Lærarutdaningi.

 
Det hev i dei seinare Aar voret under Samtale, korleis Læraren best skal faa si Daning. Mest alle er einige um, at Seminardaningi, som ho no er, ikkje høver med Tidi. Mange segjer, at Læraranne ikkje fær nok Kunnskap paa 2 Aar, me maa soleis hava 3 Aars Læretid. Andre held ikkje dette fram so sterkt; men dei segjer, at Ordningi ved Lærarskularne vaare ikkje duger.
 
Ein høyrer jamt klaga yver Seminari vaare. Dei unge Gutar, som kjem derifraa, er oftast misnøgde med Stellet der. _ Slik det er no, maa det vera soleis. Dei, som søkjer Seminari, er oftast dei evnelegaste og kvikaste Gutar i Bygderne. Dei hev ofte voret ved ein Høgskule elder ein Amtsskule og hev soleis gaatt i Skule hjaa Menn, som arbeider for vaar folkelege Reisning paa alle Leider. Gutarne er daa ofte sjølv glade i dette Arbeid. Dei vil gjerne sjølv vera med i det. Dei fleste likar ogso Vinstrepolitikken. _ Naar dei no kjem til Seminaret møter dei reint andre Meiningar um mest alle Ting. Dette argar unge og glade Gutar, so dei gjerne vilde reisa sin Veg, naar ikkje Eksamen var bunden til slike Anstaltar, og honom vil dei no gjerne hava, so dei kann faa seg ein Post og tena lite Pengar, daa dei fleste er fatige Gutar.
 
Dei les for Eksamen si Skuld og vert lesehestar og Eksamenstrælar. Det er vist ikkje like kleint ved alle Seminari; men slik var det for ni Aar sidan ved det Seminar, som eg hev voret paa, og eg veit, at det ikkje er likare der enno. Ein ser og jamt dei andre Seminari klandrad. Me maa snart faa ei Reform i Lærardaningi.
 
Kjem ein so med Spursmaal, um Læretidi ved Seminarskularne ikkje no bør faa eit Aars Tillægg, so trur eg, at Svaret maa bli, at ei slik Boteraad ikkje vil hjelpa. Gutarne kann visst faa noko meir Kunnskap ved ei slik Ordning; men meir Aand og Liv vil dei snaudt faa. Kunnskapen og Aanden vil vel mesta bli av same Slag som no; og daa segjer eg, at dei hev nok av tvo Aars Læretid. Eg trur og, at dei som skal verta Lærarar, treng meir Kunnskap enn dei fær; men det kann dei faa paa anna Vis. Me hev no faatt Folkehøgskular, Amtsskular og sume Stader Middelskular utyver Bygderne. Dei allerfleste av dei, som no kjem til Lærarskularne er mykje meir fyrebudde, enn dei var for ti Aar sidan. Dei fleste hev gaatt paa ein Folkehøgskule elder Amtsskule, ja sume hev endaa Middelskuleeksamen. _ Likevæl krev Skularne dei same Kunnskapar ved Upptakingi og ved Avgangen, som for ti Aar sidan. Paa Papiret iallefall. Eg veit nok, at dei i Røyndi krev meir no. Det vil daa segja, dei tek dei Gutarne inn paa Skulen, som kann mest. Men heile Ordningi er den same som fyrr. Undervisningi drivst paa same Maate; og Gagnet av det heile blir og umlag det same som fyrr. Det maa kunne gjerast meir paa tvo Aar med dei Emne, som no kjem til Skularne enn med dei, som kom, fyrr me fekk Høgskular, Amtsskular o. l. Det bør soleis krevjast meir ved Upptakingi paa Seminaret no enn fyrr. Ordningi ved Skularne maa bli ein annan. Dermed trur eg, at Kravet um meir Kunnskap vert fullnøgt. Ein hev mang-ein Bate ved aa hava voret saman med fleire Menneskje og voret Lærling av fleire Lærarar. Ein fær rikare Utvikling og Evni kjem meir fram, enn naar ein berre hev voret paa ein Stad og havt faae Lærarar. Lærarskularne maa bli meir Serskular og ikkje so mykje aalmendanande Skular, som dei no er. So bør me tenkja paa aa faa ein Lærarhøgskule, slik som P. Voss hev haldet fram.

Eksamen for Lærarar bør ikkje vera ved Seminaret. Han bør helder ikkje haldast av Læraranne ved Skulen som no. Me maa faa Eksamenskommissjonar for dei, som vil bli Lærarar og. No er ein heilt i den Lærars Vald, som ein hev voret Elev hjaa. Er ein 
Godven med han, ja, so er alt godt og væl; men hev Læraren lite mot ein, so kann det nok blive taget Hensyn til ved Eksamen. Det er ikkje mi Meining, at Seminarlæraranne er so urettferudge; men det er umogelegt aa døma ein, som ein mislikar paa same Vis, som ein dømer ein, ein likar godt.
 
Fær me Eksamenskommissjonar, kann det og verta mogelegt aa leggja ivegen med frie Lærarskular. Kapplaupet er godt i mange Maatar, og eg trur ikkje, det vilde gjera vondt der helder. No som det er, hev Seminari ingen Medtevlar. Dei unge Menn, som vil verta Lærarar, dei maa dit og maa bli der, anten dei likar seg elder ikkje, og slike Tilstand er ikkje gode.

A. N. ... k .