita.