Harangfela


(Tormod Knutson)

.


Dine Strengjer dei gøymer ein underleg Laat

av fløymande Tonar med Smil og med Graat.

Det harde og milde med daarande Magt

i Tonarne dine er underleg lagt.


Der høyrer eg Tungsinn og graatande Sut,

eit klagande Sukk ifraa bergteken Gut

_

med Lengt og med Draumar, som Løysing ei fann

_

som leid og som stridde, men vann inkje framm.


Der leikar og Sæle og sprettande Liv

so vænt som ein Vaardag, naar Soli ho skin.

Ja daarande Lukke med Elsk og med Song

i Slaatten eg høyrde so mangen ein Gong.


Dei Sitrarnes skjelvande, hugsaare Dur,

det Hugverken er som i Folket der bur.

Ein Otte i Barmen det stødt liksom sviv,

um Skjemtord og Song ifraa Munnen det driv.